Utnyttar ikkje kraftpotensialet

Nord-Noreg har eit potensial for fornybar energi som få regionar kan måla seg med. Kvifor vert det ikkje produsert meir fornybar energi i landsdelen? 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidleg i juni arrangerte miljøstiftinga Zero konferansen «Fornybar energi i Nord-Noreg» i Tromsø, med 105 deltakarar frå heile landsdelen. Konferansen samla mange av aktørane som er involvert i satsinga på fornybar energi.

Produksjonen av vasskraft i Nord-Noreg er på nesten 19 terawattimar (Twh), det utgjorde omlag 17 prosent av Noreg sitt elektrisitetsforbruk i 2007.

Twh er ei måleeining for energi, og dei tre nordlege fylka sitt totale forbruk av elektrisitet var omlag 13,4 Twh i 2007.

Vind-, hav- og bioenergi vert berre utnytta i marginal grad i landsdelen i dag. Fysikaren Kaja Nordby, som er rådgjevar i Zero, meiner at Nord-Noreg har heilt spesielle føresetnader for å auka produksjonen av fornybar energi.

- Nord-Noreg har eit heilt unikt potensiale for fornybar energi gjennom vindkraft i Finnmark og Troms, og gjennom småkraft i Nordland og Troms. Sidan Nord-Noreg har så store areal, kan me dessutan ta oss råd til å velja dei prosjekta som er minst i konflikt med det biologiske mangfaldet, seier Nordby.

Vil skapa arbeidsplassar

Nordby har skrevet rapporten Vindkraft i Nord-Norge for Zero, som er ei miljøstifting med regionkontor i Tromsø. Zero driv ikkje eigen forskning, men ønsker å jobbe saman med forskningsmiljøa.

Eitt av Zero sine svar på klimautfordringa er ei rask oppbygging av den fornybare energiproduksjonen, og organisasjonen blir ofte skulda for å ta for lite omsyn til verneinteresser.

I rapporten hevdar Nordby at produksjonen av fornybar energi i Nord-Noreg kan bli nesten like stor som vasskraftproduksjonen i landsdelen, dersom det blir lagt til rette for vindkraftutbygging i nordnorske kommunar.

- Eg meiner at det er realistisk at Nord- Noreg kan byggja ut minst 12,6 Twh vindkraft dersom den politiske viljen er der. Dette vil gje mange arbeidsplassar, truleg arbeid til 12 000 i anleggstida og 200 faste jobbar. I tillegg kjem arbeidsplassar knytt til utbygging av linjenettet.

Dessutan vil ei slik utbygging gje god tilgang på rein energi til næringsutvikling
og eksport frå landsdelen.

Nytt klima for fornybar energi

Hovudårsakene til at det ikkje har blitt bygt ut meir småkraft frå vassdrag og vindkraft fram til i dag, er lokale verneinteresser og mangel på støtteordningar for vindkraftprosjekt, som ikkje er lønsame utan statleg støtte.

- Med dei store utfordringane samfunnet har med å redusera klimautsleppa drastisk, samtidig som folk ynskjer å oppretthalda dagens velferdsnivå, er me nøydd til å byggja ut fornybar energi der anlegga ikkje kjem i konflikt med det biologisk mangfaldet.

Dei siste to åra har endra det politiske klimaet i høve til energispørsmål, til dømes er satsing på fornybar energi ein sentral del av det såkalla klimaforliket i Stortinget, som vart inngått i januar 2008. Nordby har stor tru på at fornybar energi kan bli ein viktig del av framtidig næringsutvikling i Nord-Noreg.

- Me meiner at ei satsing på fornybar energi vil føra til mykje av det same som å satsa på oljeindustri når det gjeld arbeidsplassar og infrastruktur. Den viktigaste forskjellen er at fornybar energi er berekraftig, og at arbeidsplassane er meir varierte, seier Kaja Nordby i Zero.

Dårlege rammevilkår

Forskingssjef i NORUT, Eirik Mikkelsen, var ein av deltakarane på konferansen.

Mikkelsen trur at dei dårlege rammevilkåra er årsaka til at Nord-Noreg ikkje har utnytta fornybar energi i større grad fram til i dag.

– Vindkraft er langt dyrare per Twh enn den straumen me brukar i dag. Ein strengare miljøpolitikk i Noreg og internasjonalt, med høgare avgifter på klimagassutslepp,
påbod om meir fornybar energiproduksjon, og støtteordningar for utbygging, vil gjera vindkrafta meir konkurransedyktig.

– Noko av dette kjem no, men det er også mange uavklarte saker, slik som utbygging av linjekapasiteten og korleis konfliktar knytt til vindmøller vert handterte, seier Mikkelsen.

Ei av utfordringane knytt til omstilling frå fossil til fornybar energiproduksjon,
er å få fram gode forskingsmiljø på fornybar energi. Ved Universitet i Tromsø er utdanninga «Miljø og energi i nord» starta opp ved Det matematisk-naturvitskaplege
fakultet.

Fagmiljøet fekk i vår tildelt tre stipendiat knytt til forsking på fornybar energi. Mikkelsen trur at universitetet og landsdelen kan byggja opp viktige forskingsmiljø på fornybar energi i åra framover.

– Då Forskingsrådet no nyleg utlyste midlar til sentre for fornybar energi, vart institusjonar i Nord-Noreg nærast fortalt at det ikkje var nokon vits å søkja. Med vidare utvikling i landsdelen av ulike typar fornybar energiproduksjon, bør det likevel vera gode sjansar for å byggje ut nordnorsk forskingskompetanse.

– Det krev uansett samarbeid og satsing frå fleire aktørar. Både frå universitetet, høgskulane, forskingsinstitutta, næringslivet og ikkje minst frå det offentlege, seier Eirik Mikkelsen.

Powered by Labrador CMS