Ein gavmild helgen

Visste du at julenissen sitt forbilde heiter St.Nikolas? I dag feirer mange helgenen som både har kvitt skjegg og som også deler ut presangar til snille barn…

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- St.Nikolas-dagen er ein viktig dag i mange katolske land, seier førsteamanuensis ved Høgskulen i Bergen, Tormod Tobiassen. - Denne dagen er nemleg starten på julemarkeringa for mange katolikkar og i nokre land er det tradisjon å gi gåver til kvarandre på denne dagen, fortel Tobiassen.

Populær helgen

St.Nikolas peikar seg ut som ein av dei mest populære helgenane i dei katolske landa. Den “verkelege” Nikolas var biskop i Myra, dagens Dembre i Tyrkia. Han skal ha blitt fødd i cirka år 270 og døydde rundt 350, i desember. Kulten rundt han er kjend frå 500-talet.

Barnas helgen

Nikolas er alltid avbilda med langt skjegg og i biskopskrud. Han er barnas helgen og er difor forbunden med skikken å gi gåver til snille barn i jula.

Det fins mange historier om Nikolas. Den mest kjende er vel at han hjalp ein fattig familiefar som måtte sende døtrene sine ut i prostitusjon for å berge familien sin. Men Nikolas kom familien til unnsetning.

Tre netter på rad kasta Nikolas gullpenger inn vindauget, slik at jentene kunne bli anstendig gift og medgift kunne betalast. Helgenen er av denne grunn ofte avbilda med gyldne myntar.

Julenissen sitt forbilde

- Den røde nissedrakta har nok henta inspirasjonen sin frå biskopdrakta til St.Nikolas, seier Tormod Tobiassen ved Høgskulen i Bergen.

- Også det kvite skjegget som julenissen prydar seg med er kopiert frå den populære helgenen, trur Tobiassen. Men det tydelegaste teiknet på at St.Nikolas og julenissen har ei tilknytning er nok likevel navnet.

Tobiassen siktar ikkje til det norske navnet “julenisse”, men det amerikanske navnet på julenissen som er St.Claus. Navnet St.Claus er ei forkorting av navnet Nikolas.

Helgen for sjømenn

"Nikolas stiller en storm på havet og redder mannskapet fra å drukne"

Nikolas er også ein viktig helgen for mange sjømenn. Han skal blant anna ha redda mange sjømenn frå døden.

Og under ei hungersnaud skal Nikolas ha bedt ein sjøkaptein om å ta av kornlasten for å gi til dei som svalt. Då kapteinen vart engsteleg for ikkje å kome fram til bestemmelsesstaden med full last, kom englar og fylte lasta opp igjen.

- St.Nikolas har vore ein viktig helgen for sjømenn i Nederland, seier Tormod Tobiassen.

- Mange har vendt seg til St.Nikolas og bedt om vern, avsluttar Tobiassen.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS