Blodig idé med stor suksess

Ideen til blodprøva som avslører sjukdom ramla ned i hovudet hans på veg heim frå arbeid. No kan forskingsdirektør i DiaGenic, Anders Lönneborg, sjå tilbake på eit medisinsk eventyr og børssuksess.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Blodprøvetesten gir:

  • Enkel blodprøve
  • Tidleg og presis diagnose
  • Initierer nye behandlingsmetodar
  • Reduserer feildiagnostisering
  • Reduserer feilmedisinering

Blodprøva (genekspresjon) som kan visa om du er sjuk, alvorleg sjuk, måler aktiviteten til eit visst sett gener. Genene vil tilsaman gi informasjon om du er sjuk - til dømes av brystkreft eller Alzheimer.

Blodprøve er enkelt, og enno betre: Ein treng ikkje ta prøva i det aktuelle sjukdomsområdet. Prøva syner seg så langt å vera veldig presis.

Forskingsdirektør i DiaGenic, Anders Lönneborg, fortel om da han fikk ideen til det medisinske eventyret og børssuksessen som blodprøva som avslører sjukdom  skulle syna seg å bli.

Ideen bortimot ramla ned i hovudet hans der han spaserte på veg heim frå arbeid.

Enkel - men vanskeleg

Forskingsdirektør i DiaGenic Anders Lönneborg.

– Ideen er enkel, men teknologien er vanskeleg, seier Lönneborg.

Teknologien var mest ikkje utvikla for ti år sidan, så dette må kunne seiast å vera nybrottsarbeid.

Lönneborg insisterer på at blodprøva er en genaktivitetstest og ikkje ein gentest.

– Vi testar med prøven om du er sjuk, ikkje om du kjem til å verta sjuk, seier han.

Eit av dei store framskritta med testen til DiaGenic er at no kan sjukdom avslørast mest før han bryt heilt ut. Lönneborg ser ikkje for seg at forsikringsselskapa skal verta unødig tettgangande av den grunn.

– Dei etterspør til dømes ikkje mammografiresultata i dag heller, så vi ser ikkje for oss at testresultata våre svekkjer pasientvernet i framtida.

Diagnose og behandling

Ei side av sjukdomsbiletet er å detektera sjukdom, oppdaga symptom og finna årsaker. Kva med behandlingsregime til å fanga opp diagnosen og pasienten?

Forskingsdirektøren seier utviklinga går hand i hand. Testen er med og genererer og set fart på pengestraumen inn mot utvikling av ulike behandlingsregime.

Alzheimer har i dag eit medisinregime som kan halda sjukdomen litt i sjakk, utsetja sjukdomsutviklinga og letta på symptoma. Det same ser ut til å gjelda sjukdomen Parkinsons.

Mange firma innan internasjonal legemiddelindustri er med i kappløpet om å finna gode behandlingsregime.

Blodprøvetesten reduserer òg faren for feildiagnostisering og med det feilmedisinering.

På det viset slepp pasienten feil diagnose og ikkje minst eventuelle biverknader av medisinar som ho slett ikkje skulle måtte ta.

Storbritannia får brystkrefttest

Brystkreft er ein sjukdomstilstand der ein frå før har eit stort behandlingsrepertoar, mellom anna stråling, cellegift og kirurgi. Mange vert friske att, ei tidleg diagnose betrar sjansane enno meir for å verta frisk.

Mest sannsynleg får Storbritannia testen som fortel om du har brystkreft eller ikkje i løpet av 2009.

Anders Lönneborg seier han er glad for kvinner på sikt kan få sleppa den ubehagelege mammografien. At ungjentene med tettare brystvev får oppdaga krefta på eit enda tidlegare stadium.

Noko som har vist seg å vera eit kritisk punkt i behandling av brystkreft, ikkje minst for dei mest aggressive mammacansertypane.

Optimistisk realist

Sjølv om det vil vera både mammografi og DiaGenics test til å starta med.

– Ein gir ikkje slepp på godt utreda testar eller behandlingar sjølv om nye kjem på marknaden. Framtida får syna om testen held mål klinisk.

Forskingssjefen ser fram til at den internasjonalt patenterte blodprøvetesten kan komma heile Europa og Amerika til gode. Og minner om at mammografi, ultralyd og vevsprøve (biopsi) til saman i dag ikkje oppdagar alle brystkrefttilfella.

DiaGenic har stor grunn til å sjå for seg ein meget god test, men Lönneborg er forsiktig med å lova for mykje her og no. Sjølv om han er veldig optimistisk på vegne av testen.

Hollywood neste

Blod 

Ideen til blodprøva (genuttrykkstesten) stammer frå prøver teken på tre og vegen til å tenkja at dette ville fungera like godt på menneske synte seg å vera ikkje altfor lang.

No får testen uventa hjelp frå USA. Skodespelaren Michael J. Fox har i lengre tid slite med Parksinons. Stiftinga hans, med same namn, har fatta interesse for testen og står for finansiering til å utvikla testen også for Parkinsons.

Sjølve arbeidet med testen skal gå føre seg hos DiaGenic, men med eit nært samarbeid med prestisjetunge Harvard Medical School.

Skodespelar Michael J.Fox sin interesse for arbeidet vårt betyr mykje ifølgje forskingsdirektør i DiaGenics, Anders Lönneborg.

– Det fine for oss er at no kan vi teknologien, vi ser for oss at vi kan utvikla testar for mest kva for sjukdom ein kan tenkja seg, seier forskingsdirektør Anders Lönneborg i DiaGenic.

Powered by Labrador CMS