Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Gamle opptak er verdifullt materiale for språkforskarar.
Gamle opptak er verdifullt materiale for språkforskarar.

Gamle lydopptak er språkgåver for ettertida

Ord døyr. Språk døyr. Bestemødrer døyr. Men no har tusenvis av gamle ord og uttrykk blitt sikra for ettertida.

Publisert

– Det er ingen tvil om at dialektene mistar meir og meir av særpreget sitt. Spesielle ord, eller uttale, formverk og setningsbygging, blir bytt ut med det som er felles for fleire, seier Janne Bondi Johannessen, professor i lingvistikk ved Senter for flerspråklighet, Universitetet i Oslo.

Johannessen er tilsett ved Tekstlaboratoriet, som utviklar teknologiske løysingar for tekst og tale til forskarar og studentar. Dei siste fem åra har ho leia prosjektet Language Infrastructure Made Accessible (LIA-prosjektet), som har digitalisert og transkribert hundretusenvis av gamle lydopptak.

Opptaka er av både samisk språk, norske dialekter og norsk-amerikansk.

– Språk er kulturarv

Resultatet er tre databasar som kan brukast i forsking og skulesamanheng nasjonalt og globalt. Totalt har databasane 3,5 millionar norske ord, 700 000 norsk-amerikanske og 170 000 samiske. Brukarar kan søkje med ord og grammatiske termar og få treff med lyd og video.

Dei fleste opptaka i databasane er samla inn av språkforskarar. Dei norsk-amerikanske går attende til 1931, medan dialektopptaka er frå 1937 og seinare. Dei første samiske opptaka er frå 1960-talet.

– På desse gamle opptaka er det både uttalar, ord og bøyingar som ikkje finst lenger. Slike opptak er like mykje kulturarv som gamle spydspissar og vikingskip, meiner Johannessen.

«Timrekjøyring» i Ål

Her fortel til dømes ein mann i Ål, som var 90 år i 1979, om arbeidet sitt med å køyre tømmer:

– Vi høyrer at mannen seier «te kjøyra, med «te» som infinitivsmerke, medan folk i Ål i dag oftast brukar «å», så her har det skjedd ei grammatisk endring, forklarer Johannessen.

Han snakkar også om «timrekjøyring» (tømmerkøyring), noko som ifølgje Johannessen framleis blir sagt.

Tømmerkjøyring med hest.
Tømmerkjøyring med hest.

– Fleire setningar blir dessutan avslutta med «serru» (ser du). Det er noko som folk gjer mange plassar i landet, og eg veit dei seier det i Ål også i dag.

Strikking i Hasvik

Strikkemaskina hadde rusta bort under krigen. Då begynte den gamle kvinna med handstrikking. Ho strikka og strikka, særleg før jul.

På eit opptak frå 1979 fortel kvinna frå Hasvik i Finnmark, som var fødd i 1893, at barnebarna og oldebarna ikkje vart særleg overraska på julaftan. For dei visste kva dei fekk:

Kvinna i Hasvik forsynte altså etterkomarane sine med lestar og selbuvottar. Men det var ikkje berre dei ho gav gåver til. Då ho gav forskarar løyve til å ta opp samtalen med henne i 1979, gav ho også ei gåve til ettertida.

Fann ikkje det dei ønska i USA

Dei eldste amerikansk-norske opptaka vart samla inn av to norske forskarar som reiste til USA for å finne uforfalska norske dialekter, altså dialekter som ikkje hadde utvikla seg i eit moderne samfunn. Men då dei kom fram, vart dei skuffa.

– I USA hadde folk med ulike norske dialekter budd i lag, og dette hadde påverka språket. Språket hadde også massevis av engelske lånord, fortel Johannessen.

Forskarane gjorde mange opptak, men inga forsking etterpå. I tillegg gjorde dei ein feil: Opptaka vart gjort på voksrullar som skulle ha vore herda. Men det var dei ikkje.

– Dessverre er lyden mykje dårlegare enn han elles ville vore. Men vi har likevel klart å ta ut noko av lyden og fått transkribert ein del av materialet.

Lutefisk i Wisconsin

Frå 2010 og utover reiste Johannessen og kollegaene hennar fleire turar over Atlanterhavet. Dei intervjua mellom anna ei kvinne og ein mann i åttiåra, i Westby, Wisconsin. Begge hadde røter i Gudbrandsdalen: Besteforeldra til kvinna kom til Amerika på 1860-talet. Besteforeldra til mannen kom nokre år seinare.

På opptaket snakkar mannen og kvinna om lutefisk-koking. Mannen har blitt ein ekspert som kokar fisk for kyrkja:

– Vi ser mange interessante språklege drag her. Mannen seier «Minneapolis» med trykket på fyrste staving, som folk på austkanten av Oslo ville seie «bannanskall». Dei brukar preposisjonen «ti» for å forklare at fisken blir lagt oppi vatnet.

Kvinna seier også «Hå e skal seia?» («Kva eg skal seia?»). Dette er ein vanleg måte å forme spørsmål på i Gudbrandsdalen, med verbet på tredje plass i setninga.

Få samiske opptak

Databasen inneheld færrast samiske opptak. Fleire av dei som finst, er frå sameradioen. Nils Jernsletten, som var professor i samisk ved UiT – Norges arktiske universitet, gjorde også opptak. Johannessen fortel at forskargruppa har hatt tilgang på fleire samiske opptak enn dei har klart å få digitalisert og transkribert.

– Vi har rett og slett hatt problem med å finne nok personar til å jobbe med prosjektet, forklarer ho.

Samane er ei lita folkegruppe, så det er ikkje så mange å ta av. Fleire har dessutan gått på norsk skule. Sidan samisk også har hatt fleire rettskrivingsreformer, er det nokre som ikkje er komfortable med dagens norm, ifølgje Johannessen.

– Det er sjølvsagt ein god del som hadde eigna seg særs godt. Vi har vore heldige og hatt fleire av dei som transkribørar, men vi hadde trengt fleire. Vi kjem til å halde fram med samisk transkripsjon dersom vi får finansiering og folk.

I det samiske opptaket under fortel ein eldre mann frå Nesseby om fuglesuppa dei ofte åt. Dei åt grågjæser, fiskeender og ærfugl.

– Gamle opptak kan slik også fortelje om ei røynd som ikkje finst lenger. Her handlar det om mattradisjonar. I dag et vel folk stort sett berre kylling og ei og anna rype, seier Johannessen.

Sluttseminar i november

LIA-prosjektet har vore eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, UiT – Norges arktiske universitet i Tromsø, NTNU og Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket. Prosjektet vart støtta av Forskingsrådet med over 27 millionar kroner og har hatt transkribørar på alle fire universiteta.

26. og 27. november 2019 hadde forskarane eit sluttseminar i Trondheim med smakebitar frå forsking der databasane har blitt brukte. Dei har nemleg vore i bruk ei stund, sjølv om dei først no er gjorde heilt ferdig.

Janne Bondi Johannessen er glad for at ho og kollegaene har klart å samle og digitalisere opptaka i tide. Språk endrar seg raskt, og banda opptaka var lagra på, ville ikkje ha halde særleg lenge.

– Vi er svært fornøgde med at Forskingsrådet gav oss den nødvendige støtta, slik at vi får ta vare på desse kulturminna. Dei har stor verdi, både for forskarar og andre, seier ho.

Om forskningsprosjektet

LIA (Language Infrastructure made Accessible) er eit femårig nasjonalt samarbeidsprosjekt (2014 - 2019) mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket.

Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale.