Langsamt blei språket vårt eige

– I åra etter 1814 ønskte svært mange å bevare det dansknorske språket slik som det var. Men dette har blitt sterkt underkommunisert i Noreg. Ikkje eingong riksmålsfolket har vore interesserte i dette, meiner den ferske doktoren Jens Johan Hyvik.

Publisert
"– Språkstandardiseringa vart ein del av nasjonsbygginga, seier Jens Johan Hyvik. (Foto: Annica Thomsson)"
"– Språkstandardiseringa vart ein del av nasjonsbygginga, seier Jens Johan Hyvik. (Foto: Annica Thomsson)"

I doktoravhandlinga ”…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog?”  tek Jens Johan Hyvik føre seg førestellingane om eit eige norsk språk i hundreåret før 1850, då Ivar Aasen gav ut den første ordboka si.

– Eg har studert tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i tidsrommet frå etableringa av allmugeskulane i 1739 og fram til 1850, då Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog vart publisert.

– Det språklege medvitet som voks fram i Noreg i denne perioden fell saman med førestellingane om det nasjonale, seier Hyvik

Han forsvarte nyleg doktorgraden sin ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo.

Overgang i språkoppfatning

Norsk språkhistorie har i hovudsak vore eit felt for språkforskarane, men Hvyik har studert framveksten av det norske folkespråket i eit historiefagleg perspektiv.

Han meiner det i perioden 1739-1850 skjer ein overgang frå ei før-nasjonalistisk til ei nasjonalistisk oppfatning av folkespråket.

– Noreg går frå å vere ein del av den dansknorske heilstaten til å bli langt på veg sjølvstendig med omsyn til indre tilhøve etter 1814.

– Den før-nasjonalistiske oppfatninga av folkespråket var prega av generell interesse og bruk, vitskapeleg utforsking og standardisering – samt ei pragmatisk haldning til mellom anna språkblanding.

– Men den nasjonalistiske oppfatninga var prega av ei sterk ideologisering, og språkstandardiseringa vart ledd i nasjonsbygginga, seier han.

Eit eige norsk språk?

I 1814 skjer det ei endring i rammevilkåra for eit eige norsk språk i Noreg.

– Før 1814 var det eit visst gehør for at det felles dansknorske skriftspråket skulle ta inn i seg fleire norske element. Men etter 1814 startar tankane om ein språkleg separasjon frå Danmark.

Hyvik meiner likevel ein ser slike tendensar nokre år tidlegare, til dømes i ei avhandling frå 1807, der Gregers Fougner Lundh drøfter korfor det ikkje finst eit eige skriftspråk i Noreg.

– Dette er det første dokumentet som tek til orde for å lage eit eige norsk skriftspråk ut ifrå norske dialektar. Lund stiller mellom anna spørsmålet : ”…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog?” Men denne avhandlinga vart ikkje kjend i samtida, fortel Hyvik.

Det statlege kuppforsøket

"Ivar Aasen ynskte eit eige skriftspråk for Noreg."
"Ivar Aasen ynskte eit eige skriftspråk for Noreg."

På 1830-talet står reformlinja tydeleg fram, dei som ønskjer å reformere det eksisterande danske skriftspråket i norsk retning.

– Mot desse stod mellom anna dei som ønskte eit nytt norsk folkespråk på sjølvstendig grunnlag, som P.A. Munch og Ivar Aasen. Men i motsetnad til Aasen ville Munch trass alt halde fast på det danske skriftspråket.

– Du snakkar også om det språklege kuppforsøket, kva var det?

– Kuppforsøket vart gjennomført av statlege institusjonar, med god hjelp av norske intellektuelle miljø, og innpå 1830-talet hadde det langt på veg blitt gjennomført.

– Dette byggjer på ei før-nasjonalistisk forståing av folkespråket, ein tek fellesspråket og gjev det ei norsk drakt, men ein gjer ikkje innhaldsmessige endringar av skriftspråket.

– Det er interessant at svært mange ønskte å bevare det dansknorske språket slik som det var. Eg meiner dette har blitt sterkt underkommunisert i Noreg, og ikkje eingong riksmålsfolket har vore interesserte i dette, meiner Hyvik.

Statsmakta ønskte ikkje endring

Sjølv om danskane etter 1814 åtvara mot ein språkleg separasjon frå Danmark, la staten seg i liten grad opp i debattane om språklege spørsmål.

– Den einaste statlege innblandinga skjedde i 1838, då den norske statsmakta slo knallhardt ned på forsøk på å nytte ein meir ortofon, talemålsnær skrivemåte. Likevel er dette svært interessant, fordi det viser at dei som dominerte statsmakta ikkje ønskte innhaldsmessige endringar i skriftspråket.

Doktoravhandlinga til Hyvik er ein del av prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskolen i Volda.

Lenker:

Fanst det eit norsk språk før 1850? - pressemelding om dispustasen

Det opne språket