- Kan bli varmare enn venta

Sjølv om Golfstraumen blir svekka i framtida, vil varmetransporten inn i våre farvatn auke. Nordpolen kan bli isfri tidlegare enn vi har trudd, meiner klimaforskarar ved Bjerknessenteret.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle modellar som simulerer framtidsklimaet, viser ein reduksjon i Golfstraumen.

Det kjem også fram i den fjerde hovudrapporten frå FN sitt klimapanel IPCC, som vart lagt fram nyleg.

Foreløpig er det ingen tegn til at Golfstrømmen er på retur, men datamodellene viser en viss svekkelse i løpet av de neste 100 år - kanskje rundt 30 prosent.

Det har vore spekulert i om dette vil føre til kaldare klima i Skandinavia.

No viser resultat frå Bjerknes senter for klimaforsking at det ikkje er tilfelle. I staden ser det ut til at vi vil få meir varmt vatn inn i våre farvatn.

Dette skuldast at vindsystema vil bli forsterka: Meir og sterkare vestavind vil sende ein større del av Golfstraumen i vår retning.

Dette vil i sin tur forsterke oppvarminga i Arktis.

Kva skjer i havet?

Resultata er funne ved hjelp av Bergen Climate Model (BCM). Forskarane ville finne ut kva for klima vi kan vente oss på våre kantar i framtida, og særskilt korleis vatnmassane i dei nordiske havområda og i Arktis vil endre seg.

Analysen er utført av Ingo Bethke som er doktorgradsstudent ved Nansensenteret, under rettleiing av professor Tore Furevik ved Geofysisk institutt og professor Helge Drange ved Nansensenteret.

"Tore Furevik og Ingo Bethke."
"Tore Furevik og Ingo Bethke."


- Vi har sett spesielt på korleis saltinnhaldet i vatnet endrar seg. Det har vore publisert fleire artiklar i det siste som viser at Nord-Atlanteren har blitt ferskare, og som spekulerer i at dette kjem til å halde fram som følgje av klimaendringane, opplyser Tore Furevik.

Saltare vatn

Spekuleringane har gått ut på at sidan klimaendringane gjev auka fordamping i tropene og meir nedbør på våre kantar, så vil havet også bli ferskare fordi meir ferskt vatn vil renne ut i havet.

- Men det som faktisk vil skje, er at sjøvatnet etter kvart vil bli saltare i våre område, seier Furevik.

- Det har to årsaker: Til no har vatnet blitt ferskare fordi vi har hatt unormalt stor eksport av is frå nord, som har smelta og tilført ferskvatn. Men etter kvart som det blir mindre is, vil denne effekten også forsvinne.

- Samstundes har ein allereie sett at vatnet som kjem inn frå sør er blitt saltare dei siste åra, og dette reknar vi med vil bli forsterka, fortel Furevik.

I Arktis vil rett nok vatnet bli ferskare, ifølgje modellen. Det kjem av auka avrenning frå elvene i Nord-Russland, som følgje av auka nedbør. Men Norskehavet vil bli saltare.

Meir nøyaktig

- BCM har nokre føremoner som andre modellar ikkje har: Han er god til å ta omsyn til isen i Arktis, og han har høg opplysing i våre område, som gjer utrekningane meir nøyaktige, hevdar Furevik.

No skal han og kollegaene sjå nærare på kva som skjer i Arktis når isen forsvinn.

Isfrysing er med på å drive sirkulasjonen av vatn i havet. Når sjøvatnet frys til is, blir saltet skilt ut. Det gjer at vatnet blir saltare og tyngre, og søkk mot botnen.

Dette vatnet blir så erstatta av varmare vatn sørfrå. Det er sjølve isfrysingsprosessen som er viktig for denne sirkulasjonen, og klimaforskarane vil derfor studera effektane av det reduserte isdekket i Arktis.

Meir varme

Blir det mindre isfrysing framover, vil dei store straumsystema i Nord-Atlanteren bli svekka, og det er dette som har fått mange til å lure på om vi vil få mindre effekt av Golfstraumen og eit kaldare klima.

Men simuleringane viser altså at trass i eit svekka straumsystem, vil vatnet langs vår kyst bli både saltare og varmare. Dette vil i neste omgang forsterke oppvarminga i nordområda.

Målingar har til dels allereie stadfesta denne utviklinga, til dømes er vatnet som no strøymer nordover mot Arktis, ekstremt varmt. Det meste av denne varmen blir overført til atmosfæren eller gå med til å smelte is, og dermed blir oppvarminga og tendensen til mindre is, forsterka.

Viktige Arktis

- Noko av problemet med klimasimuleringar, er at det finst fleire slike sterke tilbakekoplingsmekanismar i dette systemet, som det har vore vanskeleg å karakterisere, seier Furevik.

- Når isen smeltar, blir til dømes varmen frå sola teke opp av vatnet i staden for å bli reflektert tilbake, og dermed vil endå meir is smelte, og slik held det fram.

- Antakeleg er dei fleste klimamodellane konservative i sine estimat når det gjeld issmelting. Det vakte stor oppsikt då vi for sju år sidan gjekk ut og sa at Nordpolen kan vere isfritt om 50 år. No trur mange at det kan gå enno fortare, seier Furevik.

Torsken flyttar seg

For folk på Vestlandet er det kanskje utsiktene til meir regn som har gjeve størst grunn til uro. Men ein temperaturauke på eit par grader i havet vil få enorme konsekvensar også på andre måtar.

Allereie no ser ein at gytefelta utanfor Sør- og Vestlandet er blitt i varmaste laget for torsken, som i staden må trekke nordover for å gyte. Om nokre år kan våre farvatn vere ulevelege for mange av dei tradisjonelt viktige kommersielle fiskeslaga våre.

- Slik sett kjem det internasjonale polaråret på eit strategisk tidspunkt. Vi treng eit sterkt søkjelys på Arktis no, både når det gjeld klima, og effektar på biologi og samfunn, meiner Furevik.

Powered by Labrador CMS