Annonse

Ein sårbar og utrygg kropp

Slik skildrar brannskadde personar kroppen sin i ein doktorgradsstudie. Asgjerd Litleré Moi har forska på korleis brannskadde opplever livet etter ei brannulykke.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Opplevinga av kroppen som totalt utrygg er noko av det brannskadde opplever som vanskelegast etter ulykka, viser ein doktorgradsstudie. Foto: iStock.

Forskinga blant brannskadde har til no vore mykje fokusert på vanskane ved å ha ein skadd kropp, men få studiar har fanga opp den brannskadde sine erfaringar og opplevingar etter ulykka ved hjelp av kvalitative metodar.

Asgjerd Litleré Moi har skrive doktorgrad på kva den brannskadde opplever som livskvalitet etter ei brannulykke.

Utvalet for forskinga har vore norske brannskadepasientar, og Moi har nytta både kvantitativ og kvalitativ metode i forskinga si.

Ein utrygg kropp

- Det å ikkje kunne røre på seg, ikkje kunne dra i snora for å tilkalle hjelp, opplevast som total hjelpeløyse, seier Moi.

Ho har funne at opplevinga av kroppen som totalt utrygg, er noko av det pasienten opplever som vanskelegast like etter ulykka.

Det er altså ikkje alltid smerta over skadane som opplevast som vanskelegast, men også det å ha ein hjelpelaus kropp. Det nye funnet kjem fram i den kvalitative delen av doktorgrada.

Studien viser også at denne fasen representerer den djupaste dalen hos den brannskadde med tanke på å oppleve livskvalitet.

- Eg håpar skildringane av kor hjelpelause dei brannskadde føler seg, gjer at helsepersonell forstår og er meir opne for å lese pasienten og behova hans i denne fasen av behandlinga.

- Ein tenker ofte at smerta er det verste, men kraftløysa og hjelpeløysa etter ei brannskade kan kjennast vel så ille, og dette er det viktig at vi som helsepersonell blir mint om, seier Moi.

Behandlinga tar tid

Moi har i den kvalitative studien intervjua informantane 14 månadar etter ulykka. På denne tida var alle utskrivne frå sjukehuset.

- Eg valde å skrive ein artikkel om erfaringar med den brannskadde kroppen, fordi eg her fekk vist at kroppen var krevjande, også etter at pasienten hadde reist frå sjukehuset, seier Moi.

Det er gjort få studiar av opplevinga av den brannskadde kroppen etter sjukehusopphaldet.

Eit viktig funn her var at det tar lang tid for kroppen å restituere seg, og at ei vanleg erfaring blant informantane var at vegen tilbake til livet tok lengre tid enn forventa.

Funnet gir ei konkret utfordring til helsepersonell i å legge til rette for den tida det tar for kroppen å restituere seg i eit rehabiliteringsopplegg.

Gi realistiske forventningar

Fleire informantar gav uttrykk for at realistisk informasjon frå helsepersonell var ein avgjerande faktor for å halde ut den lange behandlingstida. Det var lettare å halde ut krevjande trening og behandling når dei visste at dei ville bli betre, og omtrent kor lang tid det ville ta.

Moi ser at denne informasjonen var sentral både for pårørande og den brannskadde.

- Lærdommen ein kan trekke ut frå dette funnet er at det er viktig at helsepersonell også inkluderer den pårørande i heile behandlinga, seier Moi.

Mange av informantane gav utrykk for at familie og nære venner var den viktigaste motivasjonsfaktoren for å gjenvinne fridomen.

Ville hugse det vonde

Asgjerd Litleré Moi har forska på brannskadde si oppleving av livskvalitet. Det er gjort få kvalitative studiar på temaet.

Fleire av informantane kunne bare hugse brotstykke frå ulykka og frå tida under sjukehusopphaldet, likevel gav mange uttrykk for at dei ville vite kva dei hadde vore igjennom.

Det var viktig å finne meining med draumane ein hadde hatt, og å klare å skilje mellom kva som var fiksjon og kva som var verkeleg.

Samtalar med pårørande og sjukepleiarar var viktige, og ein nytta bilete, dagbok og medisinsk journal for å kunne rekonstruere livshistoria si.

– Eg synes dette var eit overraskande funn, seier Moi.

- Ofte tenker ein at det er godt at ein ikkje hugsar alt, men informantane mine motseier dette. Dei viste til at minna er ein viktig del av identiteten vår, og at dei ønskte å skape samanheng i det dei hadde vore igjennom for å kunne gå vidare i livet.

Å få valet tilbake

Fleire informantar hadde opplevd å måtte ha hjelp til alt, og difor vart det å gjenvinne daglege roller og funksjonar ofte det som vart opplevd som aller viktigast med tanke på livskvalitet.

Målet var å få igjen fridomen i livet dei hadde før skaden, og nokre meinte også at erfaringane skaden hadde gitt dei hadde ført til eit betre liv. Ei oppleving av fridom vart difor det næraste Moi kom omgrepet livskvalitet.

Referanser:

Moi, A.L., Vindenes, H., & Gjengedal, E.(2008): The experience of life after burn injury: A new bodily awareness. J Adv Nurs 2008; 64:278-86.

Moi, A.L., Gjengedal, E.(2008): Life after burn injury: Striving for regained freedom. Qual Health Res 2008; 18:1621-30.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS