Tok med seg odelsretten til USA

Sjølv om dei kom til eit land med heilt andre lovar, tok norske emigrantar i USA vare på odelsretten og idealet om slektsgarden. Enno i dag kan norskamerikanarar kjenne skuld om farmen deira vert seld.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Ekteparet Ingeborg (f. Nygaard) og John Ness. Madison, Wisconsin 1886. Begge kjem frå same bygda i Valdres, men voks opp i USA."

Norske lovfesta rettar

Odelsretten er retten til å eige jord - uttrykt ved forkjøps- og innløysingsrett, medan åsetesretten er retten som den eldste nærmaste etterkomaren har til å ta over ein jordeigedom udelt.

Begge institusjonane har vore lovfesta i Noreg sidan 1821.

Den tredje institusjonen med lange røter i det norske bondesamfunnet er føderåd eller kår, som er faste, avtalte ytingar frå den nye eigaren av garden til den tidlegare eigaren, til dømes rett til husvære og anna underhald.

- Idealet om å halde på slektsgarden har overlevd blant norske farmarar i USA, seier Terje Mikael Hasle Joranger, som 11. mars forsvarte doktoravhandlinga si ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo.

I perioden 1825-1930 emigrerte 800 000 nordmenn til Amerika, og dei fleste kom til jordbruksstroka i øvre del av Midtvesten. I doktoravhandlinga har Joranger teke føre seg utviklinga av tre særnorske institusjonar knytt til overføring av jordbrukseigedom: odelsrett, åsetesrett og føderådskontraktar.

Samanliknar tre generasjonar

Joranger har teke utgangspunkt i Valdres, eit tradisjonelt jordbrukssamfunn med sterke band mellom ætt og jord, og har samanlikna det norske samfunnet med to ulike busetjingsområde i Midtvesten der valdrisar frå same område slo seg ned.

"- Tradisjonane vart endra innanfor ein kultur som korkje er norsk eller amerikansk, men norskamerikansk, seier Terje Joranger"

Det eine området, Blue Mounds, ligg i det sørvestlege Wisconsin, og det andre, Pope County, ligg i det vestlege Minnesota. Begge stader var nordmenn den dominerande folkegruppa.

- Eg ville finne ut av korleis dei særnorske tradisjonane utvikla seg i eit nytt samfunn. Eg har følgd 22 familiar som alle har halde på slektsfarmen sin i tre generasjonar, heilt frå 1850 og fram til den siste som overtok slektsfarmen i 1980, fortel han.

Ingen andre har studert utviklinga av norskamerikanske tradisjonar over eit så langt tidsrom.

Møte med liberale lovar

Dei tradisjonsbundne nordmennene kom frå eit patriarkalsk samfunn, der mannen hadde autoritet og der eldste son på garden hadde forrang i arvespørsmål.

- I USA møtte dei eit liberalisert lovverk som bygde på prinsipp om fridom og likskap og der ingen av dei tre norske institusjonane var nedfelte. Her hadde også kvinner større råderett over eigedom. Jord vart sett på som ei handelsvare, og det skulle vere enkelt å kjøpe og selje jord.

Dei norskamerikanske familiane som Joranger har studert, såg på jord som eit gode, og arbeidet på farmen vart ein livsstil.

- Eg fann ut at odelsretten som ideal i stor grad er bevart gjennom sterke band til jorda, slektsfarmen og eit vedvarande busetjingsmønster. Undersøkingar gjort av psykologar har vist at norskamerikanske farmarar framleis kan kjenne skuld om farmen deira vert seld.

- Har du gjort overraskande funn?

- Ja. I staden for å bli assimilert i den amerikanske kulturen, vart dei norske tradisjonane endra innanfor ein kultur som korkje er norsk eller amerikansk, men som ein må forstå på eigne premiss som norskamerikansk. Difor heldt ein fast på tradisjonar som hadde ein funksjon i det nye samfunnet, seier han.

"Syskjenflokk frå Røste i Etnedal, Valdres som vart pionerar i Blue Mounds, Wisconsin i 1850."



 

Nordmenn gifta seg med nordmenn

Folk frå ein region i Noreg slo seg oftast ned i eitt og same område i USA. Dette busetjingsmønsteret var ikkje spesielt for Valdres, men også for andre regionar, som Hallingdal, Sogn og Setesdal.

I avhandlinga har Joranger også studert overføring av oppkallingsskikkar og inngifte med andre norske i dei norskamerikanske busetjingsområda.

 

- Eg studerte alle giftarmål i fire kyrkjelydar i undersøkingsområda i perioden 1870-1950, og fann ut at valdrisar som gifta seg med kvarandre utgjorde ein av fire vigslar fram til 1900. Fram til 1930 finn vi norske ektepar i 80 prosent av alle giftarmål. Først etter 1930 begynte det å bli vanleg at nordmenn gifta seg med folk frå andre folkegrupper.

Like verdiar gjorde det lett

Joranger meiner det er ein viktig grunn til at norske tradisjonar kunne oppretthaldast i det amerikanske samfunnet.

- Dei norske verdiane var lette å sameine med dei amerikanske verdiane. Det amerikanske fokuset på demokrati, likskap og ikkje minst individualisme passa godt for nordmennene, seier han.

Powered by Labrador CMS