Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

I denne podcasten forklarar pianist og professor Geir Olve Skeie kva som skjer i hjernen når du høyrer musikk, og du kan høyre han spele Chopin. (Foto: Magne Sandnes)
I denne podcasten forklarar pianist og professor Geir Olve Skeie kva som skjer i hjernen når du høyrer musikk, og du kan høyre han spele Chopin. (Foto: Magne Sandnes)

Slik blir du påverka av musikk

Podcast: Kvifor blir du oppstemt av visse typar musikk og kjenner deg melankolsk av annan musikk? Kva er det som skjer i hjerna når alle på ein rockekonsert dansar i takt?

Publisert

I denne podcasten forklarar Geir Olve Skeie kva som skjer i hjernen når du høyrer musikk, og du kan høyre han spele Chopin. Du får høyre ein etyde av Chopin spelt polyrytmisk, som i dette tilfellet tyder at høgrehand speler i 3-takt medan venstre har 4-takt.

Geir Olve Skeie er pianist, overlege i nevrologi ved Haukeland Universitetssjukehus og professor II ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Han har fått stor merksemd for boka Musikk og hjernen: Om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen, som han ga ut saman med nevrolog Are Brean.

Podcasten er laga av Hilde Kvalvaag ved kommunikasjonsavdelinga til Universitetet i Bergen med hjelp av produsent Tane Høisæter.