– Vern av naturminne vert ikkje teke på alvor i rettssystemet. Naturminne er pariakasten i norsk fredingspolitikk, meiner paleontolog Hans Arne Nakrem etter ein nyleg dom i Oslo byrett.
Saka i byretten var reist mot ein av grunneigarane på Malmøya, som politiet meinte hadde gjort ulovlege inngrep i berggrunnen.
Store deler av kystlinja rundt Malmøya er freda som ein del av det såkalla Oslofeltet, som trekkjer seg frå Mjøsa til Langesund.
Feltet er internasjonalt kjent på grunn av den heilt særeigne geologien her.
– Svært skuffa
– Malmøya er som ei historisk plansje over utviklinga av livet på Jorda. Øya har vore relativt vanskeleg tilgjengeleg, slik at avsetningane stort sett har fått vera i fred.
– No ligg dei lagvis og opp i dagen, slik at vi kan lesa fossilsamansetjinga bakover i tid, seier Nakrem, som er fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Grunneigaren vart frifunnen på alle punkta i tiltalen, som gjaldt oppføring av nye anlegg, utfylling av masse og anleggjing av sti.
– På nokre av punkta har eg forståing for at retten vel å frikjenna. Men på eit par punkt må eg seia meg svært skuffa over dommen, seier Nakrem, som sjølv stilte som sakkyndig vitne for påtalemakta.
– Djupt usamd med retten
Det eine punktet gjeld forståinga av fredingsvedtektene. Grunneigar har jamna ut og fylt opp med utrast lausmasse og fjellblokker.
Vedtektene forbyr ”utførelse av […] fyllingsarbeider”, men dommen seier at ”…tilrettelegging av nedraste fjellblokker og raking av skifergrus kan [ikke] retten se er i strid med Fredningsbestemmelsene”.
– Eg er djupt usamd med retten si tolking her. Dommen argumenterer for at det faktisk er ein fordel at nedrasa blokker vert dekka til på denne måten. Denne oppfatninga er heilt på tvers av kva som er hensikta med ei freding, seier Nakrem.
Fotodokumentasjon
Mest frustrert er han over at retten ikkje har funne det bevist at grunneigar har pigga ut fjellet for å anleggja ein sti.
– Vi har lagt fram fotodokumentasjon for korleis fjellet såg ut like etter pigginga og korleis det ser ut i dag. Bileta viser at det er brukt piggmeisel for å fjerna fjellet, meiner Nakrem.
– Retten meiner det er grunn til å tvila på om det er brukt andre reiskapar, som spett. Eg skulle likt å sjå armmusklane på den mannen som klarer å laga slike spor med eit spett, kommenterer Nakrem.
Annonse
Han meiner at same kva reiskap som var brukt, ville det vera like ulovleg.
– Bagatelliserer inngrep
– Med dei strenge krava retten stiller til dokumentasjon, er det i praksis fritt fram for grunneigarar til å ta seg til rette, seier han.
Nakrem trur utfallet hadde vore eit anna om det hadde vore kulturminne som hadde vore utsett for same behandlinga:
– Retten bagatelliserer mindre inngrep. Men det er jo nettopp for å hindra dette at området er freda, seier Nakrem.
Vurderer anke
– For kva om dette hadde skjedd med helleristingane i Alta, til dømes? Ville retten då ha sagt ”det er ikkje så nøye om nokre av dei vert øydelagde, vi har framleis meir enn 6000 att?”, spør han retorisk.
– Vi registrerer at byretten har vurdert bevisa annleis enn oss, og vurderer å anka saka. Men det er ikkje avgjort enno, opplyser politiadvokat Carl Graff Hartmann.