- Internett gir meir personfokus i politikken

Demokratiet er allereie blitt endra på grunn av Internett, men vi har slett ikkje sett slutten på historia. - I framtida kan vi mellom anna vente oss eit skarpare personfokus i politikken, seier professor Harald Baldersheim.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Da internettbølgja skylde inn over Noreg mot slutten av 1990-åra, var det store forventningar om at den nye teknologien skulle medverke til eit opnare og meir demokratisk samfunn.

Internett skulle gi alle borgarar ei stemme i samfunnsutviklinga, og det skulle utviklast nye og kreative demokratiformer. Slik har det ikkje gått, i alle fall ikkje enno.

- I dag kan vi sjekke kva Internett har ført til, og forventningane var nok svært overdrivne, seier Harald Baldersheim.

- Det generelle samfunnsengasjementet blant dei breie massane ser ikkje ut til å ha blitt større. Men vi ser mellom anna at det er blitt enklare å vere politisk aktivist, seier han.

"Demokratiet er allereie blitt endra på grunn av internett, seier professor Harald Baldersheim. (Foto: Ola Sæther, UiO)"

Internett og makt

Baldersheim er professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og har leidd forskingsprosjektet Makten på nettet, makten i nettet, som var del av programmet Kommunikasjon, IKT og Medier (KIM) i Noregs forskingsråd.

Formålet var å analysere kva IKT har å seie for makt og demokrati i samfunnet, og det har Baldersheim og andre forskarar gjort i fire delprosjekt.

- Internett og ny teknologi vil også i framtida medverke til å skape endringar i funksjonane til demokratiet.

- Dette har vi berre sett emning til så langt, og dei norske valkampane og politikken generelt er framleis svært så partidrivne. I framtida kjem den tradisjonelle valkampen til å bli supplert med eit sterkare personfokus, spår Baldersheim.

Bloggen og blondina

Det er slett ikkje berre media som vil bli meir personfokusert - også politikarane medverkar til dette. SV-leiaren Kristin Halvorsen blei ei føregangskvinne på området da ho etablerte sin eigen blogg i framkant av valet i 2005.

"SV-leiaren Kristin Halvorsen blei ei føregangskvinne da ho etablerte sin eigen blogg før valet i 2005, men eksperimentet blei ikkje ein suksess. (Foto: Rune Kongsro)"

Forskar Anne Krogstad ved Institutt for samfunnsforsking har analysert fenomenet i artikkelen En bok, en blogg og en blondine, som mellom anna skildrar korleis eksperimentet ikkje blei ein avgjord suksess.

Det heile starta greitt, men etter kvart blei det for arbeidskrevjande for partileiaren å svare på alle innspela.

Det var svært få innsendarar som var nøgde med å få svar frå andre enn Kristin sjølv, og til slutt blei bloggen lagd ned.

- Det viste seg også at det etter kvart blei vanskeleg å styre dialogane på bloggen i ei positiv retning. I staden for å bli ein god og kreativ kommunikasjon med mange kvinner og menn, blei bloggen i sluttfasen dominert av kritiske og til dels sure menn.

- Likevel kan nettet i stadig større grad kunne ta over som ein viktig arena for politisk kommunikasjon, skriv Krogstad.

Meir broilerpolitikk

- Ein annan tendens er truleg at politikken vil bli meir profesjonalisert. Politikken skjer etter kvart i svært mange kanalar, og det er veldig krevjande å skulle vere til stades heile tida og samtidig meistre alle desse kanalane, seier Baldersheim.

"- Kristin Halvorsens blogg blei i sluttfasen dominert av kritiske og til dels sure menn, skriv forskar Anne Krogstad. (Foto: ISF)"

- Det peikar i retning av at vi kjem til å få fleire heiltidspolitikarar og meir broilerpolitikk i framtida. Det er ikkje lett for ein person med ein “vanleg” jobb å vere med når politikken går heile døgnet.

- Det er ein av årsakene til at forskingsprosjektet vårt har hatt undertittelen “24-timers-demokratiet”, seier Baldersheim.

–-

Fakta om forskningsprosjektet:

Harald Baldersheim skal vere ein av hovudinnleiarane på KIM-programmets avslutningskonferanse i mars 2008.

Dei andre deltakarane i prosjektet har vore forskarane Anne Krogstad og Jo Saglie, samt stipendiat Rune Karlsen ved Institutt for samfunnsforsking, stipendiatane Are Vegard Haug og Signe Bock Segaard ved Institutt for statsvitskap (UiO), og førsteamanuensis Morten Øgård ved Høgskolen i Agder.

Fakta om KIM-programmet:

Hovedmålet for forskningsprogrammet “Kommunikasjon, IKT og medier” (KIM) var å videreutvikle kunnskapsgrunnlaget innenfor samfunnsvitenskapelig og humanistisk IKT- og medieforskning.

Lenker:

Institutt for samfunnsforskning: KIM
Forskningsrådet: KIM

Powered by Labrador CMS