Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– Mannlege sjefar er i mindre grad opptekne av det sosiale på jobben. Fokuset er i større grad på det faglege og at det skal jobbast, medan kvinnelege sjefar er meir opptekne av at dei tilsette har det bra på jobben, seier Mona Halvorsen.
Saman med Susann Johansen har ho skrive ei masteroppgåve på Noregs Handelshøgskole (NHH) der 18 tilsette i fire bedrifter er spurt om korleis dei opplever sine kvinnelege og mannlege leiarar.
Bedriftene heldt til i mellom anna handels- og finansnæringa.
– Vi veit frå tidlegare studiar at det er klare kjønnsforskjellar i leiarstil. Det interessante med denne studien er at forskjellane er så stabile mellom bedriftene. Dette gir oss ein indikasjon på at det er snakk om robuste funn, seier professor Rune Lines ved Institutt for strategi og ledelse på NHH.
Ser den enkelte
Fleirtalet av dei som svarte opplevde at mannlege sjefar i større grad tok det for gitt at dei tilsette hadde det bra på jobb.
– Fleire opplevde at mannlege leiarar i hovudsak tok opp spørsmål rundt jobbtrivsel på medarbeidarsamtalene. Dersom dei ikkje høyrde noko, så gjekk dei ut frå at medarbeidarane hadde det bra, seier Johansen.
– Når det gjaldt kvinnelege sjefar, opplevde dei tilsette at dei var langt flinkare til å følgje opp trivsel i det daglege. Det kunne vere små ting som å spørje om korleis det går og om ein har det bra.
– Dei tilsette sa at dei kvinnelege sjefane rett og slett var flinkare til å sjå den enkelte, seier Halvorsen.
Dei er likevel klar på at trivselsfokuset til dei kvinnelege sjefane også kan ha negative sider.
– Om ein er for oppteken av trivsel på jobben, er det ein fare for at det går på bekostning av arbeidet som skal gjerast. Det er ein hårfin balansegang her, seier Johansen.
Kvinner er grundigare
Også i måten sjefane gjekk fram når dei skulle vurdere ulike problemstillingar fann dei klare skilnader i bedriftene dei undersøkte.
– Den kvinnelege stilen kan oppsummerast som grundig, open, utprøvande, læringsvillig og lyttande. Desse eigenskapane er spesielt verdifulle når ein står overfor komplekse problemstillingar.
– Det kan vere alt frå korleis ein skal utvikle organisasjonen vidare eller korleis bedrifta skal respondere på ein ny konkurrent, seier professor Lines.
I intervjua kom det mellom anna fram at mulegheitene for å komme med innspel var større for dei med kvinnelege sjefar. Dei var også opptekne av at alle involverte skulle kunne leve vidare med det som vart bestemt.
Annonse
– Når det gjaldt dei mannlege leiarane opplevde dei tilsette at hovudfokuset deira var på rask framdrift, og at innspel og idear dermed lettare vart avvist. Ifølge dei tilsette hadde dei mannlege leiarane oftare bestemt seg på førehand, seier Johansen.
Menn meir direkte
Også i formidlingsstilen til leiarane fann dei skilnader.
– Kvinner blei opplevd som meir innpakkande. Dei brukar mange ord og forklaringar for å få fram eit bodskap, medan dei tilsette opplevde mennene som langt meir direkte og tydelege, seier Johansen.
Dei vil likevel ikkje ha noko formeining om kven som er best eigna til å vere leiarar.
– Det finst fleire vegar til god leiing. Difor kan vi ikkje seie at kvinner er betre eller dårlegare leiarar enn menn. På ein arbeidsplass finn du tilsette med ulike personlegdomar noko som gjer det nødvendig å ha leiarar med forskjellige leiarstilar, seier Lines.
– Bildet er heller ikkje svart-kvitt. Du vil naturlegvis finne variasjonar i leiarstilen både blant menn og blant kvinner. Det er difor viktig med fleire studiar som undersøker skilnadane mellom kjønna i fleire bedrifter enn det vi har gjort, seier Johansen.
Referanse:
Halvorsen og Johansen (2013): “Kjønn og ledelse: hvilken betydning har lederstil og kjønn for medarbeidernes oppfattelse av en effektiv leder?” masteroppgåve ved Noregs Handelshøgskole.