Oljediskusjon fører til avmakt

Både tilhengjarar og motstandarar kjenner avmakt overfor sentrale avgjerdsprosessar, viser ein ny studie av diskusjonane om oljeboring utanfor Lofoten.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Natur og Ungdom aksjonerer mot oljeboring - i Oslo 2009. (Foto: Endre Helgeland Karlsen/Natur og Ungdom)

- Dei deler også ei frykt for at lokale omsyn og behov vil bli tilsidesette til fordel for dei nasjonale, seier statsvitar og antropolog Brigt Dale.

I doktorgradsarbeidet sitt har han studert korleis debattane om petroleumsverksemd har vorte forstått og fortolka lokalt.

Hovudkonklusjonane er at mange knyter spørsmålet til ein sentrum-periferiproblematikk, til identitetsspørsmål og til vurderingar av kva slags framtid dei ser for seg i regionen.

Interessant nok var det også mange fellestrekk mellom tilhengjarane og motstandarane, ikkje minst når det kom til kjensla av avmakt - opplevinga av at avgjerda til sjuande og sist skulle takast ein annan stad, utanfor regionen.

Avmakt, men også stort engasjement

- Men engasjementet var stort! Mange med eit politisk engasjement er jo vane med denne type diskursar.

- Skal ein på den eine sida prioritere oljeutvikling og følgje ein industriell utviklingstrend for å skapa arbeidsplassar, eller skal ein prioritere naturvernverdiar kopla opp mot til dømes lågskalautvikling av kystnært fiskeri – for så å backe desse opp med prosessar der ein knyter til seg fagmiljø som kan bidra med kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

- Nokre hadde ei forholdsvis klar personleg meining om olja, men var skeptiske til på kva for måte styresmaktene faktisk ville ta omsyn til lokale vurderingar, medan andre var meir positive til korleis dei trudde styresmaktene handterte spørsmålet, seier Dale.

Og sjølv om mange kjende avmakt ved at avgjerdsprosessane går føre seg utanfor regionen, var også fleire opptekne av at slik må det vera - petroleumsutvikling er eit nasjonalt spørsmål meiner mange.

- Desse stemmene kjem ikkje altfor ofte fram i den polariserte debatten der spørsmålet om ringverknader på land i regionen og vidareføringa av petroleumsæraen blir viktigare enn naturvernomsyn, seier Dale.

- Argumentet er at ein bør/kan hente ut hydrokarbonane uten at ein i Lofoten treng å sjå noko til det i det heile tatt – ved hjelp av botninnstallasjonar og bøyelasting - noko som då vil gjera det lettare med sameksistens med andre næringar som fiskeri og turisme.

- Dette argumentet fann eg særleg i meir pragmatiske, næringslivsmiljø, der dei ønskte å setja oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja inn i eit større makroøkonomisk bilete – og der omsynet til norsk oljebransjes framtid var viktigast, iblanda argument om at rein norsk petroleum er betre enn kolkraftdriven energi for å møte Europas energibehov.

Skilnad i verdisetjing

Brigt Dale. Foto: Sigrun Høgetveit Berg (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

Dale meiner den viktigaste skilnaden i argumentasjonen hjå tilhengjarane og motstandarane av petroleumsverksemd først og fremst er i spørsmålet om verdisetjing.

- Med det meiner eg at det i debatten stadig blir vist til at vekst og økonomisk utvikling i regionen treng nye impulsar, nye drivarar, og at petroleum kan vera ein slik.

- Motargumentet er at ein ved å opne for petroleum faktisk også gjer eit verdisetjingsval: Ein vel å nedvurdere verdien uberørt kystnatur potensielt kan ha framfor ein meir konvensjonell, lettare 'omsetteleg' ressurs – petroleum – som alt har ein marknadsverdi, som til gjengjeld er svært høg.

- Spørsmålet er difor ikkje berre objektivt kunnskapsbasert - det er eit verdival også.

- Mange motstandarar vil meine at potensialet ved ikkje å hente ut petroleum er svært stort, og at ein også frå ein nasjonal ståstad har eit ansvar for å ta vare på sårbare økosystem, men også den reine kysten, som blir reklamert for som verdas vakraste kyst av norske styresmakter i utlandet, seier Dale.

Opinionen delt i tre

Men kor lett er det å dele opinionen inn i klare syn på oljeutvinning? Er alle anten for eller mot?

- Eg vil tru at det er omlag ein tredel som er klart for, ein tredel som er mot og ein tredel som ikkje har gjort seg opp noko meining, eller som seier at det ikkje spelar noko rolle kva dei meiner om det likevel.

- Mange vil leggje fram argument både for og i mot i ei samtale, for så å gjera det klart at dei ikkje veit, eller at dei er “skeptiske”, eit ord som ofte kjem opp, og som eg meiner er eit uttrykk for den sentrum-periferidimensjonen eg meiner å ha funne, avsluttar Dale.

Referanse

Dale: Securing a Contingent Future. How threats, risks and identity matter in the debate over petroleum development in Lofoten, Norway, doktorgradsavhandling ved Universitetet i Tromsø 2012.

 

 

Powered by Labrador CMS