Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Veggmåleri i hamnebyen Mariupol som no er omringa av russiske styrkar.

Ukraina: – Når du begynner å skyte, er du ikkje lenger ven

Om Russland klarer å ta over Ukraina, vil det bli svært vanskeleg for okkupasjonsmakta å styre landet, meiner Ukraina-forskar Michael Gentile.

Michael Gentile, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) på Universitetet i Oslo, har forska på Ukraina i fleire år, særleg på dei austlege områda.

Han besøkte sist hamnebyen Mariupol i januar. I eit større forskingsprosjekt ved ISS har Gentile samarbeida tett med ukrainske forskarar, mellom anna for å forstå korleis falske nyheiter pregar kvardagen til folk i Ukraina.

– Det finst eit heilt spektrum av desinformasjon i Ukraina. I Mariupol er det til dømes ei utbreidd oppfatning om at det var ukrainarar som skaut på eit bustadområde i byen 24. januar 2015. I realiteten var det anten russiske eller Donetsk-republikkens styrkar. Det er omtrent same sak. Mange døydde, og mange vart skada, seier han.

Gentile veit ikkje kva folk i Mariupol trur i dag når byen er omringa av russiske styrkar.

– Det uroar meg at konspirasjonsteorien frå 2015 har vore så utbreidd. Kva betyr det for oppfatninga av det som skjer i dag? Trur dei lokale at det eigentleg er Russland som no beskyttar Mariupol? Eg er ikkje sikker.

Michael Gentile dro til den ukrainske grensa for å redde familie på flukt.

Påstandar om kulturelt folkemord

Forskingssamarbeidet med dei ukrainske kollegaene er lagt på is. Kollegaene er i skjul, eller dei kjempar for landet sitt. Nyleg sette Gentile seg i bilen og henta familien til den eine kollegaen på grensa til Slovakia.

– Då eg såg kva veg dette kunne gå, tilbaud eg meg å hjelpe om det faktisk vart ein invasjon. Så kom det eit rop om hjelp, seier Gentile.

På grensa såg han mange ting som gjorde inntrykk. Ein god ting var den velorganiserte mottakinga i Slovakia.

– Det var utdeling av pizza, frukt og smørbrød. Mange hjelpte til. Det gjorde meg glad å sjå at ein har fått opp dette så raskt i den fattigaste delen av Slovakia, seier han.

Som mange andre trudde ikkje Gentile at Russland faktisk ville gå til eit storskala angrep. Han viser til ein artikkel av president Vladimir Putin, publisert på Kremls nettside (delvis utilgjengeleg på grunn av dataangrep), der presidenten gjev uttrykk for at ukrainarane ikkje eksisterer som folk, men at dei er russarar. Her står det også at Ukraina gjennomfører eit kulturelt folkemord på russarar.

Putin har i seinare talar også hevda at Ukraina har gjennomført faktiske folkemord på den pro-russiske delen av folket.

Evakueringa av Mariupol er i gang, men er ekstremt risikabel.

Ei krigserklæring

– Når ein les artikkelen, ser ein at det er så nært ei krigserklæring som ein kan kome. På den måten låg dette i lufta. Men ingen våga riktig å tru at dette kunne skje, heller ikkje eg. Samtidig kjende eg meg ikkje sikker, seier Gentile.

Han meiner at påstandane om eit kulturelt folkemord ikkje har rot i røynda.

– Ukraina innførte ei nokså streng språklov tidleg i 2021, der russisk språk hamna i den private sfæren. Eg meiner at lova var eit feilgrep. Å kalle det eit kulturelt folkemord er likevel absurd og dessutan ei fornærming mot verkelege offer for folkemord, seier Gentile.

Eg trur at denne krigen vil påverke relasjonen mellom russarar og ukrainarar i minst to generasjonar.

Michael Gentile

Eg trur at denne krigen vil påverke relasjonen mellom russarar og ukrainarar i minst to generasjonar.

I Aust-Ukraina finst det sterke fordommar mot vest-ukrainarar, mykje underbygga av pro-russisk propaganda, ifølgje professoren. Samtidig finst det sterke fordommar mot aust-ukrainarar i vest, legg han til.

– Men dette handlar ikkje så mykje om kva språk ein snakkar. Ein del i vest meiner heller at det finst ein litt gammaldags sovjetisk tenkemåte i aust, medan folk aust kan tenkje på dei vestlege som nasjonalistiske og kalle dei fascistar, seier han.

Men nasjonalismen i Ukraina er svak, ifølgje Gentile.

– Det er langt færre som stemmer på det ekstreme høgre der enn i mange andre land. Så at Ukraina er eit nazi-land, er absurd. Eg vil heller ikkje seie at russisk-språklege er undertrykte. Men landet har ei hard språklov.

Ei historie med konspirasjonsteoriar

At det i og etter 2015 kunne råde ei sterk oppfatning i Mariupol om at det var ukrainarar som stod bak åtaket på byen, botnar i pro-russisk desinformasjon, ifølgje Gentile.

– Lokale agentar spreidde desinformasjon, med god hjelp frå russiske statlege media. Særleg i Aust-Ukraina har denne typen informasjon stor resonans, seier han.

Desinformasjon og konspirasjonsteoriar har ei lang historie i dette området, påpeikar Gentile, noko ein også har sett under covid-19 – som har fått ord på seg som ein sjukdom funnen på av amerikanske laboratorium.

– Det er same slags konspirasjonsteoriar som KGB spreidde i Sovjetunionen i siste halvdel av 1900-talet, særleg på 1980-talet i samband med HIV/AIDS-epidemien. Men dei er pakka inn på ein ny måte.

Det kviterussiske valet

Gentile peikar på at Vladimir Putin, etter valet i Kviterussland i august 2020, bestemte seg for å støtte president Alekandr Lukasjenko.

Russiske journalistar tok då over media i Kviterussland og det vart sett i gang ein massiv propagandakampanje. Dette påverka også Ukraina, ifølgje professoren.

– Både før og etter valet i Kviterussland undersøkte vi trua på utvalde konspirasjonsteoriar i Mariupol. Oppslutnaden vaks etter valet, seier Gentile.

Til dømes omtala russiske statlege media og pro-russiske ukrainske media ein teori om at det var Vesten, ved forretningsmennene Bill Gates og George Soros, som eigentleg styrte Ukraina. Før valet i Kviterussland sa rundt 30 prosent av innbyggjarane i Mariupol at dei ikkje trudde på dette. Etter informasjonsoffensiven i samband med valet var delen nede i 6–7 prosent, ifølgje Gentile sine data.

Han spør seg kva denne hangen til russisk-fabrikkerte konspirasjonsteoriar betyr for motstandskrafta i dag.

– Sanninga er at eg ikkje veit. Det at ein trur på ein pro-russisk konspirasjonsteori, betyr ikkje at ein vil ønskje russarane velkomne med opne armar. Og når ein blir skoten på, er sjansen enda mindre, seier Gentile.

Samtidig viser eksempelet frå 2015 at konspirasjonsteoriar kan få fotfeste også i ekstreme situasjonar, legg han til.

– Får aldri politisk kontroll

Gentile veit ikkje kva som skjer i Mariupol akkurat no. Men utifrå dataane frå prosjektet finst det ei gruppe tydeleg pro-ukrainske innbyggjarar som utgjer rundt 15–20 prosent av folket i byen. Samtidig finst det ei enda større gruppe av pro-russiske innbyggjarar, som ønskjer ein russiskretta ukrainsk utanrikspolitikk.

– Og så finst det ein stor masse i midten, som kan påverkast. Eg trur at Russland, ved å gå til krig, har påverka gruppa i midten til i mindre grad å støtte Russland, seier han.

I ein krig kan alt endrast svært raskt, legg forskaren til.

– Sjølv trur eg at ei mjuk, forsiktig og gradvis russisk maktovertaking kanskje kunne ha lykkast i delar av Ukraina. Men det dei gjer no, vil ikkje lykkast. Kanskje klarer Russland å ta militær kontroll over dei fleste stadene i aust, men dei vil aldri oppnå politisk kontroll over landet. Når du begynner å skyte, er du ikkje lenger ven.

Vil påverke generasjonar

Om Russland skulle klare å okkupere Ukraina, trur Gentile at det vil finnast ein liten klikk av personar med sterke pro-russiske synspunkt som blir del av okkupasjonsmakta.

– Men resten av folket kjem til å gjere det svært vanskeleg for Russland å styre landet, spesielt i store byar som Kharkiv og Kyiv, seier han.

Gentile understrekar at dette er hans personlege synspunkt. Han støttar seg delvis på eiga forsking, men vel så mykje på dei erfaringane han har hatt gjennom jamn kontakt med landet over ei årrekkje.

– Mange ukrainarar har sett på russarane som sine vener. Eg trur at denne krigen vil påverke relasjonen mellom russarar og ukrainarar i minst to generasjonar, seier han.

Det som eventuelt kan hindre det, er at det russiske folket reiser seg mot Putin, legg Gentile til.

– Det undertrykkjande apparatet i Russland er brutalt, men det finst ei grense for kor langt eit autokrati kan gå.

Powered by Labrador CMS