Utsleppskutta i lavinntektsområde kom som følgje av nedleggingar av kraftverk, medan kraftverk i rikare område har installert teknologi som fjernar utsleppa. Ein viktig grunn til å vere opptatt av korleis miljøgevinstar blir fordelte, er at skeiv fordeling kan påverke haldningar til miljøpolitikk, sier Isaksen. (Illustrasjonsfoto: Kullkraftverk av Colourbox)
Utsleppskutta i lavinntektsområde kom som følgje av nedleggingar av kraftverk, medan kraftverk i rikare område har installert teknologi som fjernar utsleppa. Ein viktig grunn til å vere opptatt av korleis miljøgevinstar blir fordelte, er at skeiv fordeling kan påverke haldningar til miljøpolitikk, sier Isaksen. (Illustrasjonsfoto: Kullkraftverk av Colourbox)

Folk i fattige område blir mest ramma av miljøtiltak

– Tilnærma all politikk gjev vinnarar og taparar. Men ein må bli meir bevisst på kven som taper og kven som vinn. Og kanskje må ein i større grad prøve å kompensere grupper som blir hardt ramma, foreslår forskar.

Published

– Effektivitet er eit viktig kriterium når klima- og miljøtiltak skal setjast i verk, altså at ein får mest miljø for pengane. Samtidig viser det seg at effektive verkemiddel ofte er vanskelege å innføre i praksis, til dømes høge nok avgifter, fortel Elisabeth Isaksen, som nyleg fullførte ein doktorgrad om temaet ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo.

Ho trur det trengs ei betre forståing av korleis gevinstar og kostnader ved ulik miljøpolitikk blir fordelte.

– Dette kan gjere det lettare å kombinere effektiv miljøpolitikk med tilleggstiltak som kan adressere potensielt uheldige fordelingsverknader.

Har studert kvotesystem i USA

I doktorgraden har ho sett på kor vidt enkelte folkegrupper kan kome betre eller dårlegare ut enn andre når miljøpolitikk blir sett i verk. Ho studerte følgjene av eit kvotesystem i USA, som vart innført for rundt ti år sidan i halvparten av statane.

– I USA har såkalla «environmental injustice»-grupper frykta at fattige område vil oppleve lavare utslepp enn rike dersom ein let verksemder handle utsleppsrettar seg imellom i eit kvotesystem, fortel Isaksen, som har samarbeida med ein doktorgradsstudent frå Columbia University i USA.  

Kvotesystemet dei har studert skal avgrense utsleppa av nitrogenoksid (NOX) og svoveldioksid (SO2) frå kolkraftverk. Slike utslepp gjev lokal luftforureining som påverkar nabolaga rundt kraftverka.

Skilnad på fattige og rike område

I studien fann forskarane at særleg kvotesystemet for svoveldioksid har ført til ei skeiv fordeling av utsleppsrestriksjonar, der kraftverk i fattige nabolag i langt mindre grad har redusert utslepp enn kraftverk i nabolag som er relativt rikare.

I tillegg såg dei at utsleppskutta i lavinntektsområde i større grad har skjedd som følgje av nedleggingar av kraftverk, medan kraftverk i rikare område har installert teknologi som fjernar utsleppa.

– Studien vår stadfestar dermed at det kan vere systematiske skilnader i kvar utsleppsreduksjonar skjer. Dette betyr noko for korleis gevinstane ved miljøpolitikk blir fordelte. Dei rikare nabolaga opplevde ikkje berre betra luftkvalitet, men også høgare husprisar.

I tillegg er det sannsynleg at nedlegging også har andre negative effektar, som tap av arbeidsplassar, legg ho til. Alt dette kan bety noko for den politiske støtta til kvotesystemet.

Andre reguleringar kan bøte på problema

Isaksen meiner ikkje at ein bør gå bort frå kvotesystem som verkemiddel i klima- og miljøpolitikken. Ho understrekar at det her er ei avveging mellom effektivitet og fordeling. Forskarane kan dessutan ikkje seie om kvotesystem gjev ei skeivare fordeling enn andre verkemiddel.

– Det kan også vere muleg å kombinere eit kvotesystem med andre reguleringar som kan hindre at fordelinga blir for skeiv. Eit eksempel kan vere strengare reglar for kva luftforureiningsnivå som er tillatne. Dette vil kunne hindre opphoping av utsleppsløyve i eit visst geografisk område, foreslår ho.

Eit anna eksempel kan vere strengare reguleringar for kva utslepp som er tilletne frå kraftverk eller andre verksemder.

Parallellar til EUs kvotemarknad

Det er ein viktig skilnad på kvotesystemet Isaksen har studert og kvotesystemet i EU. Sistnemnte regulerer klimagassen karbondioksid (CO2), og sidan CO2 hopar seg opp i atmosfæren vil skadane vere globale.

Men samstundes vil aktivitet som gjev CO2 ofte også føre med seg lokale utslepp av partiklar.

– Dersom CO2-utslepp blir reduserte gjennom til dømes energieffektivisering eller mindre bruk av kol, vil det altså spele ei rolle kvar utsleppsreduksjonen finn stad. Nettopp dette har vore mykje debattert i California i samband med kvotesystemet for CO2 som vart innført i 2013. Ein slik debatt har vore mindre framme i EU, fortel Isaksen.

Ein viktig grunn til å vere opptatt av korleis miljøgevinstar blir fordelte, er at skeiv fordeling kan påverke haldningar til miljøpolitikk, påpeikar ho.

– Dersom politikarar ikkje har støtte blant folket, kan det bli vanskelegare å innføre eller oppretthalde ein ambisiøs miljøpolitikk.

Bompengar og bensinavgifter

I Noreg kjenner vi problemstillinga mellom anna frå debattar om bompengar og bensinavgifter. Dette er eit stykke unna kvotesystem for luftforureining, men Isaksen trur likevel at dei same prinsippa gjeld her: Korleis kostnader og gevinstar ved utsleppskutt fordelast, betyr noko for støtta til miljøpolitikk.

Skeivfordeling betyr likevel ikkje at ein skal la vere å gjennomføre politikken, meiner ho.

– Tilnærma all politikk gjev vinnarar og taparar. Men ein må bli meir bevisst på kven som taper og kven som vinn. Og kanskje må ein i større grad prøve å kompensere grupper som blir hardt ramma, foreslår Elisabeth Isaksen.

Til dømes kan ein betre kollektivtilbodet til folk i distrikta dersom det blir dyrare å kjøyre bil, eventuelt kompensere dei gruppene som blir hardast ramma av auka bompengar, legg ho til.

Referanse:

Elisabeth Thuestad Isaksen: How policies and cooperation can help mitigate environmental problems. Doktorgradsavhandling ved UiO. 2017. Sammendrag.