Denne artikkelen er produsert og finansiert av Politihøgskolen - les mer.

– Dess sterkare konfliktlinjer ein har i samfunnet, dess sterkare organisasjonar finn vi på kvar side. Då er det lett for organisasjonane å mobilisere folk til protest, men dei mobiliserer sine eigne, seier forskar Marie-Louise Damen.

– Kven som blir med i ein demonstrasjon, er ikkje tilfeldig

Unge og svarte demonstrerer mot rasisme i USA, medan europeiske demonstrantar er frå eit breiare lag av folket, trur forskar. Om det stemmer, er det ikkje tilfeldig.

I mai og juni tok demonstrantar til gatene for å markere sitt standpunkt mot rasisme. Særleg i USA var det store protestar utløyst av dødsfallet til 46-åringen George Floyd, der ein politimann er sikta for drap.

Kven er det som tar del i slike demonstrasjonar? Og høyrer demonstrantane i USA og Europa til dei same samfunnsgruppene?

– Sjølvsagt er det førebels ingen som veit dette sikkert enno. Men basert på forsking eg har gjort tidlegare, trur eg at demonstrantane i USA kjem frå meir einsarta grupper enn i Europa, seier Marie-Louise Damen, forskar ved Politihøgskolen.

Protestar kjem i bølgjer

Rasisme og politivald har ei lang historie i USA. Demonstrasjonane har vore mange. Temaet har blitt politisert, det har fått eit politisk innhald. Dette har ført til sterke sosiale rørsler som kan mane til protest.

Når eit betent tema blussar opp att etter at noko har skjedd, i dette tilfellet dødsfallet til George Floyd, finst det allereie ein organisasjonsstruktur som lett kan mobilisere medlemmene sine. Desse mobiliserer igjen venner, kollegaer og familiar, ifølgje Damen.

– At rasismedebatten i USA er svært politisk, kan medføre at nokon er veldig engasjerte, medan andre skremmast bort. Dei ønskjer ikkje å identifisere seg med desse organisasjonane, seier Damen.

Marie-Louise Damen er forskar ved Politihøgskolen.

Meir einsarta grupper i USA

Damen trur at demonstrantane i USA i større grad fell innanfor visse samfunnsgrupper enn i Europa. Ho trur at det særleg er to grupper som demonstrerer i USA: svarte borgarar og unge.

– Mange svarte demonstrerer nok fordi dei kjenner seg direkte ramma. Er du ung og kvit, er du ikkje nødvendigvis direkte ramma sjølv. Då demonstrerer du heller fordi dei antirasistiske verdiane dine er truga, seier Damen.

Ho understrekar at ho ikkje kan vite sikkert kva grupper som er ute i gatene.

– Forskarar i USA er no ute med spørjeskjema for å finne svar på nettopp desse spørsmåla.

Svakare organisasjonar i Europa

I Europa har rasisme i mindre grad blitt diskutert enn i USA, ifølgje Damen.

– Det finst sjølvsagt sosiale rørsler som har kjempa mot rasisme i årevis, men så lenge eit tema blir lite diskutert, er det ikkje mange som engasjerer seg.

Mange studiar har tydd på at fleire går til gatene når dei er overtydde om at demonstrasjonen er effektiv. Andre faktorar som speler inn, er at folk identifiserer seg med den protesterande gruppa og at dei opplever at noko kolliderer med verdiane deira.

– Alt dette blir forsterka av kraftige kjensler som sinne eller indignasjon, seier Damen.

Er eit tema mindre betent, må organisasjonar bruke større krefter på å mobilisere folk til protest. Dei kan ikkje berre gå gjennom eigne kanalar. For slike organisasjonar er sosiale media spesielt viktig.

– Det fører til at gruppa som samlast på gata blir meir variert. Sannsynlegvis er derfor fleire samfunnsgrupper representerte i demonstrasjonar i Europa enn i USA.

Demonstrasjonar under finanskrisa

I boka Social Stratification and Social Movements: Theoretical and Empirical Perspectives on an Ambivalent Relationship har Damen skrive eit kapittel i lag med professor Jacquelien van Stekelenburg frå Vrije Universitet i Amsterdam.

Her tar dei to forskarane føre seg demonstrasjonar i Europa i tida rundt finanskrisa i 2010.

Dei ser at det i land med sterke konfliktlinjer mellom sosiale klasser, som Spania og Storbritannia, var meir einsarta grupper som tok del i demonstrasjonar enn i land som Belgia og Nederland.

Sterke konfliktlinjer inneber at det er ei tydeleg inndeling av individ, grupper eller organisasjonar i samfunnet og at denne dannar grunnlag for konflikt.

Gjeld inndelinga sosiale klasser, viser dette seg mellom anna i høg arbeidsløyse, stor oppslutnad om fagorganisasjonar og store skilnader i lønsnivå.

Land og by, vinnarar og taparar

Også i USA er konfliktlinjene no sterke, påpeikar Damen.

– Konfliktlinja mellom svart og kvit i USA er sterkt politisert og tydeleg. Dette betyr sterke sosiale rørsler og politiske parti som følgjer den same konfliktlinja.

Alle land har fleire konfliktlinjer mellom grupper, påpeikar ho, men kor sterke desse er, kan variere frå land til land. Det kan også endre seg over tid. Skiljet kan gå mellom land og by, kyrkje og stat, sentrum og periferi. Det går også ei nyare konfliktlinje mellom vinnarane og taparane i globaliseringa.

Einsarta grupper kan vere store

Viss dei som demonstrerer kjem frå ei einsarta gruppe, betyr det ikkje nødvendigvis at dei representerer eit fåtal. Alle menneske er med i fleire ulike samfunnsgrupper: Nokon er store, andre er små.

– Eit tema kan vere viktig for ei stor og einsarta gruppe, for eksempel alle kvinner eller alle svarte i USA. Eit tema kan også vere viktig for ei lita gruppe som er sett saman av alle lag av folket.

Eit eksempel på det siste kan vere ein vindkraftdebatt der lokale innbyggjarar går saman og protesterer, ifølgje Damen.

– Ved ein slik lokal protest kan alle innbyggjarane vere representerte, uavhengig av faktorar som kjønn, klasse, utdanning eller politisk parti.

Kan alltid føre til agendasetting

Damen trur ikkje at det er nokon samanheng mellom kor mange grupper som er representerte i ein demonstrasjon og kor vidt politikarar lyttar til bodskapen dei kjem med.

– Eg har ikkje sjølv forska på konsekvensane av demonstrasjonar. Men politikarar skal handle på vegne av alle borgarar, også små grupper i samfunnet. Demonstrasjonar kan alltid føre til agendasetting og sosial endring, seier ho.

Referanse:

Sabrina Zajak og Sebastian Haunss: Social Stratification and Social Movements Theoretical and Empirical Perspectives on an Ambivalent Relationship. Bok utgitt på Routledge, 2019. (Samandrag)

Powered by Labrador CMS