Annonse

Ungdom møter fortid og framtid

Har du ein oldefar i USA? Eller foreldre frå Vietnam? Kvifor ikkje forske på dei?I 2008-prosjektet Ungdom og Migrasjon skal ungdom forske på eigne røter forå forstå kvarandre betre.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta om migrasjon

- Talet på menneske som flytter frå heimlandet aukar stadig. I 2005 budde 191 millionar menneske utanfor sitt eige heimland. Litt over 10 millionar av desse var flyktningar.

- Kvinner utgjer halvparten av alle som drar frå heimlandet.

- Dei fleste av dei som utvandrar, gjer det av økonomiske grunnar. Fram til 2050 vil 98 millionar menneske utvandre til den rike del av verda.

- FN har utropt 18. desember til verdas Migrasjonsdag.

Kilde: UNFPA, the United

Nations Population Fund

I tillegg til å finne fram til si eiga historie, skal ungdommane utveksle kunnskap og uttrykke kjensler kring tema som kjærleik, død, religion og gjestfridom.

Prosjektet har som mål å gjere noko med framandfrykt og intoleranse.

Hans Storhaug, prosjektleiar og dagleg leiar ved Det norske utvandrarsenteret i Stavanger, håper prosjektet vil gjere det mogleg for ungdom å sjå ein samanheng mellom utvandringa på 1800- og 1900-talet og innvandring i dag.

- Migrasjon har vore vanleg til alle tider. Det er berre å sjå på vår eiga historie, seier Storhaug, og peiker på eit gammalt bilete av ein Amerikabåt til kai i Stavanger.

Omfattande prosjekt

Ungdom og migrasjon er eit av hovudprosjekta i Stavanger2008, og har den engelske tittelen Youth and Migration.

Stavanger er valgt ut som europeisk kulturhovedstad for 2008, og fokuserer på en visjon om at regionen og menneskene i den skal bli enda mer åpne og inkluderende i forhold til hverandre, kunst, ideer og muligheter.

Ungdom og migrasjon har fleire delprosjekt og det er mange partar med. I tillegg til Utvandrarsenteret og Universitetet i Stavanger deltek Sandnes vidaregåande skule, Sola vidaregåande skule, Rogaland kunstsenter og Tysvær kommune i prosjektutviklinga.

 

Ungdom og Migrasjon sitt første delprosjekt, det digitale læringsverktøyet, bruker verdshistoria som kulisse for forsking på eiga slekt.

Læringsverktøyet er blitt til i samarbeid med Nettbasert Opplæringsplattform (NettOp) ved UiS og to lærarar ved Sandnes vidaregåande skule.

Programmet skal driftas frå Stavanger via Internett og er først og fremst laga for elevar og lærarar på vidaregåande trinn. Verktøyet er på engelsk.

Skal skape diskusjon

- Når elevane har vore gjennom læringsprogrammet, får dei opp ein slags konklusjon over kor tolerante dei er. Vi håper læringsprogrammet vil skape diskusjon og debatt blant elevane, seier lærar Svein Westlye, som gler seg til å bruke programmet.

- Fordi det er eit nettbasert program, er moglegheitene uendelege. Programmet kan brukast ulikt frå land til land og frå skule til skule, seier Atle Løkken ved UiS.

- Vi vil først lansere programmet i Europa og delar av USA, men etter kvart håper vi å få heile verda med, konstaterer han.

Løkken håper og trur verktøyet kan bli ein god database for framtidig forsking, både på ungdommars haldningar til migrasjon og effekten av det pedagogiske læringsverktøyet.

Aktuelt tema

I følgje Hans Storhaug er det liten tvil om at prosjektet Ungdom og Migrasjon både er eit viktig og aktuelt prosjekt, som passar godt saman med tankar i tida.

- Migrasjon er eit prioritert område både i norsk og internasjonal samanheng. Både EU, FN og Utdanningsdirektoratet har migrasjon på sin timeplan. 2008 er dessutan utropt til det store mangfaldsåret i Noreg, fortel han.

Dei to lærarane ved Sandnes vidaregåande skule som er med i prosjektet, er einige med Storhaug i at migrasjon er eit dagsaktuelt tema, og at ungdom er ei viktig målgruppe.

- Migrasjon og framandfrykt er ei av dei viktigaste utfordringane i vår tid. Vi treng meir kunnskap og kulturforståing både i skulen og i samfunnet elles, meiner Svein Westlye.

- Målet med prosjektet er å få ungdom til å tenkje seg om. Det håper vi og trur vi at vi skal klare, konkluderer Storhaug.

Powered by Labrador CMS