Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– Eg er blitt klar over kor annleis fengsla er i ulike europeiske land, seier Frederik Janssens frå Belgia, som deltek i eit europeisk nettverk for uformell opplæring i fengsel.
Janssens jobbar i organisasjonen The Red Antracite, som held kurs innan uformell læring i belgiske fengsel.
Nyleg var han i Noreg saman med kollegaer frå Danmark og Romania, nærare bestemt på studietur til Bergen og til Geir Hundvebakke, som er avdelingsleiar for skuletilbodet på Ulvsnesøy, ein del av Bergen fengsel.
Pedagogane er med i Grundtvig-prosjektet PANEL (Positive Aspects of Non-formal Education and Learning), og jobbar alle med ikkje-formell læring i fengsel.
I tre år har dei utveksla erfaringar, blant anna gjennom studiebesøk og ei eiga nettside. Grundtvig er ein del av EUs program for livslang læring (LLP), og den delen av LLP som dreier seg om vaksnes læring, både formell og uformell.
Normalisering
– Å delta i prosjektet er utruleg inspirerande, fortel belgiske Janssens, som ser store forskjellar i måten å driva fengsel på i Norden og i Belgia.
– Til dømes vil “normalisering” i fengselet vera det å ha kvinnelege vaktar, i Belgia. I Danmark tyder det også å læra å laga mat til seg sjølv, gå på butikken, kjøpa ein CD. Kort sagt handlar det om å bygga tillit, å få den innsette tilbake til eit normalt liv.
Geir Hundvebakke, lærar ved Bergen fengsel, føyer til at han har fått eit meir medvite forhold til eigen metodikk når det gjeld uformell læring, gjennom prosjektet.
– Me har også fått ekstra motivasjon til å fortsetja tilbodet med opplæring innan musikk, og skal truleg også starta med teateropplæring.
Ein av dei som nyttar opplæringstilbodet ved Bergen fengsel er “Arne”, ein stillfaren ung mann som er gitarist i fengselsbandet, og har sona tre år av ein lang dom. Hans første møte med uformell fengselsopplæring var då han fekk ein gitar med seg på cella.
– Då eg satt på lukka avdeling var det utruleg frigjerande å få lov å vera med på øving, for å få fokus på noko anna enn sine eigne tankar, seier ”Arne”, som aldri hadde spela noko instrument før.
– Eg har brukt mykje tid på musikken dei siste åra. På lukka avdeling kunne eg velja mellom gitaren og å sjå i veggen. Då fann eg fort ut at det er betre å forsvinna inn i musikken enn å forsvinna inn i sitt eige hovud.
No er ’Arne’ ein habil gitarist, og fast medlem i bandet drive av musikkpedagogen ved fengselet.
Ny fengselspolitikk
Rumenske Camelia Tancau ser Grundtvig-prosjektet som eit høve til å få eit politisk perspektiv på utviklinga av fengsla i Romania.
– Standarden i rumenske fengsel ligg langt under dei andre prosjekt-landa. Ved å visa til fengselspolitikken i andre europeiske land, kan me kanskje endra rumenske tilhøve.
– Det handlar ikkje berre om uformell læring – sist gong me vitja Noreg var den rumenske fengselsdirektøren med for å få eit inntrykk av korleis skandinaviske fengsel fungerer. Men det å endra politiske tankemåtar tek tid, trur Tancau.