Leirungsdalen i Jotunheimen, eit døme på mange naturtypar.  (Foto: Rune Halvorsen, NHM)
Leirungsdalen i Jotunheimen, eit døme på mange naturtypar. (Foto: Rune Halvorsen, NHM)

Norsk natur versjon 2.0

Det var ei umogleg oppgåve: Rune Halvorsen fekk ansvaret for å systematisere norsk natur. Ti år seinare er versjon 2.0 klar.

For seks år siden vart norske naturtyper sortert og kategorisert.  Kvart lite stykke Norge vart organisert i et felles system.

Naturtyper i Norge (NiN) vart lansert av Artsdatabanken i 2009. Professor Rune Halvorsen frå Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo hadde leia arbetet.

– Men det tok ikkje så veldig lang tid før vi innsåg at NiN-systemet hadde to store svakheiter, fortel Halvorsen.

Godta eller ikke godta

Den eine store svakheiten var at systemet ikkje var eintydig nok. Kartleggjinga av norske naturtypar vert gjort av forskarar, folk frå forvaltinga og andre. To kartleggjarar bør få nokonlunde same resultat når dei kartlegg det same området, men i 2010 avdekka forskare at forskjellane vart for store.

Den andre store svakheiten var at det ikkje fantest gode nok retningslinjer for kva som kan definerast som ein naturtype - eller ikkje.

Ei ekspertgruppe med 13 medlemmer frå universitet, høgskular og andre forskingsinstitusjonar hadde ansvaret for naturtypeinndelinga.

– Vi oppdaga raskt at mange hadde interesse av å få ein naturtype definert som offisiell, av ulike grunnar.  Dette måtte ekspertgruppa ta stilling til utan vi hadde gode nok retningslinjer for desse vurderingane, seier Halvorsen.

Fullstendig gjennomgang

– Vi har fått ein metodikk for å svara på kva som bør vera ein naturtype og kva som ikkje bør vera det, seier Rune Halvorsen.  (Foto: Anette Edvardsen)
– Vi har fått ein metodikk for å svara på kva som bør vera ein naturtype og kva som ikkje bør vera det, seier Rune Halvorsen. (Foto: Anette Edvardsen)

– Vi brukte til dømes mykje tid på å diskutera om slåttemark og beitemark er så forskjellige at dei burde vera eigne naturtypar, utan at vi klarte å koma fram til nokon konklusjon.

– Så sårbart for subjektive vurderingar, til og med lobbyverksemd, bør ikkje ein nasjonal standard vera, slår Halvorsen fast.

I 2012 sette derfor Artsdatabanken i gang ein fullstendig gjennomgang av det teoretiske grunnlaget for NiN, for å få bukt med svakheitene.

Mange steinar måtte snuast

– Til å begynna med tenkte vi vel alle at vi skulle gjera litt småjusteringar og rydda litt grums. Men det gjekk fort opp for oss at vi måtte gå heilt til botnen, og laga metodar for å kunna analysera oss fram til kva som skulle vera ein naturtype.

– Veldig mange steinar måtte snuast, og det brukte vi eit år på, seier Halvorsen.

Tida etter det har gått med til å anvenda desse nye metodane, og i april vart NiN 2.0 lansert av Artsdatabanken.

250 sider

– Vi har løyst begge dei store svakheitene ved den førre versjonen. Vi har fått ein etterprøvbar, prinsippbasert metodikk for å svara på kva som bør vera ein naturtype og kva som ikkje bør vera det.

– Ved å bruka denne metoden har vi kome fram til at slåttemark og beitemark skal vera ein felles naturtype, og at forskjellen må beskrivast som ein eigenskap ved denne naturtypen.

– NiN 2.0 inneheld òg ein kartleggjingsrettleiar på ikkje mindre enn 250 sider, utarbeidd av Anders Bryn ved NHM. Slik skal sjølve kartleggjingane òg verta meir etterprøvbare, seier Halvorsen.

Aldri heilt i mål

Stortinget har vedteke at NiN skal brukast i den offentlege kartleggjinga av naturtypar i Norge, og har løyvt 25 millionar slik at arbeidet kan setjast i gang i år.

– Systemet skal takast i bruk i 2015, men med opning for å gjera justeringar før sommaren 2016, fortel Halvorsen.

– Vi er altså ikkje heilt i mål enno, men vi er veldig mykje nærare enn vi var med den forrige versjonen. Heilt i mål kjem vi aldri, naturvariasjonen er så kompleks at det alltid vil finnast ny kunnskap å avsløra.

Les meir:

Natur i Norge (NiN) - Faste rammer og stor fleksibilitet (Artsdatabanken, 15. april 2015)

Powered by Labrador CMS