Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Når ein slit psykisk, har ein gjerne nok med å ta vare på seg sjølv, og her har ein altså ein hjelpelaus person i tillegg å ta hand om.

Gravide og ammande: – Desse kvinnene er oppdaterte på risikoen ved bruk av enkeltlegemiddel

Å ta, eller ikkje ta medisin mot psykiske lidingar? Det er spørsmålet mange kvinner stiller seg under svangerskap og amming.

Kvinner som har brukt legemiddel mot mentale lidingar tidlegare, er rimeleg gode til sjølve å vurdera risikoen for seinskadar på foster og barn, ifølge ein studie.

Kan legemidla mor tek, føra til seinskadar som ADHD eller autisme hjå barnet?

For kvinner som brukar psykofarmaka, legemiddel mot mentale lidingar, har spørsmålet ein ekstra dimensjon: Dersom eg sluttar med medisinane, vil tilstanden min då forverra seg, og vil det gå ut over barnet?

Når ein slit psykisk, har ein gjerne nok med å ta vare på seg sjølv, og her har ein altså ein hjelpelaus person i tillegg å ta hand om.

– Det er gjort noko forsking på verknaden på barnet ved bruk av desse legemidla hjå mora, inkludert her på instituttet, seier forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Men rådet vårt er alltid å gjera ei individuell vurdering i samråd med lege, med forskingsfunna som eit utgangspunkt.

– Jamt over var funna positive. Kvinnene vurderte risikoen nokolunde likt med forskinga, seier Angela Lupattelli.

Betre grunnlag for vurdering

I ei slik vurdering vil det vera nyttig for legen å ha ein idé om korleis kvinner vurderer risikoen ved bruk av psykofarmaka.

Tidlegare studiar har tyda på at risikoen vert vurdert som noko høgare enn kva han faktisk er. Ein ny studie under leiing av Lupattelli har ei ny tilnærming:

– Tidlegare studiar har spurt gravide og ammande, punktum, uavhengig av om dei har erfaring med bruk av psykofarmaka sjølve. Vi har derimot avgrensa oss til kvinner som har erfaring med bruk av desse legemidla, forklarar Lupattelli.

– Dei har naturleg nok eit betre grunnlag for vurderingane sine enn kvinner som aldri har hatt noko å gjera med slike legemiddel.

Ikkje så mykje kunnskap om antipsykotika

Kvinnene blei bedne om å vurdera risikoen for seinskader på foster eller barn ved bruk av psykofarmaka som antidepressiva, antiepileptiske legemiddel, sovemedisin, antipsykotiske legemiddel og liknande, på ein skala frå 0 til 10.

Som ein kontroll vart dei i tillegg bedne om å vurdera risikoen ved bruk av alkohol, og òg ved inntak av tranebær, som er heilt ufarlege.

Ikkje minst vart kvinnene bedne om å vurdera risikoen for den psykiske helsa under svangerskap og amming, uavhengig av om tilstanden vart behandla med legemiddel.

– Jamt over var funna positive. Samla sett vurderte kvinnene risikoen nokolunde likt med forskinga: antidepressiva mindre risikabelt enn ubehandla sjukdom, sovemiddel litt høgare enn det igjen. Tranebær vart vurdert som lite farleg, medan alkohol skåra 9 på ein skala til 10, fortel Lupattelli.

– Antipsykotika vart vurdert som noko meir risikabelt enn forskinga tilseier, men vi har ikkje så mykje kunnskap om bruk av desse legemidla under svangerskap og amming.

Oppdaterte på risikoen

Eit litt spesielt funn var at risikoen ved bruk av antiepileptika vart vurdert som ganske høg, høgare enn kva retningslinjene for desse legemidla skulle tilseia. Men Lupattelli har forklaringa:

– Det einaste legemidlet vi brukte som eksempel på antiepileptika, var valproat. I alle fall sidan 2018 har ein frårådd bruken av dette legemidlet blant gravide og kvinner i fertil alder, seier ho.

– Så vi har ikkje fått noko påliteleg vurdering av risikoen ved antiepileptika – men derimot kan vi ha fått ein indikasjon på at desse kvinnene er oppdaterte på risikoen ved bruk av enkeltlegemiddel, og det er i så fall positivt.

Dei med mykje og lite utdanning vurderte risikoen høgare

Ved å studera bakgrunnsdata nærmare, såg forskarane at nokre grupper skilde seg ut ved å vurdera risikoen som høgare enn andre.

– Kvinner med berre grunnskule og kvinner med eit anna morsmål enn norsk, vurderte risikoen som høgare. Det same gjorde kvinnene med mest utdanning, og kvinner som arbeidde i helsevesenet, fortel Lupattelli.

– Om vi generaliserer, ser det altså ut som dei med minst og dei med mest informasjon er dei som vurderer risikoen som høgast.

Overraskande funn

Eit litt uventa funn var at kvinnene vurderte risikoen ved bruk under amming som nesten like stor som under svangerskapet. Det var liten forskjell i svara mellom dei ammande kvinnene og dei gravide.

– Det overraska oss litt, sidan overføring av legemiddel gjennom morsmjølk skjer i mykje mindre grad enn mellom mor og barn under svangerskapet. Det er eit funn det kan vera nyttig for rådgjevande helsepersonell å vera merksame på, seier Lupattelli.

– Ikkje minst overraskar det litt sidan kunnskapen elles er såpass god. Det ville vore interessant å finna ut om dette gjeld generelt og ikkje berre denne gruppa.

Medan det er Lupattelli som har leia arbeidet, er det Ludvig Bjørndal som har utført hovuddelen. Bjørndal var sommarstudent ved Farmasøytisk institutt gjennom UiO: Livsvitenskap i 2021.

Referanse:

Ludvig D. Bjørndal, Angela Lupattelli mfl.: Perceived risk of neurodevelopmental outcomes in offspring related to psychotropic and mental illness exposures in pregnancy and breastfeeding: a cross-sectional survey of women with past or current mental illness. BMJ Open, 2022. Doi.org/10.1136/bmjopen-2022-061159

Powered by Labrador CMS