– Det er få gardsturisme-vertar som ynskjer å jobbe med reiseliv på heilårsbasis, seier Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking. (Foto: Maskot/NTB scanpix)

Gardsturisme er ikkje som anna turisme

Turistbransjen vil at turistgardane skal vekse og vere ope døgnet rundt. Dei som driv gardsturisme vil noko heilt anna, viser ny studie. 

 

Dei innlosjerer deg i stabbur, tenner stearinlys og serverer familiehistorie i lag med mat frå garden.

Gardsturismen har sidan framveksten på 1970-talet gitt det norske reiselivet ein ny rikdom og mange ei styrkt tru på ei framtid for familiebruket. I dag vert gardsturismen, opphavleg ei attåtnæring til landbruket, stadig trekt meir inn i norsk reiselivsnæring.

Men ein studie tyder på at landbruksnæringa og turistsektoren ser ulikt på denne forma for turisme. For dei som tilbyr slike opplevingar, er ikkje vekst og utviding det eigentlege målet, slik den offisielle reiselivstrategien oppmodar om.

Ynskjer ikkje døgnopne gardar

I reiselivsstrategiene frå 2007 og 2012 legg regjeringa opp til å styrke turistnæringa i distrikta.

Dette inneber mellom anna at sesongbedrifter tek til å halde ope året rundt og at dei som jobbar i verksemdene går frå deltids- til fulltidsarbeid. Men for mange er det tvert om nettopp ei avgrensa turistverksemd som er best. Dette vart rett nok justert i den reviderte strategien frå 2012, men destinasjonsselskapa ønskjer seg likevel eit reiseliv der ein held ope kvar dag.

– Det er få gardsturismevertar som ynskjer å jobbe med reiseliv på heilårsbasis, seier Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking.

Ho arbeider med ein doktorgrad i reiseliv på bygda og har saman med forskarar ved Norsk Senter for Bygdeforskning intervjua 20 familiar i Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane som driv med turisme i eige tun. Engeset fortel om eit breitt spekter av gardsturismetilbod, frå aktive gardsbruk med dyr og fôrproduksjon til gardar der den tradisjonelle drifta er erstatta med turisme.

– Felles for tilbydarane er at reiselivet utgjer ei av fleire inntekter, i tillegg til gardsdrift eller anna løna arbeid, seier Engeset.

 «For å kunne puste om sommaren»

At turistverksemda skal vekse, slik reiselivsstrategien oppmodar om, vil ofte bety at på alle dei ulike gjeremåla på garden kjem ut av balanse, det forskarane kallar mangesysleriet.

– Vertskapet har gjestene meir eller mindre inne på tunet sitt og må difor opprette soner som er private og soner som er for gjestene. Samtidig vil turistane ofte ha sin bit av verten. For å sikre seg eit visst privatliv, må dei halde turistbesøka på ei akseptabelt nivå, seier Engeset.

Ein av tilbydarane forklarar det slik: «Dersom vi hadde arbeidd her fulltid, hadde vi lett blitt utslitne. Når du heile tida blandar arbeid og privatliv, har du aldri fri».

Utfordringa med aukande etterspørsel er at presset på vertskapet aukar. Mange tilbydarar føler då at dei må gå på akkord med anten familien eller gardsdrifta.

– Alle har lyst til å møte ein blid og imøtekomande turistvert, ikkje ein sur og lei ein, seier Engeset.

– Løysinga blir å halde turistaktiviteten på eit nivå som gjer at ein både får tid til seg sjølv og sine og til å drive slått og skjøtte garden, forklarar ho.

Eitt av døma er gardsmatrestauranten som ikkje held ope alle dagar i høgsesongen: «For å kunne puste om sommaren må vi halde stengt to dagar i veka, noko mange tykkjer er rart», forklarar eigaren.

Ikkje det same med ein vikar

Når slike sterkt personavhengige verksemder treng forsterkingar eller vikarar, brukar dei ofte andre familiemedlemmar. Å setje vekk vertskapsrolla til ein annan type «vikar» har ikkje vore opplevd som eintydig vellukka.

Ein turistvert set ord på kvifor:

«Eg trur at vertskapsrolla som er utført av eit familiemedlem er verd veldig mykje. Vi prøvde å etablere eit utsal av gardsmat på hotellet i bygda, men vi innsåg at dette produktet er sterkt knytt til oss som har laga det».

– Dette viser kor vanskeleg det kan vere å møte etterspurnaden samstundes som ein held fast på det ekte – bandet mellom familien, garden og turistproduktet, forklarar Engeset.

Ein meir uvanleg måte å løyse bemanningsknipa på, kan vere å hyre inn eit alternativt vertskap. Ei verksemd nytta ei tradisjonelt kledd «husfrue» som ønskte velkommen på vegne av det vanlege vertskapet når dei var opptekne på ein annan kant.

– Slik kan ein halde det usagte løftet om at kunden kjøper noko autentisk, seier Engeset. Ho trur det kan vere fornuftig for fleire å prøve ut slike grep for å unngå å slite seg ut i sesongen.

Vil snakke med gjesten

At alle turistprodukt skal kunne tingast på nettet er eit anna utviklingsmål for det norske reiselivet. Sjølv om dei aller fleste gardsbedriftene i dag har heimesider og finst på Facebook, står vertskapet sine ønske også her i kontrast til den vanlege bedriftslogikken om å bruke minst mogleg tid på bestilling.

Mange tek imot bestilling på e-post, men ringjer kunden. Dermed har dei kontakt og større kontroll i salsprosessen.

– Vertane legg generelt stor vekt på å snakke med gjestene. Dette gjeld òg før dei faktisk kjem til garden. Slik håpar mange å kunne skreddarsy produktet til gjestene sine og høyre om dei er interesserte i tilleggsprodukt. Kanskje kan det òg handle om å styre besøket til eit meir gunstig tidspunkt for vertskapet – som òg må ta omsyn til slått, hausting og eigen ferie, seier Engeset.

Ein eigen rasjonalitet

– Det er med andre ord snakk om ein heilt eigen rasjonalitet som skil desse bedriftene frå mange andre bedrifter i reiselivet, seier Engeset.

Frå vertane si side driv dei både profesjonelt og rasjonelt, men alle driv ikkje på den måten reiselivsstrategien legg opp til. Rasjonaliteten deira er tufta på det som for mange er sjølve målet med gardsturismen – å føre vidare gardsdrifta. Då gir det ikkje meining å kvitte seg med sauene og parkere traktoren for godt. I tillegg kjem ei anna målsetting, nemleg ønsket om å bu i distrikta.

– Med eit passeleg stort innslag av turisme blir familiegarden – anten i form av tradisjonell drift eller landleg kulisse – ein arena der dei kan arbeide med noko som gjer dei både stolte og nøgde med kvardagen, seier Engeset.

Referansar:

R. Heggem og Rønningen, K.: Bygdebasert reiseliv - profesjonalisering, venstrehåndsarbeid eller autentisitet i praksis? PLAN 1/16, 2016. I trykk.

A. B. Engeset og Heggem, R. Strategies in Norwegian Farm Tourism: Product Development, Challenges, and Solutions. Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism, 15 (1-2), 2015. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS