Saken er produsert og finansiert av NTNU - Les mer

Stigmatisert av slankeoperasjonar

Fleire sjukleg overvektige opplever å bli endå meir stigmatisert etter å ha gjennomført slankeoperasjonar.
11.10 2013 05:00


Mange overvektige opplever stigma og skam som ein del av kvardagen. Også etter å ha gjennomført slankeoperasjon.

Overvektige menneskjer vert ofte konfrontert med stereotypiske karakteristikkar som at dei er stygge, dumme, late, slurvete og kjenslemessig svakare enn «normale» menneskjer.

Mange endar opp med å måtte stå overfor det vanskelege valet: Skal eg prøve hardt å endre livsstilen min, eller nytte kirurgiske hjelpemiddel?

– Det er knytt ulik status kring det å slanke seg på tradisjonelt vis kontra det å få ein operasjon betalt av det offentlege, seier doktorgradsstipendiat Ingeborg Grønning ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU.

Ho har intervjua 22 personar som enten har gjennomgått operasjon eller kurs i livsstilsendring ved Røros rehabilitering eller Ebeltoft kurcenter.

Kirurgi er eit drastisk skritt og dei fleste av deltakarane i studia vurderte det som aller siste utveg. Dei fleste av dei som valte livsstilsendring var skeptiske til kirurgi.

– Pasientane som klarte å slanke seg vanleg via Røros-opplegget, opplevde høgare status enn dei som tok operasjon, seier Grønning.

Ein deltakar som nyleg hadde gjennomført operasjon, gjekk rundt og fortalte det gode nyhendet til vener og familie, og var stolt av å gå ned mykje i vekt som resultat av operasjonen.

– Det tok brått slutt då personen merka at enkelte vart negative då dei høyrte årsaka til vekttapet: Personen fekk lite støtte, og fekk høyre at det burde gå an å slanke seg utan å ty til operasjon som kostar staten mykje pengar, seier Grønning.

Skam

Nokre av deltakarane opplevde å bli behandla annleis etter operasjonen. Folk vart meir hyggjelege og blide overfor personen.

Likevel var det også andre deltakarar som opplevde det heilt motsette – at folk ikkje forstod valet av operasjon.

– Ein av deltakarane valte berre å fortelje dei nærmaste om operasjonen. Det var fleire som ikkje visste det, og trudde at personen hadde fått kreft og at dette var grunnen til det store vekttapet.

– Denne personen let dei heller tru det, enn å fortelje om operasjonen for å unngå å oppleve stigma og skam, fortel Grønning.

Grønning og hennar rettleiar, professor Aksel Tjora, peiker på det er lite tilbod før ein ender opp med å bli så stor at operasjon er einaste utveg.

– Om ein ser dette i eit større perspektiv så handlar det om det store problemet i samfunnet, at ein er overlaten til sjølvdisiplin inntil ein er så ute å køyre at ein får eit hjelpeapparat som aksepterer deg slik at du får hjelp, seier Tjora.

Han understrekar at sjølv om slankeoperasjonar kan vere eit godt tilbod for mange, så oppstår det mykje skuld og skam av dette.

Statsfinansiert stigma

Overvektige vert stigmatisert før ein får tilgang til tenester, som igjen fører til at ein vert endå meir stigmatisert om ein fortel andre at ein har fått tilgang til denne tenesta. For å dempe det følte stigmaet, unnlèt nokre å fortelje andre om operasjonen, forklarar Tjora.

– Ein genererer difor ein form for «statsfinansiert stigma», på det høgaste politiske nivået, ved å snakke om overvekt som eit samfunnsproblem.

– I tillegg til å initiere personretta tiltak for dei mest overvektige, må ein heller bruke ressursar for å skape gode vilkår for ein positiv livsstil i folk sitt kvardagsliv, seier han.

Personar med sjukleg overvekt, det vil seie ein BMI på 40, eller på 35 og med ein eller fleire sjukdomar knytt til overvekta, har rett på behandling støtta av det offentlege.

Dette fører til eit anna stigma dei overvektige kan møte på.

– Stigmaet går på at ein får tilgang til eit gode andre må betale for, noko som gjer at dei kanskje ikkje ynskjer å dele med andre at dei har teke operasjon, fordi det berre påfører dei endå eit lag med stigma oppå dei andre laga, seier Tjora.

Referanse:

Grønning: From fatness to badness: The modern morality of obesity, Health, May 2013 vol. 17 no. 3, doi: 10.1177/1363459312447254.

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Fedmeoperasjonar

Ein kan oppleve birverknadar, komlikasjonar og postoperative plagar etter fedmeoperasjon som vitamin og mineralmangel, blødingar, lekkasjar og infeksjonar, tarmslyng, dumpingsyndrom, luftsmerter, diaré og lavt blodsukker - og ein kan i verste fall døy.

Totalt 3000 menneskje tek slankeoperasjon i Noreg kvart år.

I 2004 påla Helsedepartementet dei regionale helseføretaka å etablere behandlingstilbod for pasientar med sjukeleg overvekt.

Etter 2004 har det vore kraftig auke i talet fedmeoperasjonar. Over 90 prosent av operasjonstilfella er gastrisk bypass, og rundt 10 prosent er gastrisk sleeve.

(Kjelder: Tidsskrift for den Norske legeforening/ Verdens helseorganisasjon/ pProfessor og leder for Senter for sykelig overvekt i Helse Sør-Øst, Jøran Hjelmesæth)

Annonse

Annonse