Det er stort behov for gatejuristar som spesialiserer seg på rettshjelp for rusavhengige på gata, viser ny rapport. Samtidig dekker tilbodet berre ein liten del av dei samansette problema som pregar livet til desse menneska.
Gatejuristen i Oslo starta opp hausten 2004 og opna dørene sine i januar 2005. Målsetjinga er auka rettsikkerhet for målgruppa, som er folk i byen som har/har hatt rusproblem (spesielt dei tungt belasta). Rettshjelpa er gratis og blir ytt av frivillige advokatar og juristar. Det blir lagt vekt på oppsøkjande arbeid. Gatejuristen i Oslo er tilknytta Kirkens Bymisjon.
Kilde: Gatejuristen i Oslo
“Rett før jul var det ei ung jente på 19, heroinist, bodde ute, lyst på kommunal bustad men fikk ikke fordi hun hadde en hund. Så (…) tok jeg et par telefoner og snakka litt med sosialkurator her og der. Og så fiksa vi det da… og så fikk hun bolig, rett før kulda virkelig satte inn.”
“Mina” er ein av dei frivillige i Gatejuristen i Oslo som Camilla Lied har valgt å sitera i sin doktorgradsavhandling, der ho har evaluert gatejuristordningane i Noreg og Danmark sine hovudstadar.
Eit mørkt hjørne
– Gatejuristar arbeider i eit “mørkt hjørne”, der store og samansette problem er overrepresentert, fortel Lied.
Målgruppa for gatejuristane er gjerne dei som fell mellom alle stolar, og som har eit stort behov for langvarig og tolmodig bistand med god takhøgde og lav terskel.
Ifylgje Lied meir enn antydar forskningsmaterialet hennar at menneska i målgruppa truleg ikkje ville fått rettshjelp nokon annan stad, om det ikkje var for gatejurist-tiltaket. Dei fleste av sakene til Gatejuristen i Oslo kjem inn under helse- og sosialområdet. Sakene er gjerne knytta til bustad, gjeld og helse.
– Sakene er gjerne ikkje så kompliserte, men har stor velferdsmessig betyding for den enkelte klient, fortel ho.
Lampespørsmålet
I avhandlinga diskuterer Lied om Gatejuristen i Oslo i større grad bør innlemma nødvendig praktisk hjelp i arbeidet dei gjer for gatas folk. Eit eksempel er ein situasjon der klienten sit i mørke i leiligheita som Gatejuristen har hjelpt han med å få.
Han kan ha fått pengar eller hjelp til å kjøpe lampen, men han veit kanskje ikkje korleis lampen skal monterast. Gadejuristen i København yt slik hjelp, mens gatejuristane i Oslo gjerne heller viser klientane til ein annan instans.
– Intervjua med brukarane og hjelpeapparatet syner at gatejuristtiltaka bør ha ein terskel i sitt arbeid som er så lav at nærleiken til brukarane blir stor. Dette inneber også at ein går litt lenger i arbeidet enn å berre fokusera på det juridiske. Det kan innebære å hjelpe til å henge opp lampen, fortel Lied.
Dei gode historiene
– Lieds materiale dokumenterer at ein gatejurist kan gjere ein forskjell, av og til berre ved å være til stades.
I intervjusamtalar med Gatejuristen, der Lied spurde om kva som hadde skjedd når Gatejuristen hadde lukkast, viser det seg at solskinshistoriene kjem når Gatejuristen har vore fleksible, “gått litt lenger” og har klart å ta tak i fleire problemstillingar på same tid.
– Dette er også eit ressursspørsmål. Det kan sjå ut til at gatejuristtiltak med begrensa ressursar bør ha hovedtyngda at innsatsen sin på rettshjelparbeidet. Men samtidig er det naudsynt å legge rettshjelpbegrepet på strekk for at det skal fungere for gatas folk.
Alternative ressursnettverk, sosialarbeidarrollene, psykologtilbodet og mødregruppetiltak som Gadejuristen i København innlemmer i sitt hjelpetilbod, ser ut til å ha stor betyding for velferda til dei rusavhengige som lever på gata.
Å få slike tilbod lokalisert til ein stad kan være positivt for brukarane.
Annonse
– Det treng ikkje være fysisk samlokalisering, men det er viktig å sikre ein nær dialog mellom tiltaka så ikkje klientane forsvinn på vegen mellom tiltaka, seier Lied.
Maktesløyse
For å få fram ei fyldig skildring av korleis målgruppa opplever gatejurist- tilbodet, har Lied mellom anna intervjua ti av Gatejuristen i Oslo sine klientar og 86 personar i målgruppa.
Eit viktig spørsmål i avhandlinga er korleis gatejuristar kan fungera som mellommenn og kulturtolkar mellom “gatas folk” og offentleg forvalting.
– Det å være eit talerøyr for tungt rusavhengige og arbeide for deira rettstryggleik, er ei utfordring som krev stor arbeidsinnsats, kunnskap, optimisme og samarbeid mellom mange instansar.
– Gatejuristane fortel ofte at dei kjenner seg makteslause i forhold til det offentlege, og at det er vanskeleg å få i gang endringar i forhold til situasjonen generelt for målgruppa. Menneske i botnsjiktet i samfunnet manglar goder, og dette er vanskeleg for retten å avhjelpa, slik gjeldande rett framstår i dag, fortel forskaren.
Frustrasjonen
Eg hadde før ein ganske stor tillit til det offentlege hjelpeapparatet. Det har eg fortsatt, men synet mitt har nok blitt meir nyansert etter samtalane eg har hatt med Gatejuristens klientar og andre i målgruppa, fortel Lied.
Ho viser til klienten “Jorunn” si oppleving av møtet med det offentlege og hjelpeapparatet som eit overgrep, som “Jorunn” kallar voldtekt av liv. Liknande kritikkar av hjelpeapparatet kjem hyppig til syne i Lieds materiale.
Daglegdagse hjelpetiltak kan bety mykje for klienten, og bidreg til at klienten ikkje berre har rett, med også får rett i møtet med “systemet”.