Trufaste hoer får meir hjelp i reiret

Hoer med låg utruskap kan rekna med meir hjelp frå faren når egga vert klekte. Meir lausslepne hoer må klara seg sjølve.

Blåmeis, ein av artane Gohli har studert. (Foto: Jostein Gohli, NHM)

Mange sporvefuglar dannar par som er sosialt monogame, men ikkje seksuelt. 

Dei har seg gjerne i buskane med andre enn den faste partnaren sin, som på si side heller ikkje er særleg oppteken av å halda sin sti rein.

– Kor mykje utruskap som finst, varierer både mellom artar og mellom grupper av same art, forklarar Jostein Gohli, som 9. mai disputerer for doktorgraden ved Naturhistorisk museum i Oslo.

Hoene si åtferd styrande

Eitt av funna hans er at hjå artar der hoer er mindre seksuelt utsvevande, hjelper hannane i større grad til med å fostra opp ungane.

– Det kan vera fleire forklaringar på dette, seier Gohli.

– Det er hoene si åtferd som er styrande for nivået av promiskuitet i populasjonen. Som elles i biologien er det hoene som investerer mest i eit avkom, medan hannane stort sett er klare for å spreia genene sine vidare der dei får sjansen.

Held seg i skinnet

Det betyr likevel ikkje at hannane er viljelause avlsdyr.

Dersom dei skal investera ytterlegare ved å bidra til barneoppdraginga, vil dei vera sikre på at det faktisk er deira eigne ungar dei brukar tid og krefter på.

– Jo høgare utruskap hjå hoene, jo større er den genetiske variasjonen, forklarar Jostein Gohli. (Foto: privat)

– Så hannar som føler seg rimeleg sikre på at hoa ikkje har hatt mange andre partnarar, vil vera meir tilbøyelege til å bidra i reiret.

–  For hannar med utru partnarar er det derimot ei like fornuftig investering å prøva å bidra til andre kull i tillegg til sitt eige, forklarar Gohli.

Men det kan òg vera slik at hoer gjerne vil behalda hannar som er gode foreldre, og derfor held seg i skinnet for å unngå at han forlet hoa og ungane for å hevna seg.

Genetisk variasjon

– Og så kan tilgjengelegheit vera ei forklaring: hvis hoene i ein populasjon er trufaste mot partnarane sine, er det ingen hoer tilgjengelege for hannar som ynskjer å vera utru.

– Utruskap er rett og slett ikkje noko alternativ lenger.

Hjå nokon arter kan opptil halvparten av alle egga i eit reir skriva seg frå utanomreirlege forbindelsar frå hoa si side.

All denne aktiviteten er ressurskrevande og aukar risikoen for seksuelt overførbare sjukdomar. Så kvifor halda fram på denne måten?

– Genetisk variasjon, slår Gohli fast.

Robuste overfor parasittar

– Jo høgare utruskap hjå hoene, jo større er den genetiske variasjonen. Og meir genetisk variasjon gjer både populasjonar og individ meir levedyktige. Funna våre støttar ein hypotese om at ei ho som har para seg med mange hannar, i etterkant kan velja å la seg befrukta av dei spermcellene som er genetisk mest ulike henne sjølv.

At insektetarar har høgare utruskap enn planteetande fuglar, støttar i fylgje Gohli den same hypotesen.

– Insekt inneheld meir parasittar enn plantemateriale, og desse parasittane vert overførde til fuglane som et insekta. Artar med stor genetisk variasjon vil vera meir robuste overfor parasittar, og derfor vil det vera fornuftig av hoa å ikkje leggja alle egga sine i same korga, for å seia det slik.

Powered by Labrador CMS