Mysteriet med Rembrandt og vår eigen underarm

Kan eit måleri frå 1632 avdekke anatomiske løyndomar i moderne tid, og skjuler det seg eit mysterium i Rembrandt sitt meisterverk?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dr. Nicolaes Tulps anatomiforelesning. (Foto: Wikimedia commons)

I 1632 målte Rembrandt eit bilete. Resultatet skulle vise seg å vekkje begeistring og overrasking i fleire hundreår etterpå. 

Framleis kan Dr. Nicolaes Tulps anatomiforelesning lære oss noko om naturhistoria og vitskapen. Korleis kan det ha seg?

– Eg har lenge tenkt på at eg ville studere måleriet nærare, men det var først då eg såg eit bilete i teikneserien Asterix og Obelix at ballen byrja å rulle, fortel dosent Alex Strømme ved NTNU.

Kven har sagt at ein ikkje kan gå ut av boksen for å finne inspirasjon? Denne teikneserien inspirerte Alex Strømme til å sjå nærare på eit snart 400 år gammalt mysterium. (Foto: Skjermdump frå teikneserien om Asterix og Obelix)


Her ser ein tydeleg korleis sjølve scena er som henta rett ut av Rembrandt sitt eige måleri. Det er ikkje store skilnadar anna enn at menneskja er erstatta med teikneseriefigurar, og liket erstatta med ein fisk.

– Vi ser korleis Asterix er den einaste som ikkje peikar inn på bilete, men korleis han ser på meg som oppdaga denne løyndomen. Dette biletet førte til at eg berre måtte finne ut kva Rembrandt sitt måleri verkeleg handla om, seier han.

Det anatomiske mysteriet

Meisterverket har inntil nyleg vore eit av legevitskapen sine mysterium. Men sjølve anatomiførelesinga er ikkje det mest interessante i biletet.

Det viktigaste for dei menneska som er med i dette måleriet, var å vise at dei var der. På sjølve måleriet ser vi Dr. Nicolaes Tulp saman med sju andre legar.

Men kva veit vi om dette meisterverket, og kan vi slå fast kven som er hovudpersonen her?

– Vi veit veldig mykje. Vi veit kven som er med, og vi kan vere ganske sikre på at ein del av dei har betalt seg inn for å bli ein del av portrettet. Liket er hovudpersonen som kan fortelje oss meir om akkurat når denne situasjonen fann stad.

Vi veit at det var 31. januar 1632, og at dette er liket til den kjende forbrytaren Aris Kindt. Han vart hengt for ran, og offentleg dissekert mot sin vilje, fortel Strømme. 

– Slike disseksjonar vart gjort opptil ein til to gonger i løpet av året, og oftast når det var kaldt i været, slik at liket heldt seg. Ein slik disseksjon kunne fort ta eit par dagar, og det var viktig at liket var i god stand.

Djevelen ligg i detaljane

På denne tida var disseksjonane ei offentleg og stor hending, og legane hadde plikt til å møte opp for å få det med seg.

At det var Dr. Tulp som gjennomførte disseksjonen var kanskje ikkje tilfeldig. Han var ein svært dyktig lege, som blant anna var den første til å påvise samanhengen mellom tobakksrøyk og helseskadar.

Kvifor han ville at nett denne disseksjonen skulle bli foreviga, er vanskeleg å seie, men vi veit at Dr. Tulp gav oppdraget til den framleis litt ukjente kunstnaren Rembrandt.

– Vi veit ikkje korleis dette gjekk til, eller kor mykje Rembrandt fekk for å måle biletet, men vi kjenner godt til resultatet. Ved å studere måleriet kan vi sjå at Rembrandt verkeleg kunne måle. Sjå på fargane, komposisjonen, detaljane.

Kva er det med denne underarmen som gjorde at den vart eit mysterium? Og gjorde Dr. Tulp og Rembrandt ein anatomisk feil? (Foto: Wikimedia commons)

Kva skjuler seg?

Før renessansen (1350-1600) hadde ein ikkje mykje kunnskap om eller fokus på anatomi. På 1600-talet hadde anatomien vorte ein del av folkeopplysninga, noko ein kan sjå att i måleriet til Rembrandt.

Her ser ein Dr. Tulp forklare korleis muskulaturen fungerer ved dissekeringa av liket.

På overflata kan ein ikkje nødvendigvis sjå at det skjuler seg noko mystisk i dette måleriet, men studerer ein det nærare, kan ein finne fleire overraskande detaljar. Slik som tekstboka om anatomi som ligg oppslått framfor Dr. Tulp, kan sjå ut til å vere Andreas Vesalius sitt store meisterverk.

Ein av legane har også festa blikket på denne boka, og det er tydeleg at ein i denne situasjonen var i ferd med å lære noko, utan at vi kan vite heilt sikkert kva dette faktisk var.

– Sjølve komposisjonen i måleriet er litt spesiell. Vi ser at dette er anatomien i ein underarm, og vi reknar med at personane på biletet følgjer med i denne læreboka for å sjå korleis armen ser ut. Vi ser likevel at det ikkje er alle som følgjer med på det same.

– Nokre av dei ser ned på armen som vert dissekert, andre på læreboka, medan atter andre ser enten direkte på Dr. Tulp eller på armen hans. Kvifor gjer dei det? Og kvifor ser det ut som veslefingeren ligg i ein spesiell positur? Det er litt pussig, og for å finne svar på det, må vi studere vår eigen underarm, seier Strømme og fører fingrane sine mot underarmen.

Ein liten teikneserie

Sjølve muskelen i underarmen er ikkje særleg lang, og han ender opp i trådar og sener som forgreinar seg ut i veslefingeren. Denne muskelen med namnet den overflatiske fingerbøyemuskelen, gjer at vi kan bøye handa og fingrane.

– Vi ser at Dr. Tulp med sin spesielle pinsett dreg tak i muskelen, og på den måten vert også veslefingeren dratt opp. Dette er ein pussig detalj som Rembrandt fekk med seg.

– Med denne kunnskapen i bakhovudet har vi grunn til å tru at dette er den same rørsla som Dr. Tulp viser med si eiga hand, og at det eine vitnet er oppteke av dette, medan dei andre er opptekne med å sjå korleis dette vil sjå ut i sekundet etter, seier Strømme.

– Det viser oss at det er mykje som skjer i eitt og same bilete. Det er nærast ein teikneserie med mykje dynamikk og mysterium bakt inn i dette biletet.

Ikkje god anatom?

Noko uvanleg med denne muskelen kjem fram av måleriet. Her er han ikkje festa til riktig bein, og ein av nervane forsvinn under underarmsbeinet. I nyare tid har ein lagt skulda for dette på Rembrandt, som ein meinte måtte ha gjort ein tabbe.

– Det var ganske merkeleg at Rembrandt hadde gjort ein så stor feil, og det som kanskje var endå merkelegare, var at Dr. Tulp hadde godteke denne feilen så dyktig lege og så involvert som han var i prosessen. Kanskje var ikkje Rembrandt så god anatom likevel?

Desse skuldingane ville ei gruppe nederlandske legar i 2006 rydde opp i. Dei publiserte ein vitskapleg artikkel der dei synte korleis ein for første gong hadde kopiert målerianatomien på nøyaktig same måte som Rembrandt og Dr. Tulp, og skildra kva som skjedde og kvifor.

Målt inn etterpå

I studia vart det bekrefta at Rembrandt hadde rett, og mysteriet som ein trudde var ein tabbe, faktisk skuldast ein uvanlig nerve som dei fleste menneske ikkje har, men som liket på måleriet hadde.

Likevel kunne ikkje dei nederlandske legane reinvaske Rembrandt heilt, og det vart han heller ikkje før norske legar kom på bana i 2009 med ein artikkel i Tidsskriftet for den norske legeforening.

– Dei norske legane samla alle tilgjengelege data, mellom anna eit røntgenfotografi av måleriet. Då såg dei at liket var amputert, og at armen på biletet faktisk kom frå eit anna menneskje. Denne armen vart etter alt å dømme måla inn i seinare tid.

– Den var truleg losna på førehand og så var lagt tilbake i ein positur som ein ser på måleriet. Difor hadde Dr. Tulp godteke denne feilen, og det er faktisk vi som i ettertid har konstruert eit mysterium, seier Strømme.

Powered by Labrador CMS