Betre, men ikkje bra nok i Oslo-vassdraga

Etter snart 40 år med tiltak har Oslo kommune langt på veg nådd målet om elvar der laks og aure kan leva og gyta. No pressar EU på for å heva ambisjonane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Alna i Svartdalen. (Foto: Svein Jakob Saltveit, NHM)

I 1976 starta Vann- og avløpsetaten opp overvaking av vassdraga i Oslo kommune.

I starten var det berre den kjemiske tilstanden i vatnet som vart målt, men ganske raskt fekk forskarar frå Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo i oppdrag å overvaka botndyr og fisk i tillegg til vatnkjemien.

– I starten var målingane ganske intensive, og alle elvane vart undersøkte årleg. No er det ei rullerande ordning der vi måler to elver per år, forklarar forskar Svein Jakob Saltveit.

Arbeidet med å vurdera tilstanden for Oslo-vassdraga brukar resultata frå 1977-1979 som referanse for utviklinga. Tilstanden den gongen var ikkje særleg bra.

Fyrste laks sidan 1863

− I dei øvre delane av elvane var tilstanden god, men berre Lysakerelva hadde den gongen fisk i dei nedre delane, fortel forskarkollega Åge Brabrand.

Kommunen sette i verk fleire tiltak. Kloakkutslepp vart fjerna, og industriutslepp fekk andre avrenningar enn direkte til elva. Det hjelpte òg at mykje industri vart nedlagd. Sakte, men sikkert kom det fisk tilbake i elvane.

I Akerselva vart det i 1983 påvist laks for fyrste gong sidan 1860-åra.

– Resultata er eigentleg fantastiske, og kommunen skal ha ros for å setja seg mål som var både oppnåelege og målbare.

Ser død fisk raskt

Forsker Svein Jakob Saltveit, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)

– Den økologiske tilstanden er god i dei øvre delane av vassdraga, og laksen og sjøauren finst no i dei nedre delane av dei fleste elvane.

– Unntaket er Alna, der tilstanden er svært dårleg og vanskeleg å gjera noko med, seier Brabrand.

Ein fordel med at fisken er tilbake, er at alvorlege utslepp vert oppdaga fort.

– Om botndyr døyr, er det ikkje lett å oppdaga med berre auga. Men død fisk i elva ser folk raskt. Og når utsleppet er oppdaga, kan vi ofte bruka samansetjinga av botndyr til å spora oss tilbake så å seia inn på gardsplassen til syndaren, fortel Saltveit.

Ytterlegare tiltak

Men sjølv om kommunen har nådd måla den sette seg ved oppstarten, har det i mellomtida kome eit vassdirektiv frå EU som Norge har forplikta seg til å fylgja.

Det krev at det skal det vera god økologisk tilstand i alle vassdraga, og det er enno litt igjen før Oslo-vassdraga har nådd det målet.

– Ved å samanlikna tilhøvet mellom tolerante og ømfintlege botndyr, får ein eit godt mål på den økologiske tilstanden i elva, seier Saltveit, og legg til at det ligg mykje grunnforsking bak slike vurderingar.

Dei to forskarane meiner det skal vera råd å oppfylla krava i Vassdirektivet, men understrekar at det krever ytterlegare tiltak.

– Vi såg ein jevn framgang i Oslo-vassdraga fram til midten av 1990-talet, men sidan den gongen har utviklinga langt på veg stagnert. Tiltaka som er gjennomført etter det, har berre klart å oppretthalda situasjonen, ikkje forbetra den ytterlegare, seier Saltveit.

Gamle restar etter motorolje

Forsker Åge Brabrand, Naturhistorisk museum, Universietet i Oslo. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)

Ei stor utfordring er at det ligg restar etter gamle synder i botnsedimenta, noko dei fekk eit døme på då dei i april i år undersøkte effekten av eit utslepp av fyringsolje:

– Vi fann lite frå det ferske utsleppet, men derimot gamle restar etter motorolje. Eit grovt anslag er at det er relativt greitt å handtera 80 prosent av forureiningskjeldene, medan tilfelle som dette tilhøyrer dei siste 20 prosenta som det er meir krevjande å gjera noko med, seier Brabrand.

Urbane vassdrag vert dessutan ofte utsette for såkalla enkelthendingar. Kvar for seg treng dei ikkje vera altfor alvorlege, men skjer slike utslepp ofte nok, klarer ikkje faunaen å henta seg opp mellom kvar gong.

– Dette er opplagt ein av dei største utfordringane i byvassdraga i Oslo. Det er berre å visa til uhell i Akerselva dei siste 20 åra i denne samanhengen.

Referanse:

Saltveit m.fl.: The return of atlantic salmon (Salmo salar L.) and improved water quality in urban rivers in Oslo, Norway, River Research and Applications, published online: 15 MAY 2013, doi: 10.1002/rra.2670

Powered by Labrador CMS