Tid for verdsetting og prioriteringar i helsesektoren?
Noreg er no det landet med tredje største helseutgifter blant industriland i følgje tal frå OECD. Det er tema for Helseøkonomikonferansen 2004.
Noreg er no det landet med tredje største helseutgifter blant industriland i følgje tal frå OECD. Behovet for helseøkonomiske evalueringar av helsetenestene aukar i takt med investeringane, og det er kanskje no på tide å ta opp debatten om bruk av verdsetting og prioriteringar i helsesektoren?
Eit auka forbruk og stigande kostnader for å produsere helsetenester medfører at dei offentlege utgiftene til helsesektoren eskalerer. Samtidig etterlyser fleire ein debatt om prioriteringar i helsesektoren. Har pasientane krav på alle typar behandlingar eller er det no på plass å sette ei øvre grense for kostnad, og ei nedre for den faktiske helsegevinst med eit inngrep?
Dei vanskelege spørsmåla må sjåast i samanheng med korleis vi verdset menneskjers liv og helse. Finnes det gode metodar for å verdsette helseforbetringar som kan brukast for å prioritere mellom pasientgrupper og behandlingar? Og har pasientanes betalingsvillighet for behandling noko plass i ein slik prioriteringstankegang?
Fleire samfunnsøkonomar og medisinarar interesserer seg for dei problemstillingane som melder seg med verdisetting og prioriteringar, og dei vil ha innlegg på helseøkonomikonferansen 2004 som arrangeres i Hurdal utanfor Oslo, den 10. og 11. mai.
I dei seinaste åra er det satt ut i livet reformer for å betre kontrollen med vekst i helseutgiftene, og i dag ser vi verknadar av desse. På konferansens første dag er det innlegg om status for sjukehusreforma, utfordringar i å lage gode finansieringsordningar og utfordringane som den nye rettighetstenkninga stiller oss overfor.
Reformene i legemiddelmarkedet og apotekreforma vert belyst ved hjelp av innlegg og ein paneldebatt med innleiarar, myndighetar og organisasjonar.
Konferansen vert arrangert av Helseøkonomisk forskingsprogram ved Universitetet i Oslo (HERO) og Program for helseøkonomi i Bergen (HEB), som er basert i Rokkansenteret. Begge programma er i tilknyting til programmet i helseøkonomi i Noregs forskingsråd.
Konferansens formål er dels å presentere forsking som har interesse for beslutningstakarar i helsesektoren, samt å sette på dagsordenen aktuelle helseøkonomiske tema. Konferansens målgruppe er ledarar på alle nivå innan helsesektoren, politikarar, forskarar og andre interesserte i helseøkonomi.
Les meir…
Helseøkonomikonferansen 2004