Vanskeleg balansegang i nord

Noreg vil både framstå som verdsleiande miljønasjon og ei petroleumsmakt. Dette er ein vanskelig balansegang i forminga av nordområdepolitikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Oljeboring i Arktis. (Foto: iStockphoto)

Nordområda blir stadig omtalt og brukt som ei årsak til og grunngjeving for politisk handling. Men korleis blir desse nordområda konstruerte, korleis blir dei pakka inn på ulike politiske område?

Leif Christian Jensens har i si doktoravhandling analysert politiske styringsdokument og det offentlege ordskiftet i sentrale aviser, og har kome fram til fire særlege knutepunkt for nordområdeinitiativet: sikkerheit, miljø, Russland og naturressursar.

- Forstår me debatten rundt desse knutepunkta, vil me også kunne seia noko om korleis me har hamna der me er, og kva slags politiske rom som til eikvar tid blir teikna opp, seier Jensen.

Og kva som er i endring. Ulike faktorar og hendingar har aktualisert nye føresetnader og med det vorte politisk relevante dei siste åra.

Endra føresetnader endrar politikken

- Eitt døme er «Deep Water Horizon»-ulykka sommaren 2010, som slo rett inn i den norske debatten omkring utvinning i Lofoten-Vesterålen.

Leif Christian Jensen (Foto: Fridtjof Nansens institutt)

- Den skapte ein dynamikk og ei redsle som kom til uttrykk i debatten, kanskje særleg hos politikarar og gjorde nok sitt til at det i ein god periode plutseleg vart rådande tone å prate om vern der, fortel Jensen.

- Sjølv ikkje dei som vanlegvis køyrde hardt på for utvinning var særleg aktive ikamp mot vernetankane den sommaren og i ei tid etter.

- Eg meiner den episoden, langt borte og under heilt andre tilhøve og omstende, gjorde ting så verkelege, konkrete og skumle at det gjorde ein skilnad. Analytisk er det også eit interessant døme på korleis ting utanfor blir trekte inn i debatten og med det gjort politisk relevante i den grad at det fører til politisk handling.

Det norske opphøgde sjølvbiletet

- Ei anna interessant hending er signeringa av delelineavtala. På den eine sida skapte det eit skikkelig oppsving og revitaliserte litt av nordområdeeuforien frå 2005.

- På den andre sida er det interessant at Russland kompromissa på kravet sitt overfor vesle Noreg og framstår i lys av dette ikkje som radikal og skummel i nordområda, men tvert imot som ein regelfølgjande arktisk partner, seier Jensen.

- Mykje av debatten om Nordområda har handla om å balansere den identitetskrisa Noreg trass alt har: Verdsleiande miljønasjon som skal forvalte det sårbare Arktis samstundes som petroleumsstormakta Noreg skal tene gode pengar på å pumpe opp olje og gass i det same området.

- Det er ei krevjande øving, og i den øvinga er Russland ein svært nyttig, for ikkje å seia ein avgjørende motpart viser det seg. Mykje takka vera kombinasjonen Russland og eit opphøgd sjølvbilete, har det vorte mogeleg å koma seg unna med at me borar for miljøet.

- Forteljinga blir då at av di russarane snart er i gang, hastar det difor for Noreg å koma i gang med boring i Barentshavet for å vise eller hjelpe russarane med å drive miljøvenleg petroleumsleiting.

- Relativiseringa og denne omrammingen av sjølve miljøproblemet - altså i staden for å ta tak i miljøutfordringane og ta grunnleggjande debattar i og om Noreg som olje- og miljønasjon og det spesielle ansvaret i nord – kanskje til og med la noko ligge der på havbotnen, blir miljøløysingane nærast samanfallande med statens interesser, seier Jensen.

- Dette feltet er høginteressant, og viser på mange måtar kor tett politikk og nasjonale sjølvbilete heng saman og må henge saman, avsluttar han.

Referanse:

Jensen, Leif Christian: Norway on a High in the North: A discourse analysis of policy framing. Universitetet i Tromsø, 2012.

Powered by Labrador CMS