Myrområde i Atna, Stor-Elvdal, i Hedmark. Det viser seg at det er nær ni prosent myr i Noreg. Det er vel tre prosentpoeng meir enn tidlegare data har vist. (Foto: Anders Bryn)

Meir myr i Noreg enn tidlegare antatt

Nye tal viser at det er nær ni prosent myr i Noreg. Tala kan gi eit nytt bilete på kor mykje karbon som er lagra i myra.

Ny statistikk for vegetasjonen i Noreg viser at nær ni prosent av landarealet er myr. Det er nesten femti prosent meir enn tidlegare kartdata har lagt til grunn.

Gjennom å undersøke eit representativt utval flater frå heile landet har ein no nye tal for kva slags vegetasjon som finst i Noreg, kor i landet han er og kor mykje vi har. Eit av dei sentrale funna er større myrareal.

– Når det viser seg at myrarealet er mykje høgare enn ein har lagt til grunn fram til no, får det konsekvensar mellom anna for utrekninga av kor mykje karbon som er lagra i myr, fortel Anders Bryn.

Han er forskar ved NIBIO og førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, UiO.

Saman med fleire NIBIO-kollegaer har Bryn kartlagt vegetasjonen i Noreg. Fire av desse står no bak ein vitskapleg artikkel som nyleg vart publisert i det internasjonale fagtidsskriftet Norwegian Journal of Geography.

10 000 kvadratkilometer meir myr enn tidlegare trudd

Her er ei kortfatta oversikt over nokre av funna som omhandlar myr:

  • Myrarealet i Noreg er 8,9 prosent, ikkje 5,8 slik dagens kartdata viser
  • Det totale myrarealet utgjer heile 28 800 kvadratkilometer
  • Ny statistikk viser at det er 10 000 kvadratkilometer meir myr i Noreg enn det dei vanlege karta viser

Dei nye faktaa spelar inn på mellom anna utrekningar av kor mykje karbon som er lagra i myr og kva beitekapasiteten i utmarka er.

I tillegg viser dei kor god flaumdempinga kan vere ved auka nedbørsmengder og gir ei vurdering av kor vanleg eller uvanleg ulike vegetasjonstypar er i landet.

Anders Bryn kartlegg i Rondane. (Foto: Yngve Rekdal)

Tal for heile Noreg – utan å kartleggje heile landet

Ei utvalskartlegging er som ei spørjeundersøking der ein vel ut eit representativt sett av flater som er tilstrekkeleg til å representere landet samla. Desse blir så kartlagt gjennom feltarbeid.

- For første gong har vi no såkalla arealrepresentativ statistikk over vegetasjonen i heile Noreg. Det vil seie at vi kan presentere tal for heile landet – utan at heile landet er kartlagt, fortel Bryn.

Kunnskapen om utmarka har til no vore mangelfull. Informasjonen har vore prega av grove kart med få kategoriar som fangar opp natur og utmarksressursar.

– Detaljerte kart finst, men dei dataa har ikkje blitt systematisk kartlagt. Det har vore litt tilfeldig kva kunnskap vi har hatt. Vi har mangla systematiske undersøkingar for heile landet, seier Bryn.

Myrområda i Breidvikdalen, Hadsel, i Nordland. Dei store myrkompleksa i Nord-Noreg bind enorme mengder med karbon som er bygd opp sidan siste istid. (Foto: Anders Bryn)

Nyttig ny kunnskap om natur

Naturen i Noreg er gjennom den omtalte utvalskartlegginga undersøkt og sortert i heile 54 typar. Fordi vegetasjonen reflekterer økologi, klima og berggrunn der han finst, kan data frå undersøkinga brukast til mange ulike føremål. Bryn nemner døme frå arealbruk, natur- og ressursforvaltning:

– Eit aktuelt tema er positiv bruk av naturen vurdert mot slitasje og til dømes korleis best mogleg ta vare på biologisk mangfald.

– Data som desse kan vere nyttige ved alt frå traséval for utmarksløp og sykkelritt, til planlegging av hyttefelt, forklarer forskaren.

Andre eksempel er beitebruk og beiteverdi for husdyr, forvaltning av skogressursar, nydyrking og vegbygging. Dei nye dataa vil og vere viktige som referanseverdi for dagens status før utbygging, overvaking av gjengroing og klimaendringar.

Referanse:

Bryn, A. m.fl: Land cover in Norway based on an area frame survey of vegetation types. Norsk Geografisk Tidsskrift.(2018). https://doi.org/10.1080/00291951.2018.1468356

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Powered by Labrador CMS