Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Risikoen for prematur fødsel, altså fødsel før veke 37, var 6 prosent blant kvinner som brukte angst- og sovemedisin samanlikna med cirka 4 prosent i kontrollgruppene.

Fleire for tidlege fødslar hjå gravide som tok angst- og sovemedisin

Om det er sjølve medisinbruken som er årsaka, er framleis uklart.

Nokre svangerskap er vanskelegare enn andre. Når vordande mødrer slit med søvnproblem og angst, og alt anna er prøvd, kan det vere nødvendig med medikamentell hjelp.

– Ein prøver først andre metodar. Men ved svært alvorlege angst- og søvnforstyrringar kan benzodiazepinar og benzodiazepinliknande medisinar kalla z-hypnotika vera ei nødvendig akutthjelp, seier professor Hedvig Nordeng.

Benzodiazepinar forsterkar naturlege mekanismar i kroppen som hemmer aktivering av nerveceller.

Nordeng er hovudansvarleg og blant forfattarane av ein ny studie som er publisert i tidsskriftet JAMA Network Open. Studien er eit samarbeid mellom forskarar frå Farmasøytisk institutt på UiO og Folkehelseinstituttet.

Usikkerheit om medisinbruk

Medisingruppa dei undersøkte inneheld både angstdempande medisinar, sovemedisinar og lettare innsovningsmedisinar. Slike medisinar fungerer godt ved kortvarig bruk, men dei er vanedannande, kan påverke køyreevna og har misbrukspotensial.

– Derfor er dei norske retningslinene for befolkninga generelt at dei fortrinnsvis berre skal brukast over korte periodar eller i sporadiske enkeltdosar, seier Nordeng.

Dei same retningslinene vert brukte for gravide. Men det har vore usikkert om medisinbruken påverkar forhold som fødselsvekt og tidspunkt for fødselen.

For å finne ut meir om det, tok forskarane utgangspunkt i MoBa-undersøkinga, ei stor norsk undersøking som gjekk frå 1998 til 2007 og omfatta over 100 000 mor/barn-par.

– Eg oppmodar alle som er i tvil om medisinbruk under svangerskapet om å rådføra seg med legen sin, seier Hedvig Nordeng.

Fødde to dagar tidlegare

Forskarane brukte opplysningar frå over 600 kvinner som sjølve oppgav at dei hadde brukt slike medisinar i svangerskapet.

Dei vart samanlikna med to grupper kvinner: dei som ikkje hadde brukt slike medisinar og kvinner med angst- og søvnforstyrringar som hadde brukt slike medisinar før, men ikkje under svangerskapet.

– Deretter samanlikna vi opplysningar frå fødselen og justerte for mulege forskjellar i andre risikofaktorar og bakanforliggande faktorar som gjorde gruppene forskjellige, fortel Nordeng.

Gravide som hadde brukt desse medisinane undervegs i svangerskapet, fødde i gjennomsnitt to dagar tidlegare enn dei to andre gruppene.

– Barna vog òg 80 gram mindre, men det kjem truleg nettopp av dei to dagane, seier Nordeng.

Dobbelt så høg risiko

To dagar frå eller til i eit svangerskap som normalt varar 40 veker, gjev ikkje så stor grunn til uro. Men Nordeng trekkjer fram eit anna funn som det er nødvendig å undersøke vidare:

Risikoen for prematur fødsel, altså fødsel før veke 37, var 6 prosent blant kvinner som brukte angst- og sovemedisin samanlikna med cirka 4 prosent i kontrollgruppene.

Analysane vart justerte slik at ein samanlikna med kvinner som hadde dei same plagene, men ikkje brukte medisinar. Dei vart òg justerte for andre bakanforliggande faktorar, som alvorlegheitsgrad.

Då utgjorde medisinbruken ein auka risiko på 40 prosent i forhold til dei som ikkje brukte slike medisinar. Då forskarane såg berre på dei som fekk medisinane seint i svangerskapet var risikoen for prematur fødsel endå høgare: dobbelt så høg ved angst- og sovemedisinbruk.

Så då skulle ein tru at saka var grei og at ein kan peika ut medisinbruken som årsaka til den auka risikoen. Men så enkelt er det ikkje.

Rådføra med legen

– Sjølv med ein så omfattande studie som denne og avanserte statistiske analyser for å gjera dei samanlikna gruppene så like som råd, kan vi ikkje fullt ut ta høgde for at kvinnene som brukar angst- og sovemedisinar kan vera sjukare enn andre kvinner med tilsvarande sjukdom, men utan slik medisinbruk.

Studien byggjer dessutan delvis på eigenrapporterte data, som det alltid vil vera knytt ein viss usikkerheit til, forklarer Nordeng.

– Begge desse forholda kan føre til små målefeil som gjer at vi ikkje kan fastslå om det er en klar årsakssamanheng mellom bruk av medisinane og for tidleg fødsel.

Ho understrekar at avgjerder om bruk av angst- og sovemedisinar aldri er enkle og oppmodar alle som er i tvil om å rådføra seg med legen sin.

– Dette er reseptbelagte medisinar som berre skal brukast når legen har vurdert at fordelane med å behandle angst- og søvnproblema i svangerskapet med medisin er større enn risikoen ved medisinbruk.

Referanse:

Anders Huitfeldt mfl.: Associations of Maternal Use of Benzodiazepines or Benzodiazepine-like Hypnotics During Pregnancy Wih Immediate Pregnancy Outcomes in Norway. JAMA Network Open, 2020. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2020.5860

Powered by Labrador CMS