I gamle dagar batt dei fast ei ski til slaktegrisen så han ikkje skullle stikke av. Nordmøringar, romsdalingar og sørtrønderar var griseplagarar! (Illustrasjon: Annica Thomsson)
Gris med ski på beina
Står norske griser på ski? Ja, det har hendt. Svaret ligg i ordet purkeski. Du finn det forklart i det niande bandet av Norsk Ordbok 2014. Saman med skikringle og hundre andre ord på ski.
MariKildahlfrilansjournalist
Universitetet iOslo
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ski er både det mest norske og det mest internasjonale ordet vi har i norsk språk.
– Det er eit ord vi har eksportert til heile verda. Men det er også eitt av dei aller eldste orda vi har, seier Olaf Almenningen.
Han er redaktør for nøkkelordet ski i det niande bandet av Norsk Ordbok 2014 som lanserast i dag. Almenningen synest det er spesielt gjævt å kunne presentere så mange nye funn av ordet nettopp no, i samband med Ski-VM i Oslo.
2011 er jo dessutan eit Nansen-år, påpeikar redaktøren. Og kva kan han seie om polfarar Fridtjof Nansens eigne ski-ord?
– Eg veit han brukte ordet skiløbning om aktiviteten generelt, og at han dessutan kjende til låm, altså løype eller far, eit ord frå Telemark sjølvsagt.
Det sjølvsagde ligg i at fylket hyser skisportens vogge Morgedal. Derfor er det ikkje underleg at svært mange av ski-orda stammar nettopp frå telemarkstraktene. Som skihekt, eitt av dei i alt 25 regionale variantane av ordet skiløype.
Skihekt er det same som å krysse sitt eige spor i ei lykkje. Skimeidd, skimeit og skirenne er tre andre ord for skiløype, som alle er funne i Telemark.
Men det var ikkje telemarkingane som sette ski på grisen. Det var det nordmøringar, romsdalingar og sørtrønderar som gjorde.
Griseplaging på Nordmøre
Om ordet purkeski står det i ordboka: «somme sette ”ski” på grisen, så han ikkje skulle springe for langt. Det blei då sett ein klave eller eit vidjeband over nakken eller mellom fram- og bakfot på grisen.»
– Det er vel tenkjeleg at purkeskia ikkje var så lang som vanlege ski, om ho skulle passe rundt halsen eller føtene på grisen, seier Almenningen.
Ikkje alle ord som er funne og registrerte, får vere med i ordboksverket. Av dei 100 orda på ski som er funne verdige, er heile 16 av dei variantar av ordet skitupp.
Det synest Almenningen vitnar om ein rik fantasi. Skinase seier hemsedølene. Skinebb seier dei i Berlevåg. Skihals skriv Ivar Aasen. Og folk i Åmli? Dei har ski med skikran!
Askeski på Voss
Ein stad står også askeski nemnt.
– I slekt med askesky?
Annonse
– Nei, der må Almenningen skuffe.
– Askeski er ski laga av ask. Men eg kjende til ein av dei som laga slike ski, Brynjulv A. Dolve frå Voss. Han hadde ein liten skifabrikk der då eg var gutunge. Han prøvde med både bjørk og furu. Men han likte aller best ask, han Dolve. Han sa at asken var lettast å bøye.
”Dolveskias venner” på Voss har teke vare på soga om denne gamle skikulturen, fortel den skiglade språkforskaren.
Almenningen er gledeleg overraska over kor mange ordvariantar som finst under temaet ski. Med band 9 er heile det norske fastlandet kome med. Berre Svalbard manglar.
For skibinding har ordboka ti variantar. Skilabb er Almenningens favoritt. Og skikringle er eitt av sju ord for skistav med trinse.
Og i Trøndelag er det vanleg å skyte bjørn
Vårt moderne ord ski kjem av det norrøne nøytrumsordet skíð, som tyder tilhogd vedstykke. Seinare har hokjønnsordet skida, som tyder vedskie, påverka bøyinga i moderne norsk.
– Skia vi går på i dag har truleg ei mest like lang historie bak seg som det har budd folk i det lange, hengslete landet vårt, seier Almenningen og minnest langskia og andoren, eller ondra, som hang på veggen hos bestefar hans.
Det var truleg den korte og den lange skia det starta med. Det kan Arnold Dalen, pensjonert språkforskar frå Trøndelag, fortelje mykje om. Han har samla inn trønderske ski-ord i ei årrekkje.
– Andoren var den korte skia som dei brukte til å sparke frå med. Den var skinnkledd, seier han og fortel at dørja er eit typisk trønderord for skiløype. Trønderane har eit særdeles rikt ski-vokabular, stadfester Almenningen.
– Å skyte bjørn, er ein vanleg talemåte i Trøndelag, seier språkforskar Tor Erik Jenstad.
– Og det tyder?
Annonse
– Å dette på ski. Meir sjeldan bruker ein også å slå bjønn, støyp bjønn og stell te en bjønn. Det blir også brukt som verb: å bjørne.
Talemåten siktar sjølvsagt til gropa som blir igjen i laussnøen når du ramlar på ski. Ein trønder jamfører den med gropa etter ein bjørn!
Norsk Ordbok 2014 er ei akademisk ordbok som dekkjer alle norske målføre og det nynorske skriftspråket. Verket på i alt 12 band og om lag 300 000 oppslagsord skal vere ferdig i 2014, til 200-årsjubileet for den norske grunnlova.
Arbeidet starta i 1930-åra. Hundrevis av frivillige sende då inn ord på små lappar. Dette er blitt til eit arkiv på 3,2 millionar ord, og er sjølve hovudkjelda for ordboka.
I tillegg blir det stadig samla inn nye ord frå heile landet. Berre det siste året har det nynorske tekstmaterialet vakse frå om lag 40 til 86 millionar ord, henta frå nynorsk skjønnlitteratur og aviser.
Band 9 som no blir lansert, inneheld 27 629 redigerte oppslagsord. Det tek til med ordet ramost og sluttar med verbet skodda. Så mange ord byrjar på S, at bokstaven kjem til å halde fram både i band 10 og 11.
Med band 9 er heile Noreg dekt, sidan også dei tre nordlegaste fylka no er komne betre med. Dei tre mest siterte skjønnlitterære forfattarane i band 9 er Olav Duun, Kristoffer Uppdal og Kjartan Fløgstad.
Norsk ordbok 2014 er eit prosjekt ved Universitetet i Oslo.