Denne artikkelen er produsert og finansiert av Politihøgskolen - les mer.

– Politiet er framleis altfor opptatt av enkeltepisodar av vald. Dei er i liten grad opptekne av det som skjer imellom. Dei har ikkje tradisjon for å etterforske frykt, underkasting og psykisk vald, seir førsteamanuensis Geir Aas.
– Politiet er framleis altfor opptatt av enkeltepisodar av vald. Dei er i liten grad opptekne av det som skjer imellom. Dei har ikkje tradisjon for å etterforske frykt, underkasting og psykisk vald, seir førsteamanuensis Geir Aas.

Politiet druknar i saker om usynleg mishandling, men klarer berre å etterforske ein brøkdel

Mangel på bevis er ei av årsakene til at rundt 70 prosent av melde saker blir lagde bort.

Publisert

– Politiet trur ofte på den fornærma, men dei er ikkje i stand til å bevise kva som har skjedd fullt ut, seier Geir Aas, førsteamanuensis i politivitskap ved Politihøgskolen.

I 2005 kom det ein ny paragraf i Straffelova (§ 219, i dag 282 og 283). Denne skulle fange opp langvarig mishandling i heimen, ikkje berre enkelthendingar av vald.

– Viss styresmaktene verkeleg vil noko med denne lovendringa, må dei utstyre politiet med langt meir ressursar enn dei har i dag. Politiet druknar i saker av denne typen, og dei klarer berre å etterforske ein brøkdel.

Har intervjua politifolk og juristar

Aas står bak studien Policing the Penal Provisions on Repeated and Severe Domestic Violence som er gitt ut i tidsskriftet Nordisk politiforskning. Her har han undersøkt korleis mishandlingssaker har utvikla seg etter at dei vart melde til politiet.

I tillegg har han intervjua til saman 43 norske politietterforskarar, dommarar og statsadvokatar. Føremålet har vore å evaluere mishandlingsparagrafen i Straffelova på oppdrag for Politidirektoratet.

Aas konkluderer slik: Rundt 70 prosent av sakene leggjast bort, først og fremst på grunn av mangel på bevis. Politiet manglar ressursar til å følgje opp sakene, og i tillegg er lovverket vanskeleg å tolke.

For kva vil det eigentleg seie å bli mishandla over tid? Og kva er psykisk vald, som i Straffelova fell inn under terminologien «andre krenkingar»?

Venta i frykt med nyvaska hus og pannekaker

Ei kvinne fortalde politiet om ein dag då mannen skulle kome heim frå jobb. Ho hadde vaska og rydda heile husværet, handla inn mat ho visste han likte og laga pannekaker til middag.

Då han kom, sat ho på nøyaktig den plassen i sofaen som ho visste at mannen ville ho skulle sitje i.

– I utgangspunktet er det ikkje noko straffbart i dette. Men det kan veldig lett vere forteljinga om eit regime, om kontinuerleg frykt og utryggleik, seier Aas.

Både dommarar, statsadvokatar og politietterforskarar er samde om at politiet i liten grad evnar å fange opp eit slikt valdsregime.

– Politiet er framleis altfor opptekne av enkeltepisodar av vald. Dei er i liten grad opptekne av det som skjer imellom. Dei har ikkje tradisjon for å etterforske frykt, underkasting og psykisk vald.

– Det skal veldig mykje til for at politiet etterforskar mishandlingssaker godt nok, seier førsteamanuensis Geir Aas.
– Det skal veldig mykje til for at politiet etterforskar mishandlingssaker godt nok, seier førsteamanuensis Geir Aas.

Usynlege signal skapar frykt

Den vellykka mafialeiar treng ikkje bruke mykje fysisk vald, påpeikar Aas. Han kan oppretthalde eit terrorregime av frykt berre med nokon enkle, nesten usynlege signal. Det same gjeld ein partnar eller familiemedlem.

– Politiet kan kanskje bevise enkelthendinga som skjedde rett før patruljen kom til staden. Men det er vanskeleg å bevise noko som føregår over tid, i det skjulte og der det er få vitne.

Har nok med å overleve

Politietterforskarane Aas har intervjua, meiner at denne typen etterforsking er ei oppgåve for spesialistar.

Ein av dei sa det slik i intervjuet: «Du får ikke avdekket psykisk vold av en som har levd med vold i 15 år ved å snakke med dem én gang. For de er så psykisk nedbrutt – at de har fortrengt så mange detaljer gjennom så mange år – og har hatt mer enn nok med å overleve tilværelsen sin. (…) Utfordringen for oss som politi er at vi er ikke mange – vi er få etterforskere – det er mange saker – det er et stort samfunnsproblem».

– Dette er snakk om lange avhøyr, ofte med traumatiserte personar. Veldig ofte er det ord mot ord. For den jamne politigeneralist er det altfor krevjande, meiner Aas.

I mange av desse sakene blir også born avhøyrde: born som har sett og høyrt mishandling av ein nær omsorgsperson over lang tid.

Politiet kan førebyggje

Men sjølv om politiet må legge bort mange saker, kan dei framleis gjere noko for dei som opplever usynleg vald heime, påpeikar Aas.

I SARA-programmet (Spousal Assault Risk Assessment Guide) prøver politiet å identifisere dei som er mest utsette for vald i nære relasjonar. Føremålet er å hjelpe dei og også valdsutøvarane, inn på eit førebyggjande spor.

– Politiet får kjennskap til desse sakene gjennom utrykkingar og meldingar. Dei prøver då å finne dei sakene der det er størst sannsyn for at valden vil gjenta seg, forklarer han.

SARA kan gå parallelt med ei straffesak, men det kan også brukast på saker som ikkje blir straffeforfølgde.

Eks-mannen måtte gje opp

– Dette betyr at sjølv om politiet ikkje lykkast strafferettsleg, er det mykje dei kan gjere likevel. Dei kan bli ein slags koordinator i hjelpeapparatet. Førebels er ikkje programmet evaluert i Noreg, men det finst fleire eksempel på at politiets SARA-medarbeidarar har hjelpt folk.

Til dømes fekk ei valdsutsett kvinne hjelp då ho budde på bakkeplan i ein kommunal bustad. Ho opplevde at eks-mannen hoppa over balkongrekkverket og tok seg inn i husværet hennar.

– Saka gjekk ikkje til retten, men politiets SARA-medarbeidarar brukte autoriteten sin til nærmast å presse NAV til å gje henne ein bustad høgare opp i blokka. Slik vart det slutt på at ektemannen plaga henne, fortel Geir Aas og legg til:

– Dette viser at det førebyggjande arbeidet kan vere like enkelt som det er genialt.

Referanse:

Geir Aas: Policing the Penal Provisions on Repeated and Severe Domestic Violence. Nordisk politiforskning, 2019.