Tidleg toleranse

Arkeologiske funn i Romsdal tyder på at dei siste vikingane og dei første kristne levde side om side og at dei i stor grad tolererte ulike religiøse skikkar og tilknytingar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den eldste kristne grava som er påvist i Noreg ligg her på Veøy i Romsdal, i Molde kommune. (Foto: Sæbjørg Walaker Nordeide) (Foto: Sæbjørg Walaker Nordeide)

Tidlegare og rikhaldige gravfunn tyder på at overgangen frå norrøn gudetru til kristendomen kom brått i Noreg. Medan den gamle gravskikken inneheldt element som gravgods og kremasjon, er spor etter slike skikkar borte i kristne graver.

Mange har argumentert for at kristninga av Noreg var dramatisk og voldsom, noko den brå overgangen i gravskikkar kan tyde på.

– Men vi veit ikkje noko om kva dei som vart kristna faktisk tenkte, påpeikar forskar Sæbjørg Walaker Nordeide ved Senter for middelalderstudier ved Universitetet i Bergen.

– Når ein ser kor sterke kjensler folk har kring religiøse spørsmål og tilknyting i dag, så er det lien grunn til å tru at dei skal ha teke det mindre alvorleg den gong, seier ho.

Likevel tyder arkeologiske funn i Romsdalen på at kristne har levd i fred og fordrageligheit med naboar med norrøn tru, i alle fall i ein periode. I Rauma er det funne spor som tyder på at det var stor variasjon i den lokale kulten og at menneske med ulike religiøse skikkar, både kristne og folk med norrøn tru, må ha levd parallelt.

– Funna kan tyde på at dei var tolerante i høve til utøving av anna kult og religion. Ein kan jamvel håpe at mangfald var verdsatt. Sameksistens og religiøs toleranse er jo også eit svært aktuelt spørsmål i dag, seier Nordeide.

Kan gje sikrare datering

Noregs første kjende kristne konge, Håkon Adalsteinsfostre, regjerte frå Vestlandet på midten av 900-talet. Olav den Heilage blir sagt å ha innført kristendomen som statsreligion i Noreg. Men når slo eigentleg den nye religionen rot blant folk flest?

– Vi har ikkje noko klart svar på når Noreg vart kristna. Kjeldene er svake og tendensiøse, seier Nordeide.

Snorre Sturlason har hittil vore historikarane og arkeologane si hovudkjelde når det gjeld opplysingar om religion i tida kring kristninga av Noreg. Men Sturlason var ikkje berre kristen og islending, han levde heller ikkje i den perioden han skildrar, seier ho.

Nordeide har mellom anna gravd ut denne gravrøysa på Horgheim. (Foto: Sæbjørg Walaker Nordeide) (Foto: Sæbjørg Walaker Nordeide)

Avstand til forskingsmaterialet både når det gjeld tid og kjenslemessig tilknyting kan vere med på å gjere arkeologar og andre forskarar uhilda, ifølge Nordeide.

Til trass for at tolking av kjelder og arkeologiske funn kan vere vanskeleg, meiner ho at det er på tide å prøve å datere kristninga av Noreg på ny, ved hjelp av arkeologiske funn som no kan daterast meir presist enn tidlegare.

Romsdal rik på funn

Rauma i Romsdal er av stadene med dei rikaste arkeologiske funna frå yngre jernalder i landet. På Veøy er det funne spor etter den første kristne kulten i Noreg. Til trass for rike funn, har det likevel blitt forska lite på Romsdalsområdet si tyding.

– I Romsdal har det vore enkelt å kome seg frå ytst i havgapet til inst i fjellheimen. Dette må ha vore eit viktig strategisk område, og mykje tyder på at det har vorte urbanisert relativt tidleg, seier Nordeide.

Ho har drive utgravingar og undersøkjingar fleire stader i Romsdal, mellom anna på ein tidleg kristen kyrkjegard på Villa i Tresfjord. Her har ho gravd ut ei kristen grav med ein svært alderdomeleg karakter. Førebels er det uklart kor gamal grava er, men ho ventar no på prøvesvar.

Ved foten av Romsdalshorn i Romsdalen er det rike funn av eldre graver, og også her har Nordeide gjort undersøkjingar.

– Dersom området ved foten av Romsdalshorn har vore ein norrøn kultstad samstundes som kristendomen har slått rot i området, er dette svært interessant, seier ho.

Sæbjørg Walaker Nordeide. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl) (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Arkeologane har fått sikre dateringar på ikkje-kristne graver så seint som til 1000-talet, og kristne graver frå 800- og 900-talet. Sameksistensen tok likevel slutt etter ein periode.

Kristninga av Noreg var del av ein felles europeisk organisasjon med god logistikk, og det vart drive utstrakt misjonsverksemd, ifølge Nordeide.

På kva tidspunkt dei kristne lovene vart så strenge at folk flest ikkje torde å gjere anna enn å rette seg etter dei, har vore omdiskutert. I Irland har ein sett at spor etter norrøn religion er bortgøymte utpå 1000-talet.

Skildringar tyda på at det også fantest ein stad med bortgøymte norrøne spor i Romsdal, men undersøkjingar har avkrefta dette.

Nordeide har teke ei lang rekke prøver frå ulike lokalitetar i Romsdal. Når svara på dateringane av prøvane kjem, håper ho å vere eit steg nærare eit bilete av korleis dei norrøne gudedyrkarane og dei første kristne levde saman i Romsdal.

Powered by Labrador CMS