Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Stadig fleire folk og nye interessegrupper vil ha ein del av utmarka og det tradisjonelle beitebruket. (Foto: Jon Schärer)

Stadig fleire vil ha ein bit av den norske utmarka. Men er det plass til alle?

Det er dei som vil bruke marka til beite, som ofte blir taparen, meiner forskar. Han undersøkjer no kvifor nokon lykkast med eit godt samarbeid, medan andre kranglar.

Publisert

I Noreg har det lenge vore ein tradisjon for bønder å sende dyra sine på beite i utmarka. Bøndene har såkalla beiterett, i nokon tilfelle også på offentleg mark.

Men hyttebygging, kraftproduksjon, kommersialisering av jakt og andre fritidsaktivitetar har auka presset på utmarksareala.

Med auka arealpress og strukturendringar i jordbruket, har og forvaltinga av beiteområda blitt meir komplisert.

Det kan føre til fleire konfliktar.

Blant anna sett hytteeigarar opp ulovlege gjerder som hindrar beiting og enkelte bønder sett ut for store flokkar, noko som gir for høgt press på beiteområdet og dermed mindre mat på dei andre flokkane.

– Me kan like det eller ikkje, men den nye utmarka er her, seier Bjørn Egil Flø, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Flø leiar eit prosjekt der dei undersøkjar korleis dagens bruk av utmarka fungerer.

Både med reglar, normer og samarbeid i beiteområde. Målet er å sikre betre utnytting av beiteressursane.

Sterke meiningar

– Dei nye brukarane er ressurssterke aktørar, meiner Flø.

Dei meiner sterkt om kva og korleis utmarka skal vere, og har tunge organisasjonar i ryggen. I enkelte beiteområde har det ført til eit konfliktnivå som har vekst seg så stort, at fleire bønder ikkje held ut den sosiale slitasjen det inneber å halde fram i næringa.

Forskarane skal studere ulike beiteområder med ulik organisering og ulike typar eigarskapar.

– Målet er å identifisera kva som fungerer godt eller ikkje dei ulike stadane. Og deretter kunne liste opp ulike tiltak, sjølv om det naturlegvis må tilpassast lokalt, seier Flø.

Forskar Bjørn Egil Flø i NIBIO leiar prosjektet FUTGRAZE. (Foto: Jon Schärer)

Mange typar konfliktar

Bønder fortel om ei gradvis svekking av samarbeidet mellom beitebrukarar og mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka.

I enkelte område har utviklinga redusert talet på beitedyr. Det betyr dårlegare utnytting av beiteressursane og dermed også auka gjengroing og redusert beitekvalitet. Det kan igjen gi tap av biologisk mangfald.

Forskarane fortel at i andre område melder bøndene om eit beitetrykk som er altfor høgt i høve til ressursgrunnlaget. Enkeltbrukarar har vekst seg store, og slepp i dag flokkar tilsvarande mange gongar den gjennomsnittlege storleiken i området.

Møtest på Oppdal

I fjor inviterte forskargruppa til seminar på Oppdal. Det var oppstartinga på prosjektet, der faglag og ulike næringsorganisasjonar innleidde om sine synspunkt og interesser i forhold til beitebruk.

– Me har valt ut fire stadar. Her har nokon eit svært høgt konfliktnivå mens andre fungerer godt, fortel Flø.

Oppdal er ikkje blant dei stadane forskarane skal undersøke. Men som ein del av seminaret fekk dei besøke enkelte område for å sjå kva dei har gjort for å betre samarbeidet mellom ulike interessentar.

Eit godt samarbeid på beite skaper det landskapet som me alle vil ha, meiner forskar Bjørn Egil Flø. (Foto: Yngve Rekdal)

– Ikkje alltid stor forståing for landbruket

Oppdal er landets største sauekommune samtidig som dei har satsa mykje på turisme.

– Det er ein av landets største hyttekommunar, og det er klart at hytteeigarar har ikkje alltid like stor forståing for landbruket, seier Flø.

Han nemner til dømes problematikken med gjerder:

– Nokon stadar kan det vere ulovlege og dårleg vedlikehaldne gjerder rundt hytta. Ein har og dei som utviklar hyttefelt og vil gjerda inn heile områdar.

Det er ikkje alltid i samsvar med beiteretten, seier Flø, som leiar forskargruppa med folk frå både økonomi, samfunnsfag, økologi og jus.

Han understrekar at det er vanlege folk som vil ha størst nytte av prosjektet.

– Eit godt samarbeid på beite skaper det landskapet som me alle vil ha, seier Flø.

FAKTA OM PROSJEKTET

FUTGRAZE: Mot ei framtid for utmarksbeitet – om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder

Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskingsråd.

Øvrige bidragsytarer er Norges Fjellstyresamband, Animalia, Norges bondelag, Norsk bonde og småbrukarlag, Norsk Sau og Geit, TYR, Fylkesmannen i Hedmark, FM Oppland, FM Trøndelag, FM Møre og Romsdal, FM Nordland, og FM i Aust- og Vest Agder.

Forskingspartnarar er: NIBIO, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), og Universitetet i Oslo.

Internasjonale partnarar: University of Southern Maine, James Hutton Institute, Countryside and Community Research Institute, University of Gloucestershire.

Powered by Labrador CMS