<em>Zwicknia westermanni</em> vart beskrive som ny art i avhandlinga til Louis Boumans.  (Foto: Alexandre Ruffoni)
Zwicknia westermanni vart beskrive som ny art i avhandlinga til Louis Boumans. (Foto: Alexandre Ruffoni)

Forførande trommeduell med innlagt lureri

Steinfluer lurar rivaliserande hannar på villspor ved å etterlikna hoa sitt paringssignal.

Publisert

I dyreriket finst det mange ulike signal for å tiltrekkje seg partnarar. Hjå Arctoperlaria, ein underorden av steinfluer, kommuniserer hannar og hoar ved å dunka underkroppen rytmisk mot underlaget.

Insektsforskarane kallar dette for «tromming». Dei har rekna med at ulike trommemønster har vore ein barriere mellom artar, altså eit hinder for at to individ frå ulike artar skal para seg med kvarandre.

Barriere for krysning

No har Louis Boumans, som disputerte for doktorgraden ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo i januar, blitt den fyrste til å dokumentera at det faktisk er slik.

– Men eg understrekar at funnet berre er gyldig mellom dei to artane eg har undersøkt, Zwicknia westermanni og Zwicknia bifrons, seier han.

– Det kan til dømes tenkjast at mellom artar som har trommemønster som liknar meir på kvarandre, vil òg barrieren for krysning vera mindre. Det kjenner vi til dømes til mellom artar av grashopper.

Fleire utvekslingar

Men Boumans meiner at tromminga ikkje berre fungerer for å finna ein partnar av same art. Hjå ein del artar fungerer tromminga òg som seksuelt konkurransetiltak.

– Det typiske mønsteret er at hannen sender ut eit signal, eit utrop, som hoa svarar på. Til saman vert dette kalla ein duett, seier han.

Så bruker hannen signalet frå hoa for å orientere seg og gå mot henne. Det kan vera nødvendig med fleire utvekslingar av signal før han har funne henne.

Tjuvlytting

Hjå ein del artar reagerer hannen med eit signal som liknar på signalet til hoa. Kva funksjon dette tredje signalet i utvekslingssekvensen har, har vore uvisst.

– Men det har ikkje vore registrert noko reaksjon frå hoa på det, så det har neppe å gjera med at hannen skal finna hoa, seier Boumans. Hypotesen hans er at formålet med det andre signalet til hannen i desse tilfella er å avspora konkurrerande hannar, slik at han får hoa for seg sjølv.

Boumans har nemleg òg dokumentert tjuvlytting hjå steinfluene: Ein hann som får spalt av ein duett mellom ein annan hann og ei ho, kastar seg gjerne inn med sitt eige utrop. Dette tolkar forskarane som eit forsøk på å kapra den tilgjengelege hoa frå rivalen.

Då han fann henne, Zwicknia bifrons-versjonen. (Video: Louis Boumans, NHM):

Ulike opptak

Ved å plassera steinfluene i eit pappbeger som står oppå ein mikrofon, kan forskarane ta opp signal og studera reaksjonar i laboratoriet.

– Den største utfordringa er faktisk å finna eit rom som er stille nok, der det ikkje er for mykje forstyrrande vifter, kjøleskap eller liknande, seier Boumans.

Deretter kan dei undersøkja reaksjonane hjå hannar på ulike opptak.

– Vi ser at hannane er mykje meir motiverte til å reagera med eigne utrop på duettar. Utrop frå andre hannar åleine gjev mykje mindre respons. Eg tolkar dette som at dei ynskjer å ta over duetten.

Referansar:

Boumans og Johnsen: Stonefly duets: vibrational sexual mimicry can explain complex patterns. Journal of Ethology, februar 2015, doi: 10.1007/s10164-015-0423-y. Samandrag

Boumans og Johnsen: Species-specific communication bars interspecific mating between syntopic species of Zwicknia stoneflies (Plecoptera: Capniidae), Biological Journal of the Linnean Society, desember 2014, doi: 10.1111/bij.12372. Samandrag

Boumans og Murányi: Two new species of Zwicknia Murányi, with molecular data on the phylogenetic position of the genus (Plecoptera, Capniidae). Zootaxa, mai 2014, doi: 10.11646/zootaxa.3808.1.1. Samandrag