
Nye skattekart frå Søre Sunnmøre
No føreligg svært detaljerte kart frå havbotnen i fem kommunar på Søre Sunnmøre. Dei viser skipsvrak, bratte bakkar, blanke berg og gode fiskeplassar.

Rundeskatten er den verdifulle lasten som det nederlandske seglskipet «Akerendam» frakta på jomfruturen sin i 1725. Under ein kraftig vinterstorm forliste skipet nordaust for Runde. Skatten vart funne av dykkarar i 1972.
No skal nye kart peike ut heilt andre skattar langs kysten:
– Vi har slått på lyset på havbotnen i 800 kvadratkilometer, seier prosjektleiar og forskar Sigrid Elvenes ved Noregs geologiske undersøking (NGU).
Detaljerte botnforhold trer fram på dei nye karta: moreneryggar, skipsvrak, skredavsetningar, gjørme og stein, bratte bakkar og blankskura berg.
Frå tru til kunne
– No får vi ein heilt ny kvardag i arbeidet med kystsona. Vi har gått frå å tru korleis det ser ut på botnen, til å vite det. Satsinga på dette prosjektet gjer oss det mangedobla igjen, meiner utviklingssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.
Ved hjelp av video, ekkolodd, prøvetaking og detaljerte djupnedata frå Kartverket, er det teikna heildekkande og høgoppløyselege kart over kva botnen er laga av – kart som no kan nyttast i kommuneplanlegging.
Den såkalla marine grunnkartpakken omfattar djupne-, sediment- og temakart, over mellom anna ankringsforhold, skråningar, gravbarheit og botnfelling.
– Som eit eksempel: Når ein får desse karta digitalt på brua til fiskebåtane, veit ein kor lina kan leggjast for å få både brosme og torsk, seier NGU-forskar Oddvar Longva.
– Det vert òg lettare å finne rett plassering for mellom anna oppdrettsanlegg. Samstundes kan ein finne dei beste ankringsstadene, og dei beste traseane for røyr og leidningar i fjordane, seier han.
Nasjonal dugnad
Direktør Evert Flier i sjødivisjonen i Kartverket ønskjer ein nasjonal dugnad for marine grunnkart i Noreg og stiller seg bak arbeidet med å satse på marine grunnkart over heile landet.
På eit seminar for dei marine grunnkarta på Runde Miljøsenter nyleg var også Forsvarets graderingsregime for djupnedata eit tema. Det er usemje mellom Forsvaret på den eine sida og det sivile samfunnet på den andre om frigjeving av data.
Både seniorrådgjevar Gunnstein Bakke i Fiskeridirektoratet og Evert Flier i Kartverket meiner at dei strenge reglane avgrensar eit best mogleg resultat av kartlegginga.
I prosjektet på Søre Sunnmøre fekk forskarane frigjeve høgoppløyselege djupnedata frå Forsvaret. No er det i gang arbeid i fire kommunar i Sogn og Fjordane. Her har Forsvaret førebels sagt nei.
Arbeidet på Søre Sunnmøre har skjedd i eit samarbeid mellom Kartverket, NGU, kommunane Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og Runde Miljøsenter.