Flommen herjet i Flåm i oktober 2014. (FOTO: Helge Mikalsen, VG/NTB scanpix)

For dyrt å sikre seg mot flaum, storm og skred

Svært få kommunar har råd til å førebygge naturskader, viser ny studie.  

Når ekstremvêret herjar, kan både hustak på skular og helsesenter bli blåst av, vegar og vass- og avlaupsrøyr blir eroderte vekk av rennande vatn og pumpestasjonar bukkar under.

Slike skadetilfelle finst over heile landet, og dei blir ikkje mindre vanlege. Spørsmålet er kva teknisk etat og kommuneleiinga føretek seg når skaden først er skjedd, og korleis dei økonomiske rammene påverkar vala deira. For har kommunane eigentleg eit val?

Ein tilleggskostnad å førebygge

Vestlandsforsking har nyleg gjort ei utgreiing for KS FoU der forskarane utvikla ein metode for å samanlikne kva som løner seg mest for ein kommune: Å ta kostnadane ved å reparere øydelagd infrastruktur eller å gjennomføre tiltak som kan hindre at det oppstår naturskade. Forskarane fann ut at førebygging kostar for mykje for kommunane.

– Fleire av dei vi har intervjua i kommunane gir uttrykk for at budsjettrammene ikkje gir rom for noko meir enn å føre øydelagt infrastruktur attende til opphavleg stand, seier forskingsleiar for klima og miljø ved Vestlandsforsking, Carlo Aall.

Stillstand er norma

Han teiknar eit bilete av eit kommunenoreg der dei fleste står på staden kvil – ein reparerer infrastruktur som blir skadd, men driv i liten grad med førebygging.

Nokre få, ressurssterke kommunar klarer å førebygge. Men først etter at skaden er skjedd. Til dømes ville ein slik kommune satse på å forsterke eller heve ei flaumskadd bru for å unngå ei ny hending om nokre år. Idealet er at kommunar flest skal kunne plasserast i kategorien «føre var», altså at dei tenker framover og prøver å vere i forkant av hendingane. Men denne forma for lokal klimatilpassing er framleis sjeldan vare blant kommunane.

«Vi står han av»

Rapporten «Føre-var, etter-snar eller på-stedet-hvil?», der Vestlandsforsking legg fram funna, gir også eit visst bilete av korleis dei som styrer kommunane, resonnerer rundt spørsmålet om å ta ekstrakostnaden ved førebygging av vass- og avlaupssystem, vegar, bygningar og hamneanlegg etter røffe vêrhendingar.

Aall viser til det nordnorske uttrykket «vi står han av». I rapporten skriv forskarane at det å leve med naturfare ser ut til å ha blitt ein vane i mange kommunar.

– Det kan verke som enkelte oppfattar naturskade nesten som det same som ekstreme vêrhendingar og tenker at skade på infrastruktur ikkje er til å unngå. Faren med ein slik tankegang er at han blokkerer for små tiltak som kan førebygge mot dei litt mindre ekstreme vêrhendingane utan at det kostar for mykje, seier Aall.

Bør kommunane få si eiga ordning?

Forskarane har gått gjennom ordningane som finst for å finansiere oppbygging etter naturskade. Verken ordninga for naturskadeforsikring, naturskadeerstatning eller skjønnsmidlar inneber at kommunane får finansiert førebygging i form av ei forsterking av øydelagd infrastruktur. Det overraskande er kanskje at det er eit tydeleg misforhold mellom vilkåra for staten og kommunane på dette punktet.

– Ulikt kommunane får staten fullfinansiert alle førebyggjande tiltak over statsbudsjettet, seier Aall. I rapporten slår Vestlandsforsking fast at slike finansieringsordningar for førebygging av naturskade bør vere uavhengige av kven som har forvaltningsansvaret for infrastruktur. Alternativt bør kommunane få si eiga ordning.

NVE-sikring monnar ikkje

Den einaste ordninga som faktisk legg opp til å hindre at naturskadehendingar gjentek seg, er NVE sine sikringstiltak mot flaum og skred. Problemet med fagdirektoratet si ordning er at ho har for små budsjett til at det monnar for den kommunesektoren som står overfor store utfordringar knytt til skade frå flaum og skred. Vidare er ordninga avgrensa til område nær busetnad og næringsliv og omfattar i utgangspunktet ikkje offentleg eigd infrastruktur.

Aall er oppteken av at tiltak i større grad enn i dag må setjast inn før det skjer skade.

– NVE seier at vi må vere føre var og sikre samfunnet mot flaum og skred. Men som utgreiinga vår viser, er dagens situasjon at dei ikkje ein gong har midlar til å møte behovet for sikring på stader der skaden alt har skjedd, seier Aall.

Referanse:

Carlo Aall, mfl. «Føre-var, etter-snar eller på-stedet-hvil?», VF-rapport 4-2015. Samandrag.

Powered by Labrador CMS