Jaktar på dei sintaste kreftcellene
Ved hjelp av molekylære metodar er ei forskargruppe ved Gades institutt på sporet av årsakene til at nokre svulstar sprer seg fortare enn andre. Dei siste funna er knytta til brystkreft og kva faktorer som gjer svulsten særskilt aggressiv.
kreftsvulstar |
| | Kreftsvulstar oppstår ved store avvik i ei enkelt celle. Det er gener som regulerer funksjonane i kroppens celler, i eit samspel med ytre faktorer. DNA, RNA og proteiner er hovedkomponentane i dette samspelet. Balansen mellom ulike protein bestemmer regulering av cellevekst og celledød. Ved kreftutvikling får cellene evne til å vekse invasivt i andre vev enn normalt, og til å spreie seg til andre organ, for eksempel via blodomløp eller lymfesystem. I større og større grad blir det venta at kreftbehandling i framtida vert meir biologisk basert, ved at ein prøver å korrigere cellebiologiske og molekylære feil, for eksempel ved hjelp av genterapi. | | |
|
Forskargruppa til professor Lars A. Akslen har studert ulike molekylære mekanismer ved ein spesielt hissig type brystkreft. Arbeidet, utført saman med ei internasjonal gruppe, vart lagd fram i det velrenommerte tidsskriftet Cancer Reseach i februar 2004.
- Vi har særlig vore interessert i aggressive kreftsvulstar og prøver å finne ut kva molekyl som er involvert i rask vekst og spredning av svulstane, fortel Akslen.
Feltet hans er molekylær tumorpatologi, der ein nyttar molekylære og morfologiske metodar for å forske på kreftsvulstar.
Teikn på hissige svulstar
Forskarane har funne fleire særtrekk ved dei mest ondarta svulstane.
- Vårt siste arbeid fokuserer på samspelet mellom ulike reguleringsfeil ved brystkreft, særlig tilfelle av arvelege svulstar knytt til mutasjoner i BRCA1- genet.
- Eit av særtrekka ved dei mest aggressive svulstane er omfanget av avvikande blodkar, såkalla årenøster. Vi har funne at dette ser ut til å henge i hop både med BRCA1-genet og med p53, eit anna sentralt kreftgen. Dessuten har vi slått fast at proteinet Cytokeratin 5/6 er ein fellesfaktor både for arveleg brystkreft, som er BRCA1-assosiert, og for hissige svulstar med årenøster, fortel Akslen.
Funn av desse markørane indikerer dårlegare prognose for pasientane. Resultat frå arbeidet med Cytokeratin 5/6 vart også nyleg publisert i Journal of the National Cancer Institute i USA.
Årenøster gjev dårleg prognose
Når ei celle i kroppen forandrar seg til ei kreftcelle, byrjar den å sende ut signal, og nokre av desse kan stimulere veksten av blodkar. Kreftcellene treng nettopp fleire blodårer for å skaffe seg næring og vekse.
- I kreftcellene er det innebygd ein tendens til å spreie seg, og dette skjer mellom anna ved hjelp av blodomløpet. Det er ikkje berre cellene som er løpske, men også vekst av blodårene er ute av kontroll i endel svulstar. Om ein kreftsvulst ikkje får tilført blod, stoppar den å vekse når den er en-to millimeter stor.
- At ein finn feil på visse gener og protein i forbindelse med høg tettleik av blodkar og årenøster i svulsten, er som å finne nye og spennande bitar i eit stort puslespel, seier patologen.
Funna som no er publisert byggjer vidare på tidlegare forsking på såkalla angiogenese - nydanning av blodkar - rundt og inne i veksande kreftsvulstar.
Forskargruppa til Akslen har funne at personar med høg tettleik av blodkar i svulsten, og særleg dei med årenøster, har redusert sjanse til overleving. Dette gjeld ulike krefttypar, mellom anna føflekkreft og kreftsvulstar i livmor, prostata og bryst.
Skreddarsydd behandling
Med meir og meir individuell behandling, er sikker diagnose heilt essensielt. Ved hjelp av molekylære metodar i patologifaget kan ein no stille meir presise kreftdiagnoser enn før på ein del områder.
Utviklinga i kreftfaget går i retning av meir og meir skreddarsydd behandling, der kver enkelt pasient har sin «unike» svulst som krev spesialisert handsaming.
- I mykje større grad enn før ser ein på svulsten sine spesielle karakteristika og trulege utvikling, og deretter bestemmer onkologane kva behandling som bør tilrådast. I dag fins det ganske mange ulike behandlingsformer å velje mellom. Det dreier seg både om å velge ut rett pasient for rett behandling, og å gjere behandlingsalternativa meir effektive.
- Angiogenese og danning av årenøster er eit sentralt kjenneteikn ved kreftsvulstar. Svulstar med årenøster er hissige, og vi arbeider derfor med å kartlegge dette fenomenet. Når ein veit meir om kvifor slike årenøster vert danna, kan ein utvikle strategiar for å stoppe dei.
Akslen legg til at det blir forska intensivt på medisinar som hemmer voksande blodkar. Nyare studier viser at dette kan vere effektivt i behandling av kreftsvulstar hos menneske, og ikkje berre i dyreforsøk. Patologar og onkologar ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus planlegg no eit samarbeid som kan bedre utsiktene for aggressive svulstar, som til dømes føflekkreft med spredning.