Truga art redda av planteelskar

Dei siste dvergtistlane i norsk natur var i ferd med å bli utrydda av ein veranda. Men utbygginga vart stoppa i tide, og no har planten fått flyttehjelp til naboøya.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dvergtistel. Foto: Per Aas, Naturhistorisk museum, UiO

Frøinnsamling

Dei botaniske hagane i Norge samlar inn frø frå truga arter i norsk natur.

Frøa vert sende til Naturhistorisk museum i Oslo, som har ansvaret for å lagra dei ved riktig temperatur og luftfuktigheit.

Alle funn vert grundig dokumentert, med m.a. GPS-koordinatar og høgd over havet.

Reetablering

Med utgangspunkt i frøbanken ved NHM kan truga plantar førast tilbake til naturen, gjerne til eksakt same stad der frøa vart samla inn. Dette vert kalla reetablering.

I tillegg til dvergtistel på Padda har NHM i 2011 samarbeida med forvaltinga om reetablering strandtorn på Lista og lakrismjelt på Borøya i Bærum kommune.

I det siste tilfellet er det ikkje sjølve planten som er truga, men den vert reetablert for å sikra levestad for den truga sommarfuglarten lakrismjeltblåvengje.

Kristina Bjureke er akkurat tilbake frå ein tur til øya Padda i indre Oslofjord, der ho har sett ut nye plantar av arten dvergtistel.

− Her til lands fantest dvergtistel tidlegare berre på naboøya Ulvøya, fortel Bjureke, universitetslektor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM).

− På 1800-talet fantest det mykje av den her. Det veit vi, for vi har mange eksemplar frå den tida i herbariesamlingane ved museet.

− Dette er den nordlegaste kjente forekomsten, og når den i tillegg er såpass sjeldan her til lands, er det ikkje rart den var populær hjå botanikarane på den tida, seier ho.

Floravaktar på sykkel

Kristina Bjureke planter dvergtistel på Padda i Oslofjorden. Foto: Bård Bredesen, Bymiljøetaten, Oslo kommune

Men det var ikkje overivrige samlarhender som reduserte bestanden til dagens ynkverdige nivå.

Det er utbygging som har ført til at dvergtistel har havna i kategorien CR (Critically endangered) i den norske Rødlista, det siste nivået før arten vert erklært regionalt utrydda.

Til sist var det berre ei einaste tomt igjen på Ulvøya som var naturtomt. Her vaks dei siste dvergtistlane som best dei kunne.

Kvart år sykla ei eldre idealistisk dame frå Norsk Botanisk Forening, ein såkalla floravaktar, ut og talde plantane.

− Men eitt år oppdaga ho til sin forskrekkelse at då ho kom til tomta, var det byggearbeid i gang der.

− Eigedomen hadde skifta eigar i løpet av vinteren, og no sto dvergtistelen i fare for å bli utrydda i Norge – av bygging av ein veranda, fortel Bjureke.

Dyrka fram plantar

Dei nye eigarane var heilt uvitande om den sjeldne planten på tomta si, men stoppa vidare arbeid då dei fekk kjennskap til den. Likevel vart det sett i gang ein redningsplan.

Dvergtistel før utplanting. (Foto: Bård Bredesen, Bymiljøetaten, Oslo kommune)

Frø vart samla inn, og dvergtistel vart oppformert og utplanta på Osloryggen i Botanisk hage.

I samarbeid med Direktoratet for naturforvalting og Bymiljøetaten i Oslo kommune dyrka ein så i 2010 fram endå fleire nye plantar i Forsøksavdelinga i Botanisk hage for å reetablera dei ute i naturen.

− Når dei vart store nok, planta vi dei ut på Padda, naboøya til Ulvøya. Den har det same kambrosilurske jordsmonnet som Ulvøya, og vi har planta den i same høgd over havet og i same himmelretning slik at den får same mengda sol.

Backup for ulukker

Men ikkje alle historiar om truga plantar har ein like lukkeleg slutt som denne.

Tidlegare i sommar vart ein av dei få forekomstane av strandtorn, ein annan truga art, uforvarande begravd under eit containerlass med jord og stein av Statnett.

− Frøinnsamling i naturen gjev oss uvurderleg backup for slike ulukker. Direktoratet for naturforvalting har derfor gjeve dei norske botaniske hagane i oppdrag å samla inn frø frå truga, norske plantar, seier Bjureke.

Powered by Labrador CMS