Parforhold står sterkt i heile EU

Forventinga om at vi skal leve i tradisjonelle parforhold er sterk uansett om ein lever i rike Noreg, eit katolsk land eller ein tidlegare kommuniststat i Europa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

FEMCIT

Initiativtakaren til forskingsprosjektet FEMCIT (Gendered Citizenship in Multicultural Europe) er Tone Hellesund frå Uni Rokkan. Ho var koordinator for prosjektet i første halvdel, i siste halvdel har Sevil Sümer, også frå Uni Rokkan, koordinert forskingsprosjektet.

FEMCIT starta opp i 2007 og hadde avsluttingskonferanse i Oslo i forrige veka. Kring 40 forskarar frå ulike land har gjort samanliknande studier i tolv europeiske land i denne perioden.

FEMCIT har studert kvinnerøyrsla si mobilisering, organisering og tyding for medborgarskap i Europa. Seks område har stått i fokus: politisk medborgarskap, sosialt medborgarskap, økonomisk medborgarskap, etnisk/multikulturelt og religiøst medborgarskap, kroppsleg medborgarskap og intimt medborgarskap.

FEMCIT er eit EU-prosjekt med partnerar frå 17 europeiske land. Prosjektet fekk 4 millionar euro frå EU-kommisjonen. FEMCIT har også fått støtte frå Noregs Forskingsråd og Universitetet i Bergen.

Familien er i endring i store delar av Europa. I Noreg har ekteskapshyppigheita gått ned sidan byrjinga av 1970-talet. 38 prosent av hushaldningane består i dag av åleinebuande. Mange vaksne i parforhold vel å ha særbu.

1. januar 2009 kom den nye ekteskapslova som likestiller ekteskap mellom homofile med heterofile ekteskap. Men er nordmenn så tolerante og opne som vi likar å tru?

– Tankane kring kva som er eit normalt parforhold, og at dette er den rette måten å leve på, er relativt like på tvers av landegrenser og kulturar i Europa, seier Tone Hellesund, forskar ved Uni Rokkan.

Konservative europearar

Tone Hellesund er ein av kring 40 forskarar som har teke del i det store FEMCIT-prosjektet, som har studert kvinnerøyrsla si mobilisering, organisering og tyding for medborgarskap i Europa.

Dei har sett nærare på røyrsla si utvikling og historie i tolv land, og funne til dels like kampsaker, men også store ulikskapar.

Tydelege skilnader er mellom anna å finne i fanesakene til menneske som lev utanfor tradisjonelle parforhold i dei europeiske landa.

– Medan homofile i Noreg har vore opptekne av retten til å leve i juridisk anerkjente parforhold, har dei homofile i Bulgaria eit heilt anna fokus og er opptekne av heilt andre krav. Der er det vanskeleg å leve ope som homofil, seier Hellesund.

Ekstreme skilnader i levekår

Ho har vore del av et team som har intervjua single, personar som bur i kollektiv, dei som ikkje bur i lag med partneren og homofile i Bulgaria, Noreg, Portugal og Storbritannia.

Skilnadene i levevilkår er ekstreme for dei som vel bort det tradisjonelle parforholdet. Medan Bulgaria er ein tidlegare kommuniststat, er Portugal strengt katolsk.

Og medan Noreg er den klassiske velferdsstaten, har Storbritannia ord på seg for å vere eit liberalistisk samfunn.

– For mange set økonomien og tilgangen på økonomiske støtteordningar grenser for korleis dei kan leve. I Bulgaria er det vanskeleg å leve som singel av økonomiske årsaker. I Noreg har einslege eit lettare liv, seier Hellesund.

Like normer

Sjølv om ekteskapet står sterkare som ramme kring parforholdet i Storbritannia enn i Noreg, er vilkåra likevel relativt like for einslege blant britar og nordmenn. Portugal er det einaste av landa som har ei lov om husstandsfellesskap som er aktivt i bruk.

Der kan kven som helst som bur i lag registrere seg i lag, både heterofile og homofile par, vener og slektningar, og oppnå visse rettar.

På trass av ulik kulturell, sosial og økonomisk bakgrunn, fortel dei i stor grad dei same livshistoriene.

– Dei kulturelle normene kring det å leve i parforhold er meir like enn ein skulle tru, seier ho.

Open usemje

FEMCIT-prosjektet viser tydeleg at kvinnerøyrsla har variert med tid og stad, og ikkje minst mellom ulike grupper kvinner.

Medan det har vore vanskeleg å kome på spor av påverknaden frå kvinnerøyrsla i dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa, har den moderne velferdsstaten gjort det enklare for kvinnerøyrsla i Noreg.

Røyrsla sine kampsaker har i stor grad falle saman med det løpet velferdsstaten har lagt for kvinner sine moglegheiter til å kombinere familie og karriere.

– Det er spesielt i Skandinavia at arbeidet med å få kvinner ut i arbeid og sikre full barnehagedekning har stått sterkt. I ein del andre europeiske land er det meir vanleg at kvinnene vel mellom familie og karriere, og der har kvinnerøyrsla hatt eit anna fokus, seier Hellesund.

Interessene til kvinnerøyrsla i dei ulike landa og til ulike grupper av kvinnner er ikkje alltid samanfallande understrekar ho. Kvinnerøyrsla rommar mykje spenning og konflikter.

– Det har vore open diskusjon om desse konfliktene, seier Hellesund.

Ho peikar mellom anna på det som kan vere motsetnader mellom minoritetskvinner og fleirtalet sine ønske og behov.

Gjennomslagskraftig røyrsle

Tone Hellesund. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Til trass for interne konflikter og spenningar, har kvinnerøyrsla likevel vore med på å prege utviklinga i dei europeiske landa.

– Kvinnerøyrsla har vore viktig fordi den har stilt spørsmål ved gjevne kategoriar. Forventingane til kva rolle kvinner og menn skal fylle i familielivet har blitt dramatisk endra sidan 1960-70-talet.

– Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før fedrepermisjon hadde vore utenkeleg. Kvinnerøyrsla har vore ei av dei mest sentrale drivkreftene bak desse endringane, seier ho.

Somme av kvinnerøyrsla sine kampsaker har blitt nedfelte i lovverk og regulativ, medan andre har resultert i kulturelle endringar. For forskarane er det like viktig å undersøkje dei økonomiske og juridiske sidene ved kvinner sin situasjon som dei kulturelle og sosiale.

– Det er ikkje nok å sjå på kvinner si rolle i det offentelege rommet, vi må også vite korleis dei har det i heimen. Omsorgspolitikken blir ei viktig utfordring for Europa i åra som kjem. Det er vanskeleg å forstå kva slags behov som vil dukke opp, dersom ein ikkje veit nok om europeiske kvinner sin kvardag, seier Hellesund.

Powered by Labrador CMS