Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Skal, skal ikkje? Mange kvinner reduserer legemiddelbruken under svangerskapet.

Kvinner brukar meir antibiotika når dei er gravide

Vanlegvis reduserer gravide bruken av legemiddel under svangerskapet. Antibiotika er unntaket som stadfestar regelen.

Ein del legemiddel fører med seg ein risiko for skadar på fosteret dersom mora tek dei. For endå fleire er effekten på barnet ukjend, og ein åtvarar derfor mot å bruka dei, for å vera sikker.

– Det er kjent frå før at kvinner derfor reduserer den generelle medisinbruken sin når dei er gravide. Vi ville sjå spesifikt på antibiotikabruken, seier forskar Nhung Trinh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Ved å bruka data frå Fødselsregisteret og Reseptregisteret kunne forskarane avdekka at bruken av antibiotika gjekk i motsett retning av anna medisinbruk: Han gjekk opp.

– Noreg har gode register som går langt tilbake i tid. Fødselsregisteret går tilbake til 1967, og Reseptregisteret starta opp i 2004. Det gjev oss unike moglegheiter til å samanlikna utvikling over tid, seier Trinh.

– Nokre bakterielle infeksjonar er det ofte rett og slett ikkje råd på bli kvitt utan å ty til legemiddel, seier Nhunh Trinh.

Kan velja bort for ein periode

Dataa seier berre korleis trendane i medisinbruken har vore, ikkje kva årsakene er.

Men Trinh meiner noko av grunnen til høgare antibiotikabruk kan vera at gravide er meir utsette for infeksjonar, i tillegg til at endra rutinar i svangerskapsomsorga gjer at ein oppdagar fleire infeksjonar enn tidlegare.

– Spesielt urinvegsinfeksjonar er vanlege, men òg andre bakterielle infeksjonar. Desse er det ofte rett og slett ikkje råd å bli kvitt utan å ty til legemiddel, seier ho.

– Andre legemiddel kan det vera råd å velja bort for ein periode, som til dømes hostemedisinar, medisinar mot hovudverk med fleire.

Nokre kvinner er meir disponerte

Ho understrekar at ein verken bør slutta eller starta med reseptpliktig legemiddel under svangerskapet utan å rådføra seg med legen sin.

– Fordi vi hadde desse lange tidsseriane, kunne vi samanlikna antibiotikabruken hjå den same kvinna under seinare graviditetar, seier ho.

Då fann forskarane at dersom ei kvinne fyrst hadde brukt antibiotika under ein graviditet, var det tre gonger så sannsynleg at ho skulle bruka det igjen under eit seinare svangerskap samanlikna med dei som ikkje hadde brukt antibiotika under tidlegare svangerskap.

– Det kan henda at nokre kvinner er meir disponerte for til dømes urinvegsinfeksjonar enn andre. Det er òg nærliggjande å tenkja at har du fyrst brukt antibiotika under eitt svangerskap, og alt har gått bra med barnet, er terskelen lågare for å bruka antibiotika neste gong du er gravid.

Antakeleg spelar begge desse faktorane ei rolle.

Bidreg mindre til antibiotikaresistens

Sjølv om vi brukar for mykje antibiotika i verda og resistensspøkelset trugar over horisonten, har vi til no få gode alternativ. Då er det i det minste ei trøyst at gravide får meir smalspektra antibiotika enn andre.

– At eit antibiotika er smalspektra, betyr at det er meir målretta mot spesifikke bakteriar eller bakteriegrupper. Dermed bidreg dei mindre til at bakteriar utviklar resistens, forklarar Trinh.

– Blant gravide var andelen smalspektra antibiotika rundt 90 prosent, mot berre 60 prosent dersom dei hadde brukt antibiotika før dei vart gravide.

Referanse:

Nhung Thi Hong Trinh mfl.: Use of interrupted time-series analysis to characterise antibiotic prescription fills across pregnancy: a Norwegian nationwide cohort study. BMJ Open, 2021. Doi.org/10.1136/bmjopen-2021-050569

Powered by Labrador CMS