Bakgrunn: Krise, omstilling og vekst

Etter fleire år med kraftig opptur gjekk verdsøkonomien brått over i eit svalestup. Kvifor skjedde det, og kva kan konsekvensane verta? Dette er nokre av spørsmåla når NHH-miljøet no etablerar eit satsingsprogram om krise og vekst. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor Victor D. Norman

Krise, omstilling, vekst (forprosjekt)

Førsteamanuensis Gernot Doppelhofer frå Institutt for samfunnsøkonomi har ansvaret for prosjektet Stabilisering og økonomisk politikk.

Victor D. Norman frå Institutt for samfunnsøkonomi leier eit prosjekt som har fått tittelen Globalisering: Omstillingsbehov og omstillingsstivhet.

Førsteamanuensis Lasse B. Lien frå Institutt for strategi og ledelse styrer prosjektet Bransjer, bedrifter og organisatoriske prosesser.

Professor Kjell G. Nyborg frå Institutt for foretaksøkonomi leier prosjektet
The Financial Crisis: Liquidity, Securitization and Leverage.
 

 

NHH, SNF og AFF har etablert eit femårig satsingsprogram med tittelen Krise, omstilling og vekst. Målet er å få til ein fagleg dugnad som utnyttar heile det breie spekteret av økonomiskadministrativ kompetanse som finst i NHH-miljøet.

Det handlar om å forstå og formidla årsaker og konsekvensar, men også om å sjå kva nye mogelegheiter ei krise opnar for.

Krise i mange næringar

Finanskrisa og den påfølgjande økonomiske nedturen representerer ei massiv utfordring for styresmakter, næringsliv og hushald over heile kloden.

Førebels har rett nok Noreg sleppt lettare enn andre land, sjølv om BNP for fastlands-Noreg har falle to kvartal på rad – definisjonen på resesjon.

Er botn nådd no? Er det teikn som tydar på at ting har stabilisert seg og at vi kan rekna med ny vekst? Eller er det berre ein pause før fallet held fram mot nye djupner?

Dei mange spørsmåla kring situasjonen i verdsøkonomien er også ei gigantisk utfordring for det økonomiske fagmiljøet.

Både når det gjeld å forstå kva som skjer og kvifor det skjer, og å gje godt grunngjevne råd til styresmakter og næringsliv om korleis krisa best kan taklast og å forklara situasjonen for studentar og ålmente. Det meiner professor Victor D. Norman ved NHH.

– Det har vore mange store og viktige satsingar i NHH-miljøet tidlegare. Porter-prosjekta om norske næringsklynger, analysane av finanskrisa på 1990-tallet og det store arbeidet som vart gjort i tilknyting til liberaliseringa av energimarknadene i
Noreg er nokre døme.

– Eg kjenner likevel ikkje til at ein nokon gong før har forsøkt å trekkja på heile NHH-miljøet i eitt stort satsingsprogram, seier Victor D. Norman, som er leiar for prosjektet si styringsgruppe.

Årsaker og konsekvensar

Sidan januar i år har gruppa arbeidd med organisering av storsatsinga. Sjølve hovudforskingsprogrammet skal etter planen føregå i perioden 2010-2013.

For å leggja eit grunnlag for hovudsatsinga er det sett i gang fire forprosjekt som studerer krisa sine årsaker og konsekvensar frå ulike hald og på ulike nivå. I alt 30 forskarar ved NHH og SNF er allereie involverte.

Forprosjekta og anna innleiande arbeid i 2009 vert finansiert med cirka 2 millionar kroner frå mellom anna SNF, NHH og Forskningsrådet. Samstundes vert det arbeidd med finansieringa av sjølve hovudprogrammet.

Formidlingsmessig er målet å presentera nyhende, problemstillingar og forskingsresultat frå satsingsprogrammet relativt kontinuerleg via ulike kanalar som internett til konferansar.

Høstkonferansen i Oslo

Resultata frå dei fire forprosjekta skal til dømes presenterast og debatterast på NHH sin Høstkonferanse i Oslo i november i år.

Krise, omstilling og vekst vil også setja sitt preg på undervisninga ved NHH, heilt frå introduksjonskurset på bachelornivå via masterprofilane til NHHs executive-studier.

Tematikken skal takast inn i eksisterande kurs, og det skal i tillegg opprettast eigne kurs.

– Kva med koplinga mellom krisa og dei mange kandidatane ulike handelshøyskoler har uteksaminert. Har sjølvkritikk ei rolle å spela i satsingsprogrammet, såvel forskingsmessig som i undervisninga?

– Nei, kriseprosjektet er korkje sjølvkritikk eller avlat. Krisa er så alvorleg at vi må bruka det vi har av idear og kompetanse til å konsentrere oss om ho – så får sjelegransking koma etterpå.

– Det vi likevel skal sørgja for, er at studentane ved NHH får med seg dei lærdommane ein kan trekkja av krisa, konkluderer Norman.

 

Powered by Labrador CMS