Slår eit slag for den usynlege formidlinga

− Gløym Hessen-saka og 70-prosentsjournalistikk. Utfordringa for forskingsformidlinga ligg innanfor akademia, seier Jørn Hurum.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- At søknaden om økonomisk støtte til kjøp av Ida ble avslått i 2007 er historie i dag, sier universitetsdirektør Gunn Elin Aa. Bjørneboe. Her står hun ved siden av Jørn Hurum og fossilet Ida. (Foto: Ola Sæther)

Debatten om forskarar og media

For ein månad sidan hadde Aftenposten eit oppslag der Jørn Hurum uttalte at ein forskar måtte vera nøgd dersom journalistar klarte å få 70 % av innhaldet riktig. Det skapte reaksjonar, m.a. her på forskning.no.

Betre vart det ikkje då det viste seg at saka bygde på eit to år gammalt sitat, men presentert på ein måte som gav inntrykk av at det var ei nyleg utsegn frå Hurum.

Debatten om tilhøvet mellom media og akademia blussa opp att eit par veker seinare, då biologiprofessor Dag Hessen vart brukt som sanningsvitne i ein artikkel i Dagsavisen om at folk på vestkanten er penare enn dei på austkanten, på ein måte han ikkje var nøgd med.

Paleontologen Hurum er ein dei mest kjende forskingsformidlarane i landet, og vart nyleg heidra av National Geographic som ”emerging explorer”. Han meiner debatten om forskingsformidling er i ferd med å skjera ut i feil retning.

− Det er sjølvsagt ikkje bra at Hessen har hatt ei slik oppleving som han har hatt. Men forskarar frå Universitetet i Oslo er siterte i media 3 000 gonger i året, og det at denne saka har fått slik merksemd, viser jo nettopp at dette er eit sjeldant tilfelle, påpeikar han.

Dialog som er gull verd

Få, om nokon, av forskingsformidlarane her til lands har fått like store oppslag nasjonalt og internasjonalt som Hurum. Likevel er han oppteken av den formidlinga som ikkje skapar dei store overskriftene.

− Vi treng begge delar. Same helga som Idéfestivalen på Blindern trekte 5 000 besøkjande, nådde ulike forskarar og veneforeningar ved Naturhistorisk museum fleire hundre vaksne og born i ulike omvisingar, foredrag og ekskursjonar, seier han.

Fiskeøgle av is, Idéfestivalen Blindern 2011. Foto: Bjørn Funke, PalVenn

− Dei store oppslaga når mange. Dei mindre arrangementa når færre om gongen og er usynlege i media. Til gjengjeld får du ein dialog med publikum som er gull verd. Folk får høve til å spørja om ting dei vil vita meir om, og det er i sin tur uvurderlege tilbakemeldingar for oss som formidlar.

Kompetanse treng vedlikehald

Han legg vekt på at slike erfaringar er naudsynte for at formidlinga skal verta god nok.

− Som med all annan kompetanse, tek formidlingskompetanse tid å byggja opp, og den må haldast ved like. Derfor er det så synd at ikkje finansieringsmodellane fangar opp dette. Institusjonane vert økonomisk løna for studiepoeng og vitskaplege publikasjonar.

− Liknande insentiv for formidling finst ikkje, berre festtalar om kor viktig den er.

Formidling direkte ulønsamt

− Men vi som formidlar har jo heller ikkje meir enn 24 timar i døgnet og 60 minutt i timen. Det seier seg sjølv at den tida som går med til å arbeida med formidling, går på bekostning av andre aktivitetar, som vitskapleg publisering.

Han trekkjer òg fram ei anna side ved akademia som han meiner gjer økonomiske insentiv for formidling viktige.

− Det er ingen løyndom at vitskaplege miljø kan vera nådelause mot den som stikk hovudet for langt fram. Kva signal sender vi til nye forskarrøyster når vi ikkje berre gjer det direkte ulønsamt å driva formidling, men i tillegg utset dei for intern spott og spe?

Powered by Labrador CMS