Dyrt å utsetje klimatiltak

Evna naturen har til å ta opp CO2, er lågare enn tidlegare analysar har komme fram til.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kan koste dyrt å utsetje tiltak i klimapolitikken.

Ein omfattande studie som tre forskarar ved Norges Handelshøyskole (NHH) er i ferd med å avslutte, talfester kva det vil koste verda dersom vi ikkje finn fram til ei global løysing med karbonskatt for å minske skadeverknadene av den globale oppvarminga.

Rapporten «A stitch in time saves nine. The costs of postponing action in climate policy» er skriven av professorane Stein Ivar Steinshamn og Leif K. Sandal i tillegg til postdoktor Sturla F. Kvamsdal – alle ved Institutt for føretaksøkonomi ved NHH.

I dette arbeidet har forskarane gjort berekningar som viser kor mykje klimaet toler av CO2-utslepp, og kva det vil koste i framtida dersom vi ikkje innfører tiltak. Skattenivået må aukast kraftig for kvart år implementeringa blir utsett, dersom vi skal klare å vende tilbake til ein tilnærma normal situasjon.

Som den engelske tittelen og ordtaket antydar: Ein kan like gjerne hoppe i det som krype i det.

Opptaksevna til naturen

Det mest oppsiktsvekkjande med SNF-rapporten er arbeidet forskarane har lagt ned for å rekne ut kva evne naturen har til å tole meir CO2-utslepp.

– Det er eit av dei viktigaste poenga i forskinga vår, seier Steinshamn.

– Vi nyttar ei ny tilnærming og kan berekne evna naturen har til å ta opp i seg og reinse CO2. Ei rekkje analysar reknar med at den såkalla reinseevna, eller opptaksevna, aukar proporsjonalt med konsentrasjonsnivået.

– Vi finn teikn på at opptaksevna flatar ut, og at ein dermed får mindre hjelp frå naturen til CO2-reinsing, seier han.

Pålitelege estimat

Forskarane kjem altså fram til at reinseevna er nokså låg i forhold til kva som er komme fram i fleire analysar, til dømes frå klimapanelet til FN.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

– I denne delen av forskinga bruker vi kjende dataseriar som er publiserte av mellom anna NASA, og vi nyttar sofistikerte metodar, slik at det er ein del av modellen som vi føler oss trygge på. Desse estimata er pålitelege, seier Steinshamn.

Den andre delen av analysen er skadefunksjonen, og forskarane meiner at den er meir spekulativ, fordi det uråd å vurdere skadeomfanget utan eit samanlikningsunivers som ikkje har skadar.

Stern-rapporten

Stern-rapporten, som økonomen Nicholas Stern skreiv på oppdrag frå den engelske regjeringa i 2006, seier at det vil koste om lag ein prosent av verdas BNP over fleire tiår dersom vi skal unngå farleg global oppvarming.

I dag meiner han, og mange forskarar med han, at det kjem til å koste dobbelt så mykje å unngå ei temperaturstiging som utset folk for direkte fare.

– I dag ligg vi kanskje på rundt ein prosent, og dei neste hundre åra vil talet stige til to prosent. Det er basisscenarioet vårt.

Sturla Kvamsdal og Stein Ivar Steinshamn ved NHH. Foto: (Foto: Eivind Senneset)

– Så det er ut ifrå dette overslaget at skatten må auke med tre prosent i året dersom han blir utsett, for å hindre ei dramatisk global oppvarming, seier Steinshamn.

Dersom vi innfører ein optimal skatt, meiner forskarane, vil han føre til ein stabil situasjon på lang sikt.

– Kva situasjon det er, kjem an på scenarioet, men i dei fleste scenario vil det seie ein viss auke i konsentrasjonsnivået frå i dag, seier Kvamsdal.

Powered by Labrador CMS