Innføringa av elektronisk meldingsutveksling har gjort at heimesjukepleiarar og legar lettare kjem i kontakt med kvarandre. (Foto: Hartmut Schwarzbach, Argus / Samfoto)

E-meldingar styrkar stemma til heimesjukepleiaren

For fastlegen er det vanskelegare å oversjå ei e-melding enn ein telefonsamtale eller ein beskjed på gul lapp, rapporterer heimesjukepleiarar.

Om datagrunnlaget

Forskarane intervjua 65 helsearbeidarar – sjukepleiarar og fastlegar – i tillegg til fem sekretærar og fire prosjektleiarar. Intervjua blei gjort om lag seks månader etter innføring av det elektroniske meldingssystemet.

I det overordna prosjektet har forskarane også fått svara på ei spørjeundersøking frå 789 heimesjukepleiarar og 290 fastlegar i 20 kommunar fordelt på 13 e-meldingskommunar og 17 kommunar som kommuniserte på vanleg måte. De har også gjennomført nærare 100 observasjonar i heimesjukepleia.

Pleie- og omsorgsmeldingar

Pleie- og omsorgsmeldingane er del av det nasjonale meldingsløftet som starta i 2008. Målet er at alle kommunar skal vere kopla til Nasjonalt HelseNett innan utgangen av 2015. Meldingsløftet gjeld mange typar meldingar – frå helse- og omsorgsmeldingar til sjukdomsrapportar (epikriser), tilvisingar, rekvisisjonar og sjukemeldingar. Meininga er å erstatte den papirbaserte informasjonsflyten.

Mengda pleie- og omsorgsmeldingar har auka kraftig dei siste åra. I 2013 blei det sendt nesten éin million meldingar. I 2014 blei det sendt over 2,3 millionar. Ved utgangen av mai 2015 var det sendt over 1,3 millionar pleie- og omsorgsmeldingar.

Om prosjektet:

Navn: Bridging the information gap in patient transition: a multi-method approach

Periode: 2010–2014

Ansvarleg institusjon: Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo

Prosjektleiar: Ragnhild Hellesø

Finansiering: 7,3 millionar kroner frå Forskingsrådet

Samarbeidspartnarar: NTNU, Norsk senter for elektronisk pasientjournal, MGH-IHP og Salem State University, Boston, MA samt Senter for omsorgsforskning ved Høgskolen i Gjøvik

Ein eldre og pleietrengande pasient har time med fastlegen, og heimesjukepleiaren er usikker på om vedkomande vil hugse å ta opp nokre viktige ting. Med det elektroniske meldingssystemet kan sjukepleiaren gi legen ei oppdatering i forkant.

Ein annan sjukepleier sender melding til legen om ein heimebuande pasient som har utvikla ein infeksjon i eit sår. I meldingane som fylgjer, diskuterer dei egna behandling og omsorg.

– Innføringa av elektronisk meldingsutveksling har gjort at heimesjukepleiarar og legar lettare kjem i kontakt med kvarandre. Dette meiner dei medverkar til å betra helsetilbodet til heimebuande pasientar, seier Ragnhild Hellesø, førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

– I tillegg har det gitt ein meir likeverdig relasjon mellom heimesjukepleiarar og legar.

Utilsikta

Ho skildrar dette som ein utilsikta, positiv konsekvens av dei elektroniske pleie- og omsorgsmeldingane som nær alle norske kommunar har teke i bruk. Beskjedane går mellom heimesjukepleia, fastlegane og sjukehusa og er integrert i den elektroniske pasientjournalen.

– Både legar og sjukepleiarar er travle folk og tidlegare har dei opplevd at det er vanskeleg å nå kvarandre, seier Hellesø.

Målet med det elektroniske meldingssystemet er å auke og betre kommunikasjonen mellom aktørane. Som planlagt, har systemet også erstatta ein del møter og telefonsamtalar.

Sjølv om enkelte opplever redusert kommunikasjon ansikt til ansikt som eit tap, rapporterer aktørane at dei enklare når kvarandre og utvekslar meir informasjon med det nye systemet.

Styrka stemme

Heimesjukepleiarane har i tillegg fått styrka stemma si. Meldingane gir nemleg ein skriftleg dokumentasjon av kommunikasjonen, og alle involverte aktørar har tilgang. Det gir meir gjennomslag for meldingane frå heimesjukepleiarane.

– Vi har ikkje vore bortskjemde med kontakt med fastlegane. Dei ringer ikkje alltid tilbake. Nokre gonger er det som vi ikkje blir tekne alvorleg. Men når nokon har sendt ei e-melding, så ligg ho i systemet. Legane må opne ho, og dei må sende eit svar, seier ein av sjukepleiarane forskarane har snakka med.

Både legane og sjukepleiarane fortel at det har vorte enklare å kome i kontakt med kvarandre, men berre sjukepleiarane seier dei blir tekne meir alvorleg, og at dei skriftlege førespurnadane deira veg tyngre enn munnleg kommunikasjon.

Ragnhild Hellesø. (Foto: Privat)

– Dokumentasjonen hindrar også at det oppstår diskusjonar og usemje om avgjerder som er tekne. Når aktørane må formulere seg skriftleg, utvekslar dei dessutan meir gjennomtenkt og betre informasjon, seier Hellesø.

Både fastlegane og sjukepleiarane meiner skriftleggjeringa kombinert med at det har blitt enklare å nå tak i kvarandre, reduserer feil i behandling og omsorg.

Også sjukehusa rapporterer at det har blitt lettare å kome i kontakt med kommunen, og at den skriftlege dokumentasjonen er viktig.

Katalysator

Konsekvensane av nye datasystem i helsesektoren er ofte uoversiktlege, og endringane kan vere djuptgripande. Hellesø understrekar at meir innsikt i utilsikta og gjerne positive konsekvensar kan vere ein ressurs i prosessar med omorganisering, som ofte kjem i kjølvatnet av nye datasystem.

Dei norske forskarane viser til dømes korleis innføringa av dei elektroniske pleie- og omsorgsmeldingane har fungert som ein katalysator for utvikling av samhandlingsrutinar.

– Kommunane som hadde teke e-meldingane i bruk, hadde i vesentleg større grad utvikla rutinar for korleis samarbeidet skulle skje, seier Hellesø.

Ho trur dette heng saman med at innføringa har gjort det nødvendig å systematisere ting – til dømes når det gjeld ansvaret for å følgje opp meldingane.

– Systematiseringa gjorde manglane meir tydelege, seier forskaren.

Ho trur ein del av den tidlegare samhandlinga var lite synleg og gjerne prega av ad hoc-løysingar. Med dei elektroniske meldingane kom eit system for ansvar og oppfølging, og kommunane bygde rutinar rundt dette.

– Det å sende ei melding kan kanskje verke trivielt, men gode rutinar og avklaring om kva informasjon som skal sendast, må på plass for at et slikt system skal fungere, seier Hellesø.

Ho fortel at utilsikta, positive konsekvensar av helse-IKT sjeldan er undersøkt i forskingslitteraturen. Som regel er det negativt forteikn på dei utilsikta konsekvensane det blir forska på.

Referansar:

Line Melby og Ragnhild Hellesø: Introducing electronic messaging in Norwegian healthcare: Unintended consequences for interprofessional collaboration. International Journal of Medical Informatics, februar 2014, doi: 10.1016/j.ijmedinf.2014.02.001. Samandrag

Merete Lyngstad mfl: Toward Increased Patient Safety? Electronic Communication of Medication Information Between Nurses In Home Health Care and General Practitioners. Home Health Care Management & Practice, mars 2013,doi: 10.1177/1084822313480365. Samandrag

Merete Lyngstad mfl: Home care nurses’ experiences with using electronic messaging in their communication with general practitioners. Journal of Clinical Nursing, desember 2014, doi: 10.1111/jocn.12590. Samandrag

Powered by Labrador CMS