Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Foreldreskap i eksil: Å finne ut av rolla som foreldre i ein ny kultur er utfordrande for flyktningar, viser ein studie.

Foreldrerolla er ekstra krevande for flyktningar

Hittil har vi som samfunn sett at barn av flyktningar strever i kollisjonen mellom ulike tradisjonar. Ny forsking viser at foreldrerolla også er svært krevjande.

Korleis skal eg gje barnet mitt ei god oppvekst? Er eg passeleg streng, mjuk, utfordrande, støttande, varm? Er det nok reglar i heimen vår? Er det for mange reglar?

Slike spørsmål kan svirre gjennom hovudet på dei fleste foreldre. Ikkje minst – øvinga med å samanlikne seg med andre foreldre du møter – samtaler om skjermtid, leggetid, etevaner, leksevaner, vennskap og fritidsaktivitetar.

Rolla som forelder inneber mange spørsmål og få fasitar. Og det står mykje på spel – først og fremst, å hjelpe barnet sitt til å vere lykkeleg i denne verda.

For nye landsmenn kjem det inn ein ekstra, stor dimensjon av usikkerheit, viser ny forsking av sosionom Kari Bergset frå Høgskulen på Vestlandet.

Ho har intervjua 25 flyktningforeldre busette i bygder i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Dei kjem frå Afghanistan, Irak og Somalia – 12 mødrer og 13 fedrar.

For dei er det endå vanskelegare å navigere foreldreskapet og verdiane i det, i møte med ein ny kultur og nye tankemåtar.

Leyla og paradiset

Ta til dømes «Leyla». Ho var ei av mødrene Bergset møtte og intervjua i djupna om korleis ho var mor for dei tre barna sine i eit heilt nytt land.

Leyla voks opp med ei streng og oppofrande mor i heimlandet – var vane med ei verd der mødrene satsa alt på barna og familien. Sjølv gjorde ho ikkje det. Ho jobba fullt og identifiserte seg som ei moderne kvinne: Først og fremst, som ei som hadde ei rolle utanfor heimen.

Likevel: I møte med norske mødrer på arbeidsplassen, opplevde ho fleire kulturkrasj.

Ein dag var det snakk om frukost og frukostvanar, og Leyla fortalde kollegaen sin, ei anna kvinne, om korleis ho brukte å lage frukost og matpakker til barna sine. Kollegaen utbraut: «Men barna må lage frukost sjølve! Ikkje du! Det er ikkje di oppgåve».

For Leyla blei dette heilt feil, slik ho seier til Bergset i intervjuet:

– Men korleis skal eg då vise at eg er ei mor? Småbarna kjem til å hugse dei gode episodane då dei vakna og mamma hadde laga frukosten. Kva skal dei hugse når dei blir store? Vi måtte lage frukosten vår? Og vi måtte vaske huset? Men kor er morsrolla? spør Leyla.

– Då skjønte eg at det er ikkje alle mødrer som vil gjere huset til eit paradis!

Foreldre med dårleg rykte

Leyla gir uttrykk for ein type kulturkrasj som er typisk for mange av foreldra forskaren intervjua. Verdien hennar om å gjere heimen til eit paradis krasjar med den norske mora sin verdi om å dyrke sjølvstende hos barna.

Ho er overraska over norske kvinner som dreg på «jentetur» og let andre passa barna, og meiner det er egoisme. Likevel: Leyla seier i det same intervjuet at ho heller ikkje vil vere som typiske mødrer i heimlandet:

– Dei gløymer seg sjølve på ein måte. Dei berre lever for barna. Livet deira er barna. Så ferdig med den saka! seier Leyla.

– Så eg vil på ein måte balansere mellom dei to kulturane. Ikkje berre ofre meg for ungane som mamma har gjort, og ikkje berre vere som norske, som av og til gløymer ungane sine.

Korleis forme rolla som forelder i spenningsfeltet mellom ulike forventningar til denne rolla?

Dette har Kari Bergset spurt både mødrene og fedrane i studien om. Det viser seg å vere ein langt meir kompleks og langvarig prosess enn ein først skulle tru. Bergset var oppteken av å undersøke dette mellom anna fordi ho såg at flyktningforeldre blei sett på med sterk mistru av det norske samfunnet:

– Vi lagar gjerne ein motsetnad mellom Vesten og «Resten» . Så tenkjer vi at den moderne og akseptable måten å vere foreldre på, har vi i Vesten. Den gammaldagse og skadelege måten er representert av Resten, seier Bergset.

– Verdiforming er eit godt ord for å skildre kva som skjer når vi møter noko framandt, seier Kari Bergset. Kor strevsam denne prosessen er for flyktningforeldre, har gjort djupt inntrykk på forskaren.

Integrasjon: ein avleggs måte å tenkje på?

I den offentlege samtalen kring migrantar har omgrepet integrasjon vore sentralt heilt sidan åttitalet.

For dei fleste vekkjer dette ordet ein tanke om ein heilt bestemt prosess: Personen forlèt plass A og kjem så til plass B. Så tilpassar han eller ho seg gradvis levemåtane på plass B – og dette er nøkkelen til eit godt, sunt og produktivt liv for den nye landsmannen eller -kvinna.

– Teoretikarane bak denne tankegangen har sett føre seg ein prosess med eit definitivt endepunkt, der den migrerte personen til slutt er fiks, ferdig integrert. Då er alt fredeleg og på plass, forklarer Bergset.

Eigentleg er ordet integrasjon del av eit større sett med omgrep, der akkulturasjon er den overbyggande ideen. Dette begrepet handlar om den kulturelle endringa som skjer i møtet mellom to kulturar som tidlegere var separate og sjølvstendige.

Akkulturasjonsomgrepet rommar eit sett med tilpassingsstrategiar – assimilasjon, integrasjon, segregering og marginalisering – der migrantar på ulikt vis finn sin plass i det nye landet, anten som ein del av den nye kulturen eller i utkantane av den.

Torbjørn Egner + egyptiske foreldretips = sant

Men ei så eindimensjonal forståing verkar lite truverdig i dagens globale samfunn, meiner Bergset.

Blant informantane hennar på Vestlandet finst det til dømes ei kvinne frå kurdisk Irak som er nær venn med naboar frå Palestina, har studert i Bagdad, budd åtte år i eksil i fire forskjellige naboland, og tek til seg råd om barneoppdraging ved å lytte til psykologar på ein egyptisk tv-kanal.

I slike tilfelle kan vi snakke om ei global kontaktsone med impulsar frå mange forskjellige hald samstundes.

Bildet av Vesten og Resten som to verdimessig skilte univers, blir såleis direkte feil: Digitale kommunikasjonsmåtar og kompliserte migrasjonsmønster tilseier at kultur og geografi langt ifrå følgjer kvarandre slik som før.

Mora frå kurdisk Irak fortel til dømes korleis ho ein kveld – inspirert av det egyptiske tv-programmet ho likar å lytte til på iPaden medan ho lagar middag – nytta leik og tøys som metode for å overtyde barnet sitt om å pusse tennene sine. I kombinasjon med ein dash norsk barnekultur:

– Mor mi heime i Irak var fjern og alvorleg og tøysa aldri. Men dei arabiske psykologane på tv snakka om at du kan tulle med barna, og på denne mjuke måten kan du få dei til å gjere det dei skal. Så eg pussa tennene sjølv, spytta ut, og sa: Sjå! Sjå! Ser du Karius og Baktus der nede i vasken? Der er dei!

Ein utruleg strevsam prosess

Då Bergset forkasta tanken om akkulturasjon som ein måte å forstå prosessane desse foreldra gjekk igjennom, var ho nøydd til å finne eit anna omgrep.

Ho enda med å nytte eitt henta frå teoretikaren Bakhtin: verdiforming. Ordet skildrar ein prosess der fleire stemmer blandar seg med kvarandre – og det endar ikkje nødvendigvis med harmoni.

Verdiforming – når verder krasjar

Den russiske språkfilosofen og litteraturteoretikeren Mikhail Bakhtin beskriv ein prosess som vi på norsk kallar verdiforming. Dette er ein prosess der mennesket selektivt tileignar seg andre sine «ord» som representerer verdiar, meining, praksisar og liknande.

– Verdiforming er eit godt ord for å skildre kva som skjer når vi møter noko framandt. Det utløyser komplekse prosessar, der gamle og nye impulsar vev seg inn i kvarandre.

– Dei krasjar, smeltar saman, kranglar og forhandlar med kvarandre, nokre blir avviste, nye hybridar blir skapt, og alt dette skjer i ein evigvarande prosess, seier Bergset.

Noko som har gjort djupt inntrykk på Bergset, er kor strevsam denne prosessen er for flyktningforeldre.

Dette går klart fram i eksempelet der ein far fekk høyre frå barna at dei blei urettferdig behandla av læraren. Når det oppstod konflikt med etnisk norske elevar i klassen, meinte dei at læraren ikkje løfta ein finger for å hjelpe dei, men automatisk tok dei norske barna si side.

Læraren gjorde ikkje noko meir enn å snakke med elevane som plaga dei – så gjekk han igjen: ingen harde ord, ingen slag, ingenting dei oppfatta som ein ordentleg reaksjon.

Faren ville hamle opp med problemet på vegne av barna sine. Då fekk han vite at læraren faktisk hadde reagert – men det tok lang tid og mykje jobb for han å forstå at dette var ein reaksjon:

– Eg måtte spørje flyktningkonsulenten – måtte snakke med rektoren og læraren. Forklaringa, eg hadde fått forklaringa. Men forståing? Nei, eg hadde ikkje forstått det! Eg må innrømme det og seie det rett ut. Nei eg hadde ikkje forstått det, rett og slett, der og då.

Ein annan måte å vise autoritet på

Prosessen med å forsøke å forstå dette, heldt fram i lange tider for denne mannen.

Han observerte sine eigne måtar å irettesette barna sine på – og korleis han ofte krangla mykje med dei i løpet av dagen for å få dei til å gjere som han ville, noko som han oppfatta som ein lite effektiv metode.

Han samanlikna seg med andre foreldre han såg kring seg i kvardagen – korleis dei kunne takle konfliktsituasjonar med barn utan bruk av kjeft:

– Eg har sett det på skulen. Sett det dagleg på butikkar. Når borna skrik og vil ha godteri, og mora berre går. «I dag er det onsdag, vi skal ikkje kjøpe det». Og ho treåringen skrik og skrik midt i butikken (...) Det er ein ting som eg har sett, som eg har observert. Så å lære det er ikkje ein ting som skjer på ein dag eller to dagar. Det er ein prosess, seier faren.

Etter kvart prøver han seg fram med dei nye metodane – å snakke roleg til barna, utan å heve røysta. Det krev trening. Det har teke han fleire år, men no ser han at han kan be eit av barna sine å legge seg klokka ti, utan formaningar, og så skjer det faktisk.

– På eit eller anna nivå kan vi alle kjenne oss igjen i denne faren! Å vere forelder er inga rett fram oppgåve – du må stadig undersøke eigne metodar, samanlikne med andre metodar, prøve ut kva som er best, seier Bergset.

Prosessen blir berre så mykje tydelegare for foreldre i eksil, som finne ut av mors- og farsrolla i ein framand kontekst. Ho trur vi alle kan lære noko av dei.

– Verdiforming er eit mykje betre ord enn integrering eller akkulturasjon – ikkje minst fordi det er ein prosess som går begge vegar. Det handlar om dialog, om å møte kvarandre og bryne seg på idear som er annleis. Slik kan våre eigne idear om barneoppdraging også bli betre, meiner Kari Bergset.

Referanse:

Kari Bergset: Foreldreskap i eksil: Ein sosiokulturell studie av forteljingar om foreldrepraksisar i kulturelt komplekse kontaktsoner. Doktorgradsavhandling, OsloMet - Storbyuniversitetet, 2019.

Powered by Labrador CMS