Gunstige plantasjar i regnskogen

Lokalbefolkninga sine plantasjar i regnskogen har ikkje alltid vore like populære, men no meiner forskarar ved Bergen og Oxford at dyrka mark i regnskogen ikkje nødvendigvis er så ille.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dersom du såg NRK-programmet Den store reisen i førre veke, såg du gjerne dei innfødte i Indonesia ta den norske familien med seg til ein liten plantasje i jungelen der dei dyrka ein spesiell rotfrukt.

– Slike mindre lommer med dyrka mark som denne stamma har inne i regnskogen, finn ein overalt i dei tropiske områda på jorda, i Afrika, Asia og Sør-Amerika, ifølge John Birks, professor i biologi ved Universitetet i Bergen.

Det kan vere plantasjar med kaffe, kakao, bananer, rågummi og liknande. Dette vert kalla skogsjordbruk (agroforestry systems). I nokre plantasjar dyrkar ein inne mellom dei opphavlege trea, for å skape skugge til plantene.

I India og Tibet finnes det planter med religiøs tyding, som lokalbefolkninga oppretter små reservat for.

– Skogsjordbruk i tropiske område har lenge vore sett på som noko som trugar det biologiske mangfaldet i regnskogen. Men når me har sett saman data frå heile verda, viser det seg at det er ikkje slik, seier Birks.

Oppløftande data

Ved å setje saman data frå 12 dyrka områder og frå ni ulike organismegrupper fordelt over fjorten land i det tropiske beltet, har forskarane fått eit overblikk over det biologiske mangfaldet ein finn i lommene med skogsjordbruk.

Forskarane spør seg korleis ein kan sameine lokalbefolkninga sitt behov for å leve og dyrke marka med bevaring av regnskogen og det biologiske mangfaldet. Samansetjinga av data frå område med skogsjordbruk er oppløftande for Birks.

– Det viser seg at ein i skogsjordbruksområde har 40-60 prosent likskap av biologisk mangfald til skogen rundt, seier Birks.

Samstundes viser det seg at nokre endemiske artar forsvinn også i skogsjordbruket.

Sjølv om områda med skogsjordbruk ikkje er like rik på stadspesifikke og skogspesialiserte artar, argumenterer forskarane for at områda bevarer mangfaldet i områder som elles ofte ville vore opne landskap.

Det lange perspektivet

Skogsjordbruksområde nær Wendo Genet i Etiopia. Her vert det dyrka bananar, kaffe, khat og bygg. Slike små jordbruksområde inne i regnskogen finn ein fleire stader i det tropiske Afrika. (Foto: John Birks)

Forskarane peiker også på at den regnskogen me i vesten gjerne reknar for urørt natur, ofte ikkje er det i det heile.

Skogen har mange spor av tidleg menneskeleg kultivering.

Det som me reknar som urskog kan ha vore fortidas brakkmark.

– Når ein ser ting i eit 10 000 år langt perspektiv slik me paleøkologar gjerne gjer, ser alt litt annleis ut.

– Det finnes mange døme på at det som me i dag kallar urskog har spor av menneskeleg aktivitet langt tilbake i tid, seier Birks.

Han viser til professor Hillary Birks, hans kollega og kone, sitt forskingsarbeid for ei tid tilbake som viste at dei ein i England kalla urskog tidlegare var kultiverte område med spor av menneske langt tilbake i tid.

Forskarane viser til at det mange stader i den tropiske regnskogen som i dag er rekna for jomfrueleg, har spor etter menneske langt tilbake i tid. Dei meiner det snarare er ein syklus av menneskeleg bruk og gjengroing av skog.

Dette gjer at paleøkologane ser mennesket som ein del av naturen og at biodiversiteten ein finn i regnskogen i dag er eit resultat av tidlegare menneskeleg aktivitet.

Til dømes finst det spor frå den gamle Mayakulturen på Yucatanhalvøya som viser at dei dyrka og kultiverte regnskogen. Det er spor i Columbia og Brasil av menneskeleg aktivitet i regnskogen før den europeiske invasjonen.

Det er spor etter bananplantasjer i hjarta av den afrikanske regnskogen 3000 år tilbake. Det er også spor etter 6000 år gamle bananplantasjer i regnskogen i Papua New Guinea.

Betre enn industri

Ifølgje Birks har skogsjordbruk i tropiske område blitt sett på som eit onde for dei som ønsker å bevare regnskogen.

– I vesten har me ein tendens til å tenke at viss me ikkje gjer det på den måten me meiner er rett, så må det vere galt. Men det er oftast lokalbefolkninga som kjenner eit område best. Bøndene er ofte dei beste økologane.

– Utan å vere det, ville dei ikkje ha overlevd. Lokalbefolkninga i dei tropiske skogane vil også bevare fuglar og sommerfuglar, men dei må også leve, seier John Birks.

Dei fleste jordskogsbruksområde er område med eit høgt nivå av biologisk mangfald. Her frå jordbruksområde nær Wendo Genet i Etiopia. (Foto: John Birks)

Birks peiker på skilnaden mellom lokalbefolkninga sin lågteknologiske dyrking og rydding av skogen og den industrielle ryddinga av regnskogen ein til dømes ser i Brasil.

Der maskinane durer inn og rydder skog, er det lite att av artar og planter.

Den lågteknologiske måten lokalbefolkninga rydder plantasjer på, gjer at det biologiske mangfaldet i langt større grad vert bevart.

Ikkje minst der det også står att tre som gjev skugge til dei dyrka plantene.

– Då me sette saman data frå områda med skogsjordbruk, var dei ei stor overrasking for oss at mangfaldet er bevart så godt som det er, fordi me har alltid tenkt at skogsjordbruk ikkje er bra, seier Birks.

Forskarane meiner tvert om skogsjordbruket kan spele ei viktig rolle i bevaring av det biologiske mangfaldet i tropiske område der menneske dominerer.

Balanse for betre vern

Forskarane listar også opp tre punkt for god forvaltning av område med skogsjordbruk for best vern av det biologiske mangfaldet:

* Den potensielle vernande effekten av skogsjordbruk er mest effektiv dersom ein har ein balanse mellom produksjon og vern av dei opphavlege artane i landskapet.

* Fordi bønder ofte må forsake deler av inntekta si for verne skog på jordbruksland, bør ein hugse på at belønning for vern av skog ofte har større verknad enn strenge restriksjonar på jordbruk.

* Fordi mange av bøndene er analfabeter, kan lokal opplæring for korleis å betre utnytte og verte mindre avhengig av skogsressursane, lette presset på verna skogsområde.

Referanse:

Bhagwat, Willis, Birks and Whittaker: “Agroforestry: a refuge for tropical biodiversity?”, Trends in Ecology & Evolution Volume 23, Issue 5, May 2008, Pages 261-267.

Powered by Labrador CMS