Hann av lakrismjeltblåveng. (Foto: Hallvard Elven, NHM)

Denne sommarfuglen kan vera døydd ut

Lakrismjeltblåvengen kan vera borte frå norsk jord for godt. – Den kan ha døydd ut mellom hendene våre, seier insektforskar.

Insektforskar Hallvard Elven frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM) har eit tettare forhold enn andre til den utrydningstruga – kanskje alt utrydda – sommarfuglen lakrismjeltblåveng.

Vinteren 2012/2013 overvintra 120 egg frå lakrismjeltblåveng utanfor stovedøra hans, i ventilerte plastrøyr i ein boks med fuktig leca. 57 av desse vaks opp til å bli vaksne sommarfuglar, og vart utplaserte på tre stader i Oslofjorden.

– Håpet vårt var at dei skulle gå ut og vera fruktbare og grunnleggja nye populasjonar. Samstundes prøvde vi å få tak i nye hoer så vi kunne gjenta opplegget. Men i 2013 fann vi berre hannar, og dei er det som kjent vanskeleg å få egg av, seier Elven.

Fann berre eitt individ

Då Elven og samarbeidspartnarane hans leita etter arten i 2014, vart resultatet det dei mest hadde frykta: ikkje ein einaste lakrismjeltbåveng var å sjå.

– Den kan ha døydd ut mellom hendene våre, nesten bokstavleg talt, seier Elven.

Blant norske sommarfuglsamlarar var lakrismjeltblåvengen godt kjend frå øyene vest i Oslofjorden, men ikkje før i 2007 vart arten kartlagt grundig for fyrste gong, og då kom sjokket: ein lukkast berre med å finna eitt einaste individ.

Drahjelp

Året etter fann ein ingen, og ein frykta at arten var utdøydd i Norge. Men i 2009 fann sommarfuglentusiasten Roald Bengtson, etter intens leiting, to lakrismjeltblåvenger på ein stad som er så hemmeleg at berre nokon få innvigde veit kvar den er.

I 2012 vart det avgjort å gje den skjøre bestanden drahjelp ved å avla fram nye individ i beskytta omgivnadar. Men no kan det altså sjå ut som innsatsen har vore forgjeves.

Hallvard Elven med ei av hoene som vart fanga som avlsho. (Foto: Christian Steel)

– Men bortkasta vil eg vil ikkje seia at den har vore. Vi har ikkje gitt opp håpet heilt enno, og vil halda fram å leita i eit par år til. Men uansett har dette vore ein veldig synleg demonstrasjon av korleis tap av leveområde påverkar artsmangfaldet.

For det er ikkje sommarfuglsamlarane som har vore lakrismjeltblåvengen sin bane. Det er dels byutviklinga og dels endringar i bruken av kulturlandskapet som er årsaka, både for lakrismjeltblåvengen og for planten lakrismjelt, som sommarfuglen lever på og har fått navnet sitt etter.

Andre artar tek over

Mange av dei truga artane på Norsk Rødliste lever på kulturområde som er i ferd med å forsvinna, som beitemarker og slåttemarker. Dei står dermed i fare for å dela skjebne med  lakrismjeltblåvengen.

– Antakeleg har desse artane, både plantar og insekt, klart å tilpassa seg dei nye kulturområda som gradvis tok over dei naturlege levestadene deira.

– Men intensiveringa og industrialiseringa som skjedde i landbruket i siste halvdel av førre århundre, har gjort at desse levestadene òg blir borte. Sjølv der naturen får overta og kulturmark gror igjen, vil det vera andre artar som tek over.

– Det hjelper ikkje med vern av artar, om ikkje ein samstundes vernar leveområda til arten, seier Elven.

Powered by Labrador CMS