Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ein arbeidmetode på sjukehus er å gje farmasøyten ansvar for systematisk legemiddelbehandling.

Helsepersonell kan redda fleire liv om farmasøyten er med på laget

Dødsfall etter utskriving kan reduserast med ein tredjedel.

Kliniske farmasøytar deltek i arbeid med pasientar på ein institusjon, fyrst og fremst sjukehus. Dei samarbeider med sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell om legemiddelbehandlinga.

– Kliniske farmasøytar brukar ein arbeidsmetode som heiter IMM, etter Integrated Medicines Management på engelsk, fortel Marianne Lea, postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

Ikkje forska på før

I IMM-metoden er det tverrfaglege arbeidet omkring medisinar leia av ein farmasøyt, forklarar Lea.

Arbeidet skjer systematisk i tre fasar:

  1. Ved innlegging gjer ein det som vert kalla ei legemiddelsamstemming. Då kartlegg ein kva medisinar pasienten faktisk har brukt før innlegging. Det er nemleg ikkje alltid dette stemmer overeins med kva medisinar pasienten har fått føreskrive på sjukehuset.
  2. Under sjukehusopphaldet vert det gjort fortløpande legemiddelgjennomgangar, der medisinar vert lagt til eller fjerna etter kvart som tilstanden til pasienten utviklar seg og legemiddelbehandlinga blir skreddarsydd til den enkelte pasienten.
  3. Når pasienten vert utskriven, planlegg ein legemiddelbruken framover. Den vert formidla munnleg og skriftleg til pasienten, eller den som har ansvar for pasienten si medisinering, til dømes ein sjukeheim.

Lea kjenner ikkje til at nokon tidlegare har forska på det viktigaste med å bruka denne metoden i Noreg, nemlig kva utbytet vil vera for pasienten. Før no.

Marianne Lea (t.v.) saman med Kristin Hestad, sjukepleiar og seksjonsleiar, ved oppstarten av prosjektet.

Ekskludert frå legemiddelstudier

Lea er ikkje berre tilsett ved UiO, ho arbeider òg i Sykehusapotekene HF. Og det var Sykehusapotekene som tok initiativet til undersøkinga som Lea no legg fram funna frå. Oslo universitetssjukehus og Diakonhjemmet sjukehus deltok òg i samarbeidet.

Dei undersøkte innlagde pasientar på Indremedisinsk sengepost ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.

– Alle var innlagde akutt og over 18 år. Dei var òg multisjuke, som inneber at dei har minst to ulike sjukdommar. For desse sjukdommane måtte dei bruka minst fire ulike medisinar, fortel Lea.

Lea nemner årsaker til at dei valde å berre sjå på multisjuke:

  • Samfunnet får stadig fleire av desse pasientane, fordi folk lever lenger og har fleire moglegheiter for behandling.
  • Multisjuke pasientar blir gjerne ekskludert frå kliniske legemiddelstudiar, slik at det er mindre kunnskap om effekt og biverknader av legemiddel hjå desse pasientane.
  • Jo fleire legemiddel pasienten brukar, jo fleire moglegheiter for feil legemiddelbruk. Dermed vil denne gruppa etter alt å døma òg vera blant dei som har mest utbyte av IMM.

Ikkje stort nok utval

Resultata var oppmuntrande for IMM. Etter utskriving var det 34 prosent færre dødsfall blant pasientane som fekk IMM samanlikna med kontrollgruppa.

– Vi samanlikna òg kor lang tid det tok før neste eventuelle innlegging. Mediantida for IMM-pasientane var 184 dagar, medan det var 116 dagar for kontrollgruppa. Det kan jo tyda på ein positiv effekt her òg, men utvalet vårt var ikkje stort nok til at vi kan rekna dette som eit vitskapleg funn, understrekar Lea.

Multisjuke pasientar, pasientar som har fleire sjukdommar, kan ha bruk for mange medisinar.

Det avgjerande ordet

Ho er nøye med å få fram at ho ikkje meiner dette skuldast farmasøyten åleine, men at farmasøyten med sin kompetanse kjem som eit tilskot til det tverrfaglege teamarbeidet som alt skjer på eit sjukehus.

– Men vi kjenner jo til at kvardagen på eit sjukehus ofte er travel, og både legar og sjukepleiarar har mange oppgåver knytte til kvar pasient. Farmasøyten kan derimot tillata seg eit snevrare fokus på berre medisinane, seier Lea.

– Men det er jo legen som til sjuande og sist har det avgjerande ordet, legg ho til.

Ekstra meiningsfullt

Forskarar i farmasi generelt arbeider jo med å gjera livet betre for folk, men som regel skjer det langt fram i tid, med folk som vert ganske abstrakte. Men Lea har sjølv vore blant farmasøytane i denne studien og ser dermed målbare resultat av sitt eige arbeid. Korleis har ho opplevd det?

– Arbeidet vert ekstra meiningsfullt når vi kan dokumentera umedelbar og konkret effekt på folk som eg har snakka med, kjenner namnet på og har teke i handa. Ja, det er fint, seier Marianne Lea.

Om nokon skulle bekymra seg for haldbarheita til funna i studien fordi Lea sjølv har arbeidd med pasientane, treng dei ikkje uroa seg:

– Tala på reinnleggingar og død er henta frå nasjonale register. Utrekninga av resultata vart utførd av personar som verken deltok i datainnsamlinga eller visste kva gruppe pasientane høyrde til i. Funna står støtt, seier ho.

Referanse:

Marianne Lea mfl.: Effect of medicines management versus standard care on readmissions in multimorbid patients: a randomised controlled trial. British Medicine Journal Open, 2020. DOI: 10.1136/bmjopen-2020-041558

Powered by Labrador CMS