Imitasjon hjelper autistar

Ved å setje seg inn i og imitere språket til menneske med store kommunikasjonsvanskar oppnår klinikarar store framskritt. Metoden kan nyttast til å gje autistar, demente og døvblinde eit betre liv, hevdar dei.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Norske og skotske forskarar har danna eit nettverk for forsking på imitasjon. Ein av desse er den britiske forskaren Phoebe Caldwell. Ho vitja nyleg Universitetet i Bergen der ho synte korleis ho nyttar metoden i behandling av autistar.

Eitt døme er ein 16-årig gut som plar angripe mor si og kommuniserer svært dårleg. Ved å imitere språket til guten roar Caldwell han ned, og ho viste i videoopptak korleis han etter nokre møte uttrykkjer seg gjennom språk og ikkje berre gjennom lydar.

- Når eg behandlar menneske vil eg ikkje vite noko om historia deira på førehand. Eg er kun oppteken av å gå inn i situasjonen og sjå kva kjensler dei uttrykkjer. Språket hans fins ikke berre i lyd, men også i kroppspråket. Til dømes i fingrane. Når eg gjer det same som han blir han interessert - og møter meg ikkje med aggresjon som han brukar å gjere - både mot framande og kjende. Å gjenkjenne egne rørsler og lydar verkar å vere den beste måten å skifte merksemda frå den indre til den ytre verda, hevdar Phoebe Caldwell.

Ho er overtydd om at imitasjon er ein nyttig reiskap for å komme i kontakt med ikkje-verbale menneske med uroleg åtferd og alvorlege lærevanskar. Klinikaren og forskaren Caldwell har jobba lenge med vaksne autistar og blir rekna som ein av Storbritannias største ekspertar på såkalla intensiv kommunikasjon

Samarbeidsprosjekt

Phoebe Caldwell er med i ei forskargruppe ved University of Dundee. Saman med Regionsenter for barne- og unges psykiske helse (Halos), UiB, har dei i fleire år halde på med eit større forskingssamarbeid. Forskargruppa ser på imitasjon som metode i høve til så ulike handicap som døvblindheit, autisme og demens.

Prosjektet har som mål å føre saman grunnforsking og praksis - og også å føre saman forskingsområde som tidlegare har vore adskilt. Ved Regionssenter for barn og unges psykiske har dei til dømes forska mykje på imitasjon hjå spebarn og meiner denne kunnskapen kan vere nyttig i behandling av grupper med store kommunikasjonsproblem.

Mikael Heimann er fagleg leiar ved Regionsenter for barne- og ungdomspsykiatri og er ein av dei som har forska mest på spebarnsimitasjon. Han meiner den tverrfaglege satsinga og utforskinga av imitasjon som metode er svært spennande.

- Det er fleire som forskar på imitasjon, men så vidt eg veit er det ingen andre som ser på det i eit så breitt perspektiv som vi gjer i dette samarbeidet. I behandling av folk med kommunikasjonsvanskar har vi ein tendens til å ønske at sosiale situasjonar har eit forståeleg verbalt innhald. Sjølv autistar har vi den typen forventningar til, sjølv om dei oftast er språklause, og ikkje skal kunne delta på eit emosjonelt plan. Men dei har også eit sjølvmedvit - og det gjeld å treffe dei der dei er, og ikkje der vi vil at dei skal vere.

Heimann fortel at dei som deltek i dette prosjektet, både klinikarar og forskarar, har veldig stor tru på metoden og meiner dei er på sporet av noko sentralt når det gjeld kommunikasjon.

- Det som er så fantastisk er at det også krev nokså lite ressursar og er ein relativt enkel metode å lære for dei som arbeider med desse gruppene. Denne metoden har vore relativt lite i bruk, sjølv om fagpersonell veit om det.

Mange er valdelege

Mange demente og autistar og demente er ei fare for omgjevnadane med valdeleg åtferd. Mykje av grunnen til at dei har denne negative åtferda, er at dei har nederlag på nederlag, og eigentleg er det ingen som lyttar til dei, hevdar Mikael Heimann.

- Om vi kan lære oss å forstå betre korleis kommunikasjon fungerer, kan vi gje betre hjelp til folk som har problem med å kommunisere. Vi kan sjå imitasjon som ein måte å “tune” inn på systemet deira. Alle har ein kommunikasjonsform, det gjeld å identifisere dette språket. For ein kan ikkje lære nokon eit språk utan at ein først lærer dei å kommunisere, seier senior lecturer Susanne Zeedyk frå University of Dundee. Saman med Heimann er ho intiativtakar til det skotsk-norske samarbeidet.

Kva er kommunikasjon?

- Korleis blir denne forskinga motteken?

- Nokre tykkjer det er for enkelt, medan andre meiner vi peikar på eit sentralt område. Korleis ein ser på forskinga vår avheng av korleis ein definererer kommunikasjon. Når eit nyfødd spebarn responderer på foreldra sine ved å rekke tunge tilbake om dei rekker tunge til barnet meiner vi det er kommunikasjon. Her er ikkje alle einige, men i vårt forskingsmiljø er dette ei heilt klår oppfatning, seier Susanne Zeedyk.

- Ja, for ein kan vel innvende at den læringa til dømes ein autist tek til seg, er mekanisk læring som ikkje nødvendigvis gjer autisten noko lykkelegare, men gjer kvardagen lettare for omsorgspersonane?

- Ja, det kan ein absolutt seie. For korleis kan vi måle om det gjer dei lukkelegare? Det vi i alle fall kan seie er at å roe dei og gjere dei i stand til å få betre kontakt med omverda kan vere eit godt utgongspunkt for å gå vidare. Det har jo vist seg at ved formelle testar så skorar til dømes autistar betre etter at ein har nytta imitasjon som behandlingsmetode. Dei verkar også å ha det betre - noko vi mellom anna kan lese ut av at dei brukar mindre vald, avsluttar Zeedyk.

Resultata frå den skotsk-norske forskingssamarbeidet blir publisert i eit heilt nummer av forskingstidsskriftet Infant & Child Development til neste år. Samarbeidet fortset vidare mellom anna med ein workshop på ein konferanse om uviklingspsykologi i Leedsi regi av British Pscyhological Society.

Powered by Labrador CMS